Rapport frå evalueringsutvalet for flodbølgje-katastrofen – høyringssvar
Fra: | Helsetilsynet |
---|---|
Til: | Helse- og omsorgsdepartementet |
Dato: | 02.05.2005 |
Vår ref.: | 2005/549 L GSB/- |
Deres ref.: | 200501553-/EJBA |
Statens helsetilsyn viser til e-post av 21. april 2005. Vi takkar for høvet til å kome med kommentarar til rapporten frå evalueringsutvalet. Det er vesentleg at hendingar som dette blir evaluerte med sikte på justeringar og endringar i beredskapsopplegget, også innanfor sosial- og helsetenesta.
Vektlegging av utanrikstenesta
Rapporten legg stor vekt på ein kritisk gjennomgang av arbeidet til utanrikstenesta ved den aktuelle hendinga. Statens helsetilsyn har ikkje grunnlag eller føresetnader for å vurdere denne sida av rapporten. Likevel vil vi peike på at delar av rapporten, til dømes kapittel 1 og byrjinga av kapittel 6, har eit narrativt preg som gjev ein indikasjon på ei forforståing som gjer at det kan stillast spørsmål ved integriteten til utvalet.
Arbeidet til andre sektorar og verksemder, offentlege som private, er meir summarisk og lite analytisk framstilt. Dette gjer at tilrådingane frå utvalet har avgrensa validitet med sikte på ein meir omfattande gjennomgang av det allmenne beredskapsopplegget i landet, jf. til dømes reint deskriptiv og manglande analytisk vurderinga av privat sektor sin innsats på side 138.
Difor er det vidare arbeidet med ein sektorvis gjennomgang av røynslene frå denne hendinga vesentleg, både gjennom denne høyringsrunden, og gjennom arbeidet etter framlegginga av stortingsmeldinga til sommaren.
Prinsippa for evalueringa
I kapittel 5 (side 44) trekkjer utvalet fram prinsippa for statleg krisehandtering (ansvar, nærleik, likskap). Dei same prinsippa blir i samfunnet elles ikkje berre lagde til grunn ved statleg krisehandtering, men også for samspelet mellom offentlege tenester og privat sektor, til dømes innanfor petroleumsverksemda og skipsfarten. Det er vesentleg at ein held fast på dette også ved etterhandsvurderingar av innsatsen ved kriser.
Statens helsetilsyn tykkjer at utvalet i den vidare teksten ikkje følgjer dette særleg godt opp. Til dømes er ansvaret og innsatsen til reiseselskap, flyselskap m.v. ikkje vurderte i lys av desse prinsippa, jf. omtalen av desse verksemdene i punkta 4.2, 4.3, 8.6 og 8.7 (sidene 35-36 og 96-97).
Like eins vil Statens helsetilsyn peike på at individuelle plikter er omtala i avsnitt 4.5 (side 39), men dette er i liten eller ingen grad nytta som evalueringsgrunnlag seinare i rapporten.
Helse- og sosialberedskapsloven
Lov om helsemessig og sosial beredskap er saman med tenestelovene det sentrale vurderingselementet for innsatsen til sosial- og helsetenesta ved kriser. Rapporten trekkjer i liten eller ingen grad fram spesifikke lovkrav som grunnlag for evalueringa av sosial- og helsetenester, sjølv der kommunane sin innsats er omtala (kapittel 12.3 side 122).
Statens helsetilsyn meiner at dette bør tilleggjast stor vekt i det vidare etterarbeidet. Særleg vil vi peike på behovet for å synleggjere sosialtenestene i slike situasjonar. Etter vår erfaring var det eit større behov for sosiale tenester enn helsetenester ved mottaket av heimførte dei første dagane. Til dømes ved det ved mottaket på Gardermoen den 28.12.2004 betydeleg behov for sosiale tenester i form av økonomisk hjelp og praktisk støtte til dømes i form av klede. Innsatsen i form av sosiale tenester er etter vår meining underkommunisert i rapporten (jf. fokuseringa på helsetenester på side 120-121 (kap. 12.2) og side 63-64 (kap 6.4)). I det heile bør kommunale tenester drøftast meir i det vidare arbeidet enn det som kjem fram i rapporten frå utvalet.
Det nasjonale systemet innanfor sosial- og helsetenesta
Utvalet har i følgje vedlegg 1 avgrensa arbeidet sitt til dei delene av styremaktene sitt arbeid som kom sterkast fram i det offentlege søkjelyset. Denne avgrensinga gjer, som også nemnd ovanfor, at det er vanskeleg å trekkje gyldige slutningar om innsatsen til ytterledda i sosial- og helsetenesta ved den aktuelle hendinga. Statens helsetilsyn vil likevel presisere at vi, like eins som utvalet, ikkje har grunnlag for å peike på svikt i denne.
Statens helsetilsyn viser til at AMK/LV-systemet var det som i utgangspunktet blei brukt som nasjonal varslingskanal. Dette er etter vår meining både rett og funksjonelt og i samsvar med krav i lov og forskrift, jf. tidlegare forskrift om medisinsk nødmeldetjeneste, særleg §§ 2-2, 2-3 og 3-2 andre ledd. Tilsvarande bør vurderast som grunnlaget for varslingsrutinar i ein eventuell framtidig nasjonal beredskapsplan, jf. § 4 andre ledd i ny forskrift av 18.3.2005 om akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus.
