Fylkesmannen har myndigheit i ei rekkje lover som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester der Helsedirektoratet og Barne- og likestillingsdepartementet er overordna myndigheit. Desse er ikkje med her.

Myndigheit i lov

Lovene står kronologisk med nyaste øverst.

Helse- og omsorgstenesteloven
§ 5-9 opplysningsplikt til tilsynsmyndigheita
§ 9-7 mottakar av kommunens avgjerd om tvang og makt mot person med psykisk utviklingshemming
§ 9-8 overprøve avgjerd om tvang og makt mot person med psykisk utviklingshemming
§ 9-9 gje dispensasjon frå krav til utdanning i tenester for personar med psykisk utviklingshemming
§ 9-11 klageinstans for kommunens avgjerd om tvang og makt mot person med psykisk utviklingshemming, førebur klage over fylkesmannen si overprøving av kommunen sitt vedtak for behandling i Fylkesnemnda
§ 12-1 bestemme at opplysningar skal vere undergitt teieplikt sjølv om foreldra gjev samtykke til at dei kan offentleggjerast
§ 12-3 føre tilsyn med etterlevinga av lova og stadleg tilsyn i visse høve

Folkehelseloven
§ 31 føre tilsyn med om kommunen og fylkeskommunen oppfyller pliktene dei har etter, eller i medhald av, §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 i folkehelseloven

Sosialtenesteloven
§ 9  føre tilsyn med at kommunen oppfyller sine plikter etter kapittel 4 og § 16 første ledd
§ 47 klageinstans for kommunen sine vedtak
§ 48 fylkesmannen sin kompetanse i klagesaker

Helseregisterloven
§ 31 tilsynsoppgåver, rett til å krevje opplysningar m.v.  

Helsepersonelloven
§ 17 behandle informasjon frå helsepersonell om forhold som kan medføre fare for tryggleiken til pasientar
§ 30 opplysningsplikt og plikt til å gje adgang til verksemda for fylkesmannen
§ 38 meldeplikt for helsepersonell med autorisasjon eller lisens til fylkesmannen for betydeleg personskade og hendingar som kunne ha ført til betydeleg personskade (ikkje trått i kraft)
§ 42 klageorgan for avslag på retting av journal
§ 43 klageorgan for avslag på sletting av journalopplysningar
§ 61 adressat for frivillig avkall på autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning
§ 63 adressat for frivillig avkall på retten til å rekvirere legemiddel i gruppe A og B

Pasient- og brukarrettsloven
§ 4-4 klageinstans for klager som gjeld barn
§ 7-2 klageorgan for saker om manglande oppfylling av rettar
§ 7-3 form og innhald på klagen
§ 7-4 behandle førespurnad om å vurdere mogleg pliktbrot
§ 7-4a saksbehandling ved førespurnad om å vurdere mogleg pliktbrot
§ 7-5 klagefrist

Psykisk helsevernloven
§ 5-6c klageorgan for vedtak om kva institusjon som skal ha behandlingsansvaret for den domfelte, og varsling til fornærma og etterlatne av enkeltpermisjonar, overføring mellom ulike tryggleiksnivå innan same institusjon og tidspunktet for når dom på tvunge psykisk helsevern opphøyrer
§ 6-1 kontrollkommisjonen sin rett til å ta saker opp med fylkesmannen

Spesialisthelsetenesteloven
§ 3-13 varsel til tilsynsmyndigheita om inntak utan samtykke i institusjon i samband med rusmisbruk, tilsvarande for gravide rusmisbrukarar, og tilbakehald i institusjon på grunnlag av eige samtykke
§ 6-2 opplysningsplikt til fylkesmannen

Smittevernloven
§ 2-2 heimel for å krevje opplysningar frå offentlege kjelder eller privat helseteneste utan hinder av lovbestemt teieplikt
§ 6-1 klageorgan for saker om nødvendig smittevernhjelp
§ 7-4 fylkesmannen sine oppgåver: ha særleg merksemd retta mot allmennfarlege smittsame sjukdommar, og halde Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet orientert om forholda i fylket

