Nasjonal strategi for arbeid innenfor kreftomsorgen - høyringssvar
Fra: | Helsetilsynet |
---|---|
Til: | Helse- og omsorgsdepartementet |
Dato: | 19.12.2004 |
Vår ref.: | 2004/1360 |
Deres ref.: | 200301864-HTA2 MK |
Statens helsetilsyn viser til utsending dagsett 16. september 2004 der departementet ber om innspel til rapport avgjeven i juni 2004 om nasjonal strategi for arbeid innanfor kreftomsorga. Helsetilsynet vil avgrensa høyringssvaret sitt til eit par emne som ligg nær opp til oppgåva vår som tilsynsorgan overfor helsetenesta.
Kapittel 13 – Register
Statens helsetilsyn sluttar seg i det vesentlege til dei vurderingane og konklusjonane som kjem fram i dette kapitlet. Særleg vil vi understreke at det er nødvendig at registreringsordningane blir nær knytte opp til den einskilde institusjonen sitt eige systematiske overvakings- og utviklingsarbeid. Vi tykkjer såleis at det er fint at utgreiinga får så tydeleg fram at dette er ordningar som, i tillegg til å gje materiale til nasjonale og eventuelle internasjonale register, må vere ein del av institusjonen sitt eige internkontrollsystem, jf. punkt 1 side 182.
Statens helsetilsyn finn ikkje å kunne ta stilling til kva typar register som det no er mest aktuelt å etablere. Vi støttar på dette punktet framlegget om at styremaktene, og då særleg Kreftregisteret, må samarbeide med aktuelle fagmiljø for å etablere og forankre dei aktuelle registra.
Kapittel 16 – Personell
Statens helsetilsyn har ingen merknader til det prinsipielle utgangspunktet for dette kapitlet. Likevel tykkjer vi at ein i omtalen av samspelet mellom dei ulike personell-gruppene kunne ha peikt tydeleg på det ansvaret som leiinga ved aktuelle institusjonar har for å sikre at pasienten får ei fagleg forsvarleg behandling, og at forsvarleg behandling også føreset samarbeid mellom aktuelt personell, jf. §§ 4 og 16 i helsepersonelloven. Like så vel som at registerordningane bør knytast nær opp til internkontrollsystemet, må også utvikling og bruk av relevant fagleg kompetanse knytast opp mot dette.
Nokre spreidde merknader
I kapittel 7 er det drøfta ei rekkje spørsmål knytt til pasienten sin eigen medverknad ved behandlinga. Pasientrettsloven er trekt inn i visse delar av teksten her, men t.d. under drøftinga av tiltak overfor personar med nedsett evne til å gjere eigne val, tykkjer vi at drøftinga i lys av pasientrettsloven burde og kunne vore noko meir klårgjerande og utfyllande (side 68 og 69).
I kapittel 3 med framlegg til konkrete tiltak er det peikt på behovet for på ein meir systematisk måte å arbeide med kunnskap knytt til langtidsverknader og seinskadar. Statens helsetilsyn sluttar seg klårt til dette ønskjet, men saknar noko djupare drøfting av dette, til dømes i kapitla 12 eller 15 om forsking og om innføring av nye metodar. Dette tiltaket krev også at ein utviklar registreringsordningane, jf. kapittel 13.
På side 9 er Ot. prp. nr. 66 (2000-2001) omtala som verdimeldinga. Det er feil. Rett tilvising til denne er St. meld nr. 26 (1999-2000) slik som korrekt oppført på side 1999. Ot. prp. nr. 66 (2000-2001) handlar om helseføretaksloven, og dette dokumentet inneheld rett nok også ei rekkje verdiorienterte formuleringar.
Til slutt vil vi berre kommentere at dokumentet er gjennomgåande skrive i ei lettlesen språkform.
Med hilsen
Geir Sverre Braut e.f.
ass. direktør Solbjørg Røisland
førstekonsulent
Saksbehandlar: Geir Sverre Braut