Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bilde av forsiden

“Kjem du levande inn, kjem du levande ut” – men kva skjer så? Oppfølgingstilbodet etter ei alkoholforgifting

Rapport fra Helsetilsynet 2/2007
PDF

”Kommer du levende inn, kommer du levende ut” – men hva skjer så?

Artikkel fra Tilsynsmelding 2006
PDF

Rapporten summerer opp kunnskapsinnhentinga Helsetilsynet har gjennomført, om oppfølgingstilbodet til personar som kjem til legevakt eller sjukehus etter alkoholforgifting. Vi har gjort litteratursøk og kontakta forskarar og representantar frå administrativt og klinisk nivå innafor helsetenesta. Målet har vore å få ei framstilling som kunne indikere område der det er fare for svikt i oppfølgingstilbodet.

Resultata som Helsetilsynet har kome fram til, viser at det finst lite systematisk kunnskap og dokumentasjon om kven personar med alkoholforgiftingar er, kven som får helsehjelp, kvar dei blir behandla, og kva tilbod dei får om oppfølging. Tre grupper ser ut til å vere overrepresenterte blant personar som blir frakta til legevakt eller sjukehus med alkoholforgifting: 1) unge, ofte med psykiske helseplager, som ikkje har opparbeidd erfaring og kontroll, 2) tyngre rusmiddelmisbrukarar som lever marginalisert og kaotisk, og 3) vaksne med kronisk rusmiddelmisbruk som toler mindre enn før på grunn av ulike helseplager. Resultata våre viser at behandlingstilbodet manglar heilskap og er prega av tilfelle og variasjon. Det ser ut til å vere geografi ske forskjellar i oppfølgingstilbodet, i interne rutinar for oppfølging, og når det gjeld haldningar blant personell til alkohol- og rusproblem og kompetansen deira om behova for og tilboda om oppfølging.

Fagorgan og eigarar er ansvarlege for at tenestene har tilgang til kunnskap om faglege standardar og retningslinjer. Fleire spørsmål bør avklarast når det gjeld oppfølgingstilbodet etter ei alkoholforgifting. Dei regionale helseføretaka, helseføretaka og kommunane er ansvarlege for å tilby forsvarlege tenester. Dei regionale helseføretaka skal sikre tilstrekkeleg og heilskapleg behandlingstilbod, særleg akutt- og avrusingskapasitet, til rusmiddelmisbrukarar. Det blir også stilt krav til spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene om at dei skal samarbeide. Helsetilsynet føreset at ansvarlege aktørar på ulike nivå bruker kunnskapen som er presentert i rapporten, i arbeidet sitt med å leggje til rette for oppfølgingstilbod til personar etter ei alkoholforgifting.