Barnevernloven
§ 2-3 føre tilsyn med barnevernverksemda i dei einskilde kommunane, rett til å krevje at kommunale organ, utan hinder av teieplikt, gjev dei opplysningane og meldingane som er nødvendige for tilsynsmyndigheita og gjev tilsynsmyndigheita tilgang til verksemda
§ 2-3b føre tilsyn med at kommunen på lovleg vis oppfyller sine plikter etter barnevernloven kap. 1 til 9, føre tilsyn med institusjonar og senter for foreldre og barn etter kapittel 5 og omsorgssenter for mindreårige etter kapittel 5A 
§ 5-4 avgjere usemje om innskriving i og utskriving av barneverninstitusjon
§ 5-7 føre tilsyn med at institusjonar som er omfatta av § 5-1, statlege senter for foreldre og barn og private og kommunale institusjonar og senter for foreldre og barn blir drivne i samsvar med denne loven og forskriftene til loven, gje pålegg om retting av uforsvarlege tilhøve eller nedlegging av drifta, kunne oppnemne tilsynsutval
§§ 6-5 og 6-6 klageinstans for alle einskildvedtak barneverntenesten i kommunen og statleg barnevernmyndigheit gjer.
§ 6-7 avgjere at opplysningar skal være undergjeve teieplikt, sjølv om foreldra har gjeve samtykke til at dei kan gjerast kjende
§ 6-9 gje kommunen mulkt for å oversitje frist for å undersøkje melding til barneverntenesten
§ 8-3 avgjere tvist mellom kommunar om opphaldskommunen si plikt til å yte tenester 

Helsetilsynsloven
§§ 1, 2, 3 organisering av tilsynsmyndigheita og tilsynsoppgåver

Tannhelsetjenesteloven
§ 6-2 hente inn opplysningar, inspisere m.m. utan hinder av teieplikt 

Myndigheit i forskrift

Fylkesmannen har fått myndigheit som gjeld tilsyn med eller klagebehandling innafor sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester. 

Forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i institusjon for behandling, omsorg og rehabilitering av personer med rusmiddelproblemer (2016-08-26 nr. 1003)
§ 13 klageinstans for vedtak og avgjerd om kortvarig fasthalding

Forskrift  om krav til og organisering av kommunal legevaktordning, ambulansetjeneste, medisinsk nødmeldetjeneste mv. (akuttmedisinforskriften) (2015-03-20 nr. 231)
§§ 7 og 8 gjere unntak frå kompetansekrav

Forskrift om håndtering av medisinsk utstyr (2013-11-29 nr. 1373)
§ 18 fører tilsyn med og kan fatte vedtak ovanfor helse- og omsorgstenesta si handtering av medisinsk utstyr ved yting av helse- og omsorgstenester

Forskrift om pliktmessig avhold for helsepersonell (2012-05-04 nr. 400)
§ 2 pålegge helsepersonell å gje utandingsprøve, blodprøve og liknande prøve, be politiet om bistand til å framstille helsepersonell for prøvetaking

Forskrift om stønad til helse- og omsorgstjenester (2011-12-16 nr. 1348)
§ 3 avgjere tvist mellom kommunar om tenestetilbodet

Forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon (2011-11-15 nr. 1103)
§ 27 klageinstans for brot på forskrifta

Forskrift for sentre for foreldre og barn (2010-11-25 nr. 1479)
§ 7 rett til innsyn i rekneskapane til private og kommunale senter
§ 9 adressat for vedtak om bortfall av godkjenning gjort av regional statleg barnevernmyndigheit
§ 23 oppnemningsorgan for tilsynsutval (fylkesmannen kan opprette utval)
§ 27 gje pålegg om å rette forhold som er uforsvarlege eller kan ha skadelege følgjer for bebuarane eller andre, gje pålegg om å nedleggje drifta

Forskrift om tuberkulosekontroll (2009-02-13 nr. 205)
§ 4.6 føre tilsyn

Forskrift om innsamling og behandling av helseopplysninger i Norsk pasientregister (Norsk pasientregisterforskriften) (2007-12-07 nr. 1389)
§ 2-4 adressat for varsel om manglande melding av helseopplysningar til Norsk pasientregister

Forskrift om smittefarlig avfall fra helsetjeneste og dyrehelsetjeneste mv. (2005-10-11 nr. 1196)
§ 9 andre ledd: innanfor sitt ansvarsområde å føre tilsyn med at føresegnene i forskrifta blir haldne, og fatte dei nødvendige vedtak

Forskrift om markedsføring av kosmetiske inngrep (2005-07-01 nr. 749)
§ 9 føre tilsyn med markedsføring av kosmetiske inngrep

Forskrift om smittevern i helse- og omsorgstjenesten (2005-06-17 nr. 610)
§ 3-5 føre tilsyn med smittevernet i helseinstitusjonar

Blodforskriften  (2005-02-04 nr. 80)
§§ 3-2 og 3-5 adressat for meldingar om alvorlege og uønska hendingar og biverknader i blodbankar og transfusjonseiningar og under transfusjon av blod og blodkomponentar

Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling (2003-12-11 nr. 1564)
§ 3 føre tilsyn etter forskrifta
§ 4 kan oppnemne tilsynsutval
§ 5 gje borna, personalet og statleg regional barnevernmyndigheit informasjon om tilsynsmyndigheitene sine oppgåver og om kven som skal føre tilsyn
§ 11 handsame førespurnader og klager frå borna og deira pårørende
§ 12 gje pålegg om å rette forhold som er uforsvarlege eller kan ha skadelege følgjer for bebuarane eller andre, gje pålegg om å nedleggje drifta