Likevel saknar vi ein omtale av fylkesmannen si rolle i slike situasjonar. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har klåre rådgjevings- og tilsynsoppgåver som får eit skjerpa innhald i akutte situasjonar, jf. instruksen til representanten for helsetenesta i dei lokale redningssentralane. I det vidare arbeidet bør departementet også ta omsyn til desse funksjonane.
På side 164 (kap 16.6) er ansvaret for mottaket på Gardermoen kommentert. Utan tvil er det slik at Ullensaker kommune har eit geografisk ansvar for å møte det som skjer på Oslo lufthamn. Men det bør drøftast om det same ansvaret kan gjerast gjeldande når andre offentlege organ planlagt og med vilje sender evakueringsfly til denne flyplassen. Ansvarsprinsippet skulle då heller tilseie at det var den som var ansvarleg for evakueringskjeden som også måtte sørgje for at evakueringa blei fullført på ein forsvarleg måte. Som ein analogi er det akseptert at ved medisinsk evakuering t.d. frå installasjonar i petroleumsverksemda er det det aktuelle selskapet som har ansvar for å sørgje for forsvarleg mottak på flyplassen, ikkje Sola kommune, Bergen kommune eller Kristiansund kommune som er aktuelle kommunar i slike tilfelle.
Dette er forhold som kan omtalast i ein nasjonal sosial- og helseberedskapsplan som er omtala på side 119. Dersom ein slik nasjonal plan skal byggje på prinsippa om ansvar, nærleik og likskap, må den også vurdere korleis den nasjonale redningstenesta kan medverke ved hendingar også i utlandet.
Ein slik plan må utviklast med grunnlag i meir omfattande og analytiske vurderingar enn dei som utvalet presenterer. Utstein-modellen som er nemnd på side 168 kan vere eit slikt analytisk grunnlag.
Norske helseteam i utlandet
Innsatsen til desse helseteama er ikkje analytisk evaluert av utvalet. Dette bør gjerast i det vidare arbeidet for å sikre at verdifull kunnskap blir teke med i planlegginga med sikte på framtidige hendingar. Ikkje berre er dette nødvendig for å sikre at den reint medisinske innsatsen blir vurdert. Denne type ekstraordinær innsats reiser ei rekkje etiske og juridiske problemstillingar som må analyserast grundig. Ein kan ikkje rekne med at det neste gong slik innsats blir aktuell vil vere i land som det er like lett å oppnå samarbeid med som i dette tilfellet. Vidare bør ein sjå nærare på etiske forhold knytt til helsepersonells prioritering av pasientar frå eigen nasjon ved innsats i andre land.
Teknisk infrastruktur
Utvalet har i innstillinga si teke for gitt at telekommunikasjonen mellom utlandet og Norge og innanlands fungerte tilfredsstillande. Det føreset både tilstrekkeleg kapasitet og bevarte installasjonar for sending, overføring og mottak. Det ser ut som om det var tilfellet denne gongen. Det er ikkje gitt at så alltid vil vere tilfelle. Statens helsetilsyn ser gjerne at telekommunikasjon i kriser blir nærare vurdert i det vidare arbeidet. Til dømes vil vi peike på behovet for å ha alternative kommunikasjonslinjer med høve til direkte radiokontakt over lange distansar tilgjengelege dersom sterkt infrastruktur-avhengige system som satellittsamband og internettkontakt fell ned.
Nokre detaljar
Side 28: Etter det Statens helsetilsyn har kjennskap til kom dei første til Gardermoen via Helsingfors noko før kl. 0800 tysdag 28.12., ikkje 27.12. som oppgjeve i rapporten. Dei som kom 27.12. kom etter vår kjennskap til Sola via Amsterdam. Dette kan truleg stadfestast gjennom nyheitssendingane i TV2 eller NRK om kvelden 27.12.
Side 28: Mottaket på Gardermoen om kvelden 27.12. blei etablert i samarbeid med Ullensaker kommune, men sidan enno ingen var komne dit, var berre representanten for Sosial- og helsedirektoratet til stades på flyplassen frå den kvelden.
Side 123: Den første støttegruppa Statens helsetilsyn kjenner til blei etablert i 1980 etter Alexander Kielland-ulykka sør i Nordsjøen.
Avslutningsvis vil Statens helsetilsyn peike på at det er fleire instansar enn dei som kjem fram av adresselista som burde blitt inviterte til å kommentere denne saka. Vi tenkjer då særleg på fylkesmennene og KoKom, Bergen (Nasjonalt senter for kommunikasjonsberedskap i helsetenesta). Fylkesmennene spelar ei viktig rolle i det allmenne beredskapsarbeidet i landet. KoKom har særleg god kompetanse innanfor planlegging og vurdering av kommunikasjonsberedskapen i helsetenesta.
Med hilsen
Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
ass. direktør
Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02
Kopi:
Sosial- og helsedirektoratet
Fylkesmennene
Helsetilsynet i fylket
KoKom