Hopp til hovedinnhold

Ludvig Wilhelm Dahl (1826–1887)

Dahl var den første medisinaldirektøren i landet, frå embetet vart oppretta i 1875 til 1887. I heile karrieren arbeidde han mykje med tilhøva for sinnslidande. I hans tid låg embetet i departementet – eige direktorat kom først i 1891.

 

 

Michael HolmboeMichael Holmboe (1852–1918)

Holmboe var fødd i Troms. Han tok medisinsk embetseksamen i 1876, var fylkeslege i Sør-Trøndelag 1891–93 og medisinaldirektør 1894–1918. Han gjennomførte fleire reformer, og medverka mellom anna til den nye tuberkuloselova.

 

 

Harald Mathias GramHarald Mathias Gram (1875–1929)

Gram var fødd i Drammen og utdanna lege. Han var dosent i bakteriologi ved Universitetet i Oslo 1915–19, medisinaldirektør 1919–26 og stadsfysikus i Oslo 1926–29.

 

 

 

Karl Wilhelm WefringKarl Wilhelm Wefring (1867–1938)

Wefring var medisinaldirektør 1927–30. Wefring var «Overlege for statens sinnssykevesen» (stilling i Medisinaldirektoratet) frå 1919 til 1927, og direktør ved Rikshospitalet 1930–1937. Han var og forsvarsminister fire gonger, ordførar, stortingsrepresentant og president for Den norske legeforening.

 

 

 

Nils Petter Laberg HeitmanNils Peter Laberg Heitman (1874–1938)

Heitman var fødd i Bergen. Han tok medisinsk embetseksamen i 1900, var overlege for tuberkulosevesenet frå 1914 og medisinaldirektør frå 1930 til 38.

 

 

 

Bilde av Karl EvangKarl Evang (1902–1981)

Evang var fødd i Oslo og lege. Han var helsedirektør frå 1938 til 1972 og gjesteprofessor i sosialmedisin ved Universitetet i Tromsø 1972–73. Evang var ein pionér innan helseopplysning. Han var hovudredaktør av Populært tidsskrift for seksuell opplysning i 1930-åra (tidsskriftet kom ut i bokform i 1947 og 1951). Dessutan skreiv han ei lang rekkje bøker om helsepolitiske spørsmål, og publiserte fleire vitskapelege arbeid. Han skreiv mellom anna mykje om offentleg helsevesen, fødselsregulering, yrkessjukdommar og narkotika, og var redaktør av verk som Huslegen (1953, rev. utg. 1962), Norsk medisinsk ordbok (7. utg. 1968) og Helse og samfunn (1974). Evang var blant initiativtakarane til Verdens helseorganisasjon (WHO). Han var president for organisasjonen si 2. hovudforsamling i 1949, og i ein periode var han formann for organisasjonen sitt styre. I 1951 var han formann for ein komité oppnemnd av FN for organisering av helsearbeidet i Israel. Han var blant dei første som såg farane ved det gryande narkotikamisbruket i Noreg i byrjinga av 1960-åra, og gjekk sterkt inn for å motarbeide dette misbruket og for å organisere behandling av misbrukarane.

 

 

Bilde av Torbjørn MorkTorbjørn Mork (1928–1992)

Mork vaks opp i Odda, og tok medisinsk embetseksamen i Bergen i 1954. Deretter arbeidde han ved Aust-Agder sentralsykehus og ved Haukeland sykehus, før han vart assistentlege ved Gades institutt i 1958. Mork tok etterutdanning i medisinsk statistikk og epidemiologi i London 1958–60. Han var avdelingslege ved Kreftregisteret frå 1958 og frå 1966 assisterande overlege. Mork hadde mange offentlege verv. Han var viseformann i styret for Verdens helseorganisasjon frå1979 til 1982, og var medlem av narkotikakommisjonen til FN 1980–82. Han hadde ei høg stjerne i internasjonalt helsearbeid, og var ein viktig formidlar av medisinsk informasjon inn og ut av Noreg. Torbjørn Mork gjorde ein aktiv innsats for å betre svake grupper si stilling i samfunnet. Han arbeidde mellom anna for å auke rettstryggleiken til pasientane. Han var engasjert i etiske spørsmål, både innanfor forsking og i samband med prioritering av ressursar innanfor helsetenestene. Han var statssekretær i Sosialdepartementet frå 1971 til 72, og helsedirektør frå 1972 og fram til han døydde i 1992.