Forskrift om godkjenning av private og kommunale institusjon
er som skal benyttes for barn som plasseres utenfor hjemmet med hjemmel i barnevernloven (2003-10-27 nr. 1283)

§ 6 rett til innsyn i rekneskapane til private og kommunale institusjonar 

MSIS- og tuberkuloseregisterforskriften (2003-06-20 nr. 740)
§ 2-6 adressat for varsel om mangelfullt utfylt meldingsskjema

SYSVAK-registerforskriften (2003-06-20 nr. 739)
§ 2-5 adressat for varsel om mangelfullt utfylt meldingsskjema

Forskrift om miljørettet helsevern (2003-04-25 nr. 486)
§ 6 føre tilsyn med at kommunen held sine pliktar etter forskrifta

Medisinsk fødselsregisterforskriften (2001-12-21 nr. 1483)
§ 2-4 adressat for varsel om mangelfullt utfylt meldingsskjema

Kreftregisterforskriften (2001-12-21 nr. 1477)
§ 2-4 adressat for varsel om mangelfullt utfylt meldingsskjema

Dødsårsaksregisterforskriften (2001-12-21 nr. 1476)
§ 2-6 adressat for varsel om mangelfullt utfylt meldingsskjema

Forskrift om lisens til helsepersonell (2000-12-21 nr. 1379)
§ 9 adressat for underretning frå anna helsepersonell og legen som har sendt ut legeattest om endringar i helsetilstand til den som har lisensen, eller andre forhold som påverkar utøvinga av verksemd som det er gjeve lisens for (gjeld helsepersonell over 75 år)

Forskrift om prioritering av helsetjenester, rett til nødvendig helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten, rett til behandling i utlandet og om klagenemnd (prioriteringsforskriften) (2000-12-01 nr. 1208)
§ 7 klageorgan for vurderingar gjort av spesialisthelsetenesta etter § 2 (rett til nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta), og § 4 (vurdering av og fastsetjing av frist for nødvendig helsehjelp) i prioriteringsforskriften. Jf. pasient- og brukarrettsloven § 7-2

Forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven (1999-10-15 nr. 1090)
§ 10 rett til å krevje at det blir lagt fram politiattest for alle som er omfatta av forskrifta 

Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek (1998-04-27 nr. 455)
§ 9-5 rett til å få reseptar og reseptopplysningar frå apotek

Forskrift til sosialtjenesteloven (1992-12-04 nr. 915) (frå 2012 heimla i helse- og omsorgstenesteloven) 
§ 3-1 føre tilsyn med private institusjonar og private bustader med heildøgns omsorgstenester som ikkje er tekne inn i kommunen sin plan
§ 7-3 avgjere i tvilstilfelle kva ein skal rekne som bustad med heildøgns omsorgstenester
§ 7-4 ta imot meldingar frå kommunen om kommunen sine bustader med heildøgns omsorgstenester og tilsvarande private tiltak kommunen har avtale med
§ 8-5 klageinstans for vedtak om vederlag for tenester og for opphald i institusjon mv. 

Forskrift om fylkesmannens adgang til å ilegge kommuner mulkt ved oversittelse av fristene i barnevernloven § 6-9 (1992-12-16 nr. 1243)
§ 2 adressat for den kommunale barneverntenesta sine kvartalsvise rapportar med kopi av sluttførte fristskjema
§ 3 gje kommunen mulkt når kommunen ikkje held fristar

Forskrift om klage på utskrivingsvedtak (1992-09-25 nr. 778)
§ 1 klageinstans for vedtak om utskriving frå institusjonar og privatpleie for psykisk utviklingshemma m.m., sjå og §§ 5, 6, 7 og 9 for klagehandsaming

Midlertidig forskrift for institusjoner som er besluttet nedlagt, men som fortsatt er i drift etter 1. januar 1991 (1990-12-03 nr. 1122)
§ 3 nr 8 adressat for meldingar og klager frå tilsynsutval

Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie (1988-11-14 nr. 932)
§ 5-1 klageorgan for klager frå bebuar eller pårørande over forhold om drifta av buforma som dei finn urimeleg

Forskrift om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste (1983-11-23 nr. 1779)
§ 5 føre det overordna tilsynet med sjukepleietenestene i fylket og sjå til at forskrifter og retningslinjer blir følgd

Forskrifter om legers og veterinærers levering av legemidler m.v. mot betaling (1976-03-17 nr. 9444)
§ 6 rett til å kontrollere medisinbehaldningane til legar og veterinærar

Gå til toppen