Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til oversending av 19.9.2008 vedlagt utkast til ny versjon av overordna nasjonal helse- og sosialberedskapsplan. Vi har gjeve uttaling til første utgåve av denne planen gjennom brev av 25. august 2006. Vi ser at fleire av dei kommentarane vi hadde den gongen ikkje er blitt tekne til følgje og tek difor ikkje dei opp på nytt.

Allmenne merknader – forholdet til private aktørar

Forholdet mellom private og offentlege aktørar er lite eller inkje omtala i dokumentet. Dette er blitt noko meir aktuelt no enn ved førre utgåva, ikkje minst fordi det nye forskriftsverket med heimel i petroleumsloven er tydelegare på samarbeidet mellom offentlege og private tenesteytarar til dømes når det gjeld helsemessig beredskap knytt til landanlegga i petroleumsverksemda.

Vi vil difor føreslå at det blir laga eit kort avsnitt som tillegg til kapittel 4 med overskrift helsemessig beredskap i petroleumsvirksomheten der ein særleg viser til § 69 med kommentarar i (utkast til) forskrift om tekniske og operasjonelle forhold på landanlegg i petroleumsvirksomheten.

Like eins kunne ein vurdere om den bruken som helsetenesta gjer av friviljuge organisasjonar til sjuketransport i visse situasjonar burde nemnast, særleg fordi ansvaret til dei regionale helseføretaka for å skaffe sjuketransport ikkje er avgrensa til der ein har vegtilgang eller når det måtte vere flyvêr. Då er føretaka i stor grad avhengige av friviljuge organisasjonar for å fylle ansvaret sitt. Det er ikkje umiddelbart klårt at sjuketransport utanfor veg fell inn under redningstenesteomgrepet, jf. omtalen under kapittel 6.3.

Fullmaktsreglane i helse- og sosialberedskapsloven

Desse er så vidt omtala øvst på side 5 i utkastet. Det kunne ha vore interessant om desse hadde vore noko meir drøfta i dette dokumentet slik at aktørane var noko meir førebudde på kva kriteria som kunne leggjast til grunn for at dette skal kunne vere aktuelt. Det vil ikkje minst gjere det sentrale statlege operasjonelle ansvaret tydelegare enn det er i dag.

Forsyningstryggleiken

Denne er overflatisk omtala midt på side 5. Dette dokumentet er ikkje staden for å detaljere dette nærare, men ein bør her vise til kor ein kan finne meir om kva denne funksjonelle forventninga medfører av plikter for tenesteytarane. Vi erfarer ved tilsyn at det rår uvisse om dette i praksisfeltet.

Lov- og forskriftsheimlinga (kap. 2.1)

Her saknar vi kongeleg resolusjon av 4. juli 1980 om organisasjonsplan for redningstenesta. Det har på mange måtar tilsvarande status som kongeleg resolusjon om atomberedskap.

Aktørar, roller og ansvar (kap. 3)

Statens helsetilsyn tykkjer at rekkjefølgda på omgrepa i overskrifta av logiske omsyn  bør ordnast slik: Ansvar, aktørar og roller. Vidare meiner vi at omgrepet utrykning fra i fjerde line bør erstattast med varsling til. Det bør også seiast i femte line at smittsame sjukdommar kan bli oppdaga ved at sjuke blir lagt inn i sjukehus, dersom ein på dette punktet skal vere så konkret som teksten i dokumentet no legg opp til.

I siste line av første avsnitt på side 9 bør den heimelen som AMK eventuelt har til å trekkje på ressursar innanfor og utanfor eigen region nemnast spesifikt, særleg fordi det skapar uvisse i forhold til kommunale ressursar og friviljuge aktørar i regionen slik det no er formulert. Det same gjeld formuleringa under 3.1.2 nedst på side 10.

I andre avsnitt under 3.1.1 er sosialkontoret nemnd. Det er ok, men også Nav bør nemnast i og med at økonomisk sosialhjelp høyrer til dei no for tida. Erfaringa frå til dømes repatrieringa etter tsunamihendinga syner at økonomisk stønad er særleg aktuelt som sosialhjelp i akutte situasjonar av større omfang.

I siste avsnitt side 9 (vassverk) bør også Mattilsynet som tilsynsorgan nemnast. I første avsnitt side 10 er rolleomtalane innanfor miljøretta helsevern noko uklåre. Her kan ein eventuelt vise til § 3-5 i kommunehelsetenesteloven. I andre avsnitt er omgrepet ansvar brukt om kommunelegens funksjon. Dette er feil. Kommunen har ansvaret, jf. også før nemnde § 3-5 i kommunehelsetenesteloven, og § 4-9 siste ledd i smittevernloven.

Under avsnitt 3.2.1 bør fylkesmannsinstruksen nemnast.

Under 3.3.3 er laboratorieteneste for fareklasse 3 nemnd. Det bør kort seiast noko om fareklasse 4 også.

Under 3.3.5 bør grenseoppgangen mellom Statens legemiddelverk og Helsedirektoratet om nasjonal forsyningsberedskap nemnast, jf. kapittel 6.2.

Samhandling (kap. 5)

Under 5.1 siste avsnitt bør det eksplisitt gå fram kven av dei statlege aktørane som skal ha etablerte varslingsordningar, ikkje minst kva forventningar ein har til fylkesmannsembeta på dette punktet.

Det bør også vurderast om den varslingsplikta som kjem fram under 5.1.1 etter kvart forskriftsfestast, t.d. i prehospitalforskrifta eller helse- og sosialberedskapsforskrifta. Slik stoda er i dag, er denne varslinga knapt lov- eller forskriftsheimla.

Under 5.1.3 om internasjonal varsling bør det kort nemnast at redningstenesta også har omfattande avtalar om internasjonalt samarbeid, til dels ut frå plikter ein har som følgje av multinasjonale avtalar/konvensjonar. Det bør vurderast om ikkje alt som er sagt om internasjonalt samarbeid bør samlast under kapittel 8.

Ressursar (kap. 6)

Til ordbruken her bør ein kanskje merke seg at A-skadar no oftast bli kalla N-skadar

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
assisterande direktør

 

 

Saksbehandlar:  Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02

Kopi:   Helsedirektoratet.
   Statens strålevern.
   Statens legemiddelverk.
   Nasjonalt folkehelseinstitutt.
   Mattilsynet.
   Fylkesmennene.
   Hovudredningssentralane.