 

 

Bilde av Anne AlvikAnne Alvik (1937–)

Anne Alvik vart fødd 7. mai 1937 i Namsos. Ho tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo 1962. Etter turnustenesta var ho sjukehuslege i to år, og arbeidde etter det ei årrekkje i ulike legestillingar i primærhelsetenesta. Frå 1977 til 1982 var ho assisterande overlege i Helsedirektoratet, 1982–85 assisterande fylkeslege i Akershus. Ho har Master of Science i Community Medicine ved London School of Hygiene and Tropical Medicine 1980 og leiaropplæring («Solstrandkurset») ved Administrativt forskningsfond 1983–84. Alvik er spesialist i samfunnsmedisin 1985. Ho var medlem i kommunestyret i Ås og fylkestinget i Akershus for Det Nye Folkepartiet 1975–79, og gruppesekretær for partiet i Stortinget 1975-76. Vidare hadde ho sentrale tillitsverv i Den norske lægeforening 1981–85 og vart utnemnd til medisinalråd/assisterande helsedirektør i 1985. Alvik var helsedirektør 1992–2000 og har vore medlem i fleire offentlege råd og utval, m.a. Hovudkomitéen for norsk forsking, Grøholtutvalet om forskningsrådsstrukturen og områdestyret for Medisin og helse i Noregs forskingsråd. Ho har og vore leiar av aksjonskomitéen ved atomulykker 1986–92, samt delegat til Europarådets Public Health Committee 1988-92, delegat til Verdens helseorganisasjon (WHO) 1990–2000 og styremedlem i WHO 1997–2000.

 

 

Bilde av Lars HanssenLars E. Hanssen (1949-)

Lars Erik Folkvord Hanssen vaks opp i Stavanger og vart lege ved Universitetet i Oslo i 1973, der han og tok doktorgraden i 1980. Han er spesialist i indremedisin, endokrinologi og gastroenterologi. Han var professor ved Universitetet i Oslo 1989–94 og er professor II ved Universitetet i Bergen frå 2001. Han har forelese i ei rekkje land og vore tidsskriftredaktør. Hanssen kom til Statens helsetilsyn som ass. helsedirektør i 1994, og var helsedirektør frå 2001 til 2012. I hans tid fekk Helsetilsynet fleire nye tilsynsoppgåver: sosialtenesta, barnevern, helseforsking, forsvaret sine helsetenester ved utanlandsoperasjonar.

I 2012 vart Lars E. Hanssen direktør for sekretariatet i Vitenskapskomiteen for mattrygghet. Han har hatt ei rekkje styreverv, blant anna som styreleiar i Norges forskningsråd, områdestyre medisin og helse (1997–2001) og IARC, det internasjonale kreftforskingsinstituttet i Lyon (2006–2010).

Jan Fredrik Andresen (1960-)andresen jan fredrik

Andresen er utdanna lege ved Universitetet i Oslo og spesialist i psykiatri.

Han var direktør frå 2014 – 13. mai 2023 då han gjekk over til  stillinga som spesialrådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet med ansvar for å leie gjennomføringa av endringar i organiseringa av sentral helseforvaltning.

I direktørperioden hans fekk Helsetilsynet bl.a. ansvar for tilsyn med einslege mindreårige asylsøkjarer i mottak og tilsyn med IKT i helse- og omsorgstenestene.