Oversikt over oppgåvene – overordna tilsynsmyndigheit for fylkesmennene

Lovgrunnlag for oppdraget

Overordna tilsynsmyndigheit for fylkesmennene

Overordna departement og oppgåvene for kvart enkelt år

Personale og budsjett.

Organisasjon og leiing, organisasjonsnummer

Samarbeidsavtalar

Lenkeliste

Sjå også

Oversikt over oppgåvene

Statens helsetilsyn er den sentrale tilsynsmyndigheita for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester. Oppgåvene omfattar:

  • overvaking av tenesteytinga sett i høve til befolkninga sitt behov for tenester og samfunnet sine krav til tenestene
  • overordna fagleg tilsynsstyremakt for dei nemnde tenestene
  • behandling av enkeltsaker som handlar om alvorleg svikt i helse- og omsorgstenestene og der det er aktuelt med pålegg mot verksemder eller reaksjonar mot helsepersonell
  • styring av den klagesaksbehandlinga som gjeld rett til tenester etter mellom anna barnevernloven, sosialtenesteloven, pasient- og brukarrettsloven og helse- og omsorgstenesteloven
  • formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga og tenestene

Statens helsetilsyn skal involvere pasienter, brukere og pårørende i alt tilsyn.

Måla for tilsyn og klagebehandling, sjå under Mål og strategiar, effektstudiar m.m.

Regelverksutvikling, fagutvikling, gjennomføring av politikk (handlingsprogrammer, handlingsplanar, nytt regelverk m.m.) og publikumsinformasjon ligg ikkje i Statens helsetilsyn. For barnevern ligg desse oppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og helse- og omsorgstenester i Helsedirektoratet.

Overordna tilsynsmyndigheit for fylkesmennene

Fylkesmennene er tilsynsmyndigheit for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester i sine fylke. Fylkesmennene blir styrte i administrative saker (budsjett m.m.) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Statens helsetilsyn har den faglege styringa. Dette inneber fastsetting av mål og krav innanfor dei rammene departementa set, utvikle metodar og drive opplæring i tilsyn, rettleie om policy og saksbehandling og sjå til at like saker blir behandla likt i heile landet.

Lovgrunnlag for oppdraget

Statens helsetilsyn sitt oppdrag går fram av barnevernloven, helsetilsynsloven og sosialtenesteloven, sjå under Myndigheit lagt til Statens helsetilsyn. Der finst også lov- eller forskriftsheimel for kvar enkelt sakstype der det vert utøvd myndigheit.

Tilsynsoppdraget for Statens helsetilsyn er gjort greie for seinast i Prop. 91 L (2010–2011) om helse- og omsorgstenesteloven, Prop. 90 L (2010–2011) om folkehelseloven, Ot.prp. nr. 69 (2008-2009) om barneverntenester, Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) om sosiale tenester og Ot.prp. nr. 105 (2001–2002) om endringar i helsetilsynsloven, der det også finst ein gjennomgang av tilsynet.

Overordna departement og oppgåvene for kvart enkelt år

Helse- og omsorgsdepartementet er overordna myndigheit, og Kommunetjenesteavdelingen har etatstyringsansvaret. Arbeids- og sosialdepartementet har styringsansvar for oppgåver som gjeld sosiale tenester og Barne- og likestillingsdepartementet for oppgåver retta mot barnevernet. Etatstyringa skjer etter "Retningslinjer for virksomhetsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet".

For kvart enkelt år får Statens helsetilsyn oppdrag gjennom forslaget frå regjeringa til statsbudsjett (Prop.1 S) og Stortinget si behandling av budsjettet (Innst. 11 S) fra Helse- og omsorgskomiteen. Oppdraget vert formidla gjennom tildelingsbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet. 

Tilsynsmyndigheitene er langt på veg uavhengig av løpande politisk styring, og prioriterer i stor grad sjølv kva tenester det skal bli ført tilsyn med og kva tema tilsynet skal omfatte. Denne prioriteringa skjer blant anna på grunnlag av informasjon om risiko og sårbarheit i tenestene.

Personale og budsjett

Statens helsetilsyn hadde i 2015 ansatte som utfører ca. 117 årsverk. Utgiftsbevilgning til drift av Statens helsetilsyn var cirka 131 mill. kr i 2015, og løyvingane blir gitt på kap. 721 i statsbudsjettet.

Organisasjon og leiing, organisasjonsnummer

Statens helsetilsyn blir leia av direktør Jan Fredrik Andresen, assisterande direktør Jo Kittelsen og assisterande direktør Heidi Merete Rudi. Kommunikasjonsdirektør Nina Vedholm og juridisk direktør Anders Haugland hører til leinga. Leiargruppa består av leiinga og dei fem avdelingsdirektørane, sjå bilete m.m. under Presse.

Leiinga har ansvar for mediekontakt, publisering og anna kommunikasjonsarbeid, overvaking av streik og internasjonalt arbeid.

Statens helsetilsyn har frå 1. oktober 2013 fem avdelingar:

Organisasjonskart for Statens helsetilsyn

Avdeling for barnevern og sosiale tenester (avd. 1)
Avdeling for kommunale helse- og omsorgstenester (avd. 2)
Avdeling for spesialisthelsetenester (avd. 3)
Undersøkingseininga (avd. 4)
Administrasjonsavdelinga (avd. 5).

Avdelingsdirektørar, se artikkelen Presse.

Tilsynsmyndigheitene sin plass i forvaltninga er vist på organisasjonskart over den sentrale statsforvaltninga og fylkesmennene.

Organisasjonsnummer for Statens helsetilsyn er 974 761 394.

Samarbeidsavtalar

Avtale mellom Forsvarsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet om tilsyn med helsetjenester til norsk personell i militære operasjoner i utlandet. Avtalen gjeld frå 1.1 2016 til 31.12.2018.

Samarbeidsavtale mellom Statens helsetilsyn og Arbeids- og velferdsetaten. Gjeld frå 26.9.2016

Samarbeidsavtale mellom Statens helsetilsyn og Helfo Gjeld frå 11.11.2016

Samarbeidsavtale mellom Statens legemiddelverk og Statens helsetilsyn Gjeld frå 24.4.2015

Lenkeliste

Barnevernloven kap. 2

Helsetilsynsloven

Sosialtenesteloven

Folkehelseloven

Prop. 91 L (2010–2011) om helse- og omsorgstenesteloven

Prop 90 L (2010–2011) folkehelseloven

Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) om sosiale tenester i Nav, se kap. 5 og 9

Ot.prp. nr. 69 (2008–2009) Om lov om endringer i barnevernloven

Ot.prp. nr. 105 (2001–2002), se særlig kap. 3 og 4

Prop. 1 S (2016–2017) med budsjett forslag for 2017 for Helse- og omsorgsdepartementet sitt område, se særlig kap. 721 Statens helsetilsyn

Innst. 11 S (2016–2017), Helse- og omsorgskomiteen sin innstilling til budsjettet for 2017, se særlig merknader til kap. 721 Statens helsetilsyn 

Helse- og omsorgsdepartementets tildelingsbrev til Statens helsetilsyn for 2017 (pdf)

Retningsliner for etatsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet 

Sjå også

Gå til toppen