Helsetenesta sitt behov for forsterkingsressursar
Fra: | Statens helsetilsyn |
---|---|
Til: | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap |
Dato: | 04.12.2012 |
Vår ref.: | 2012/1276 L GSB |
Statens helsetilsyn viser til e-post av 19. november 2012 med vedlagt liste over tema som Forsterkingsutvalet ønskjer ytterlegare opplyste. Tilsvaret vårt er avgrensa til i det vesentlege å melda tilbake erfaringar som vi har fått gjennom tilsynsverksemd og evaluering av øvingar dei seinare åra. Svaret er ordna i samsvar med spørsmåla som er stilte i oversendinga av 19. november 2012.
Til spørsmål 1:
Statens helsetilsyn vil peika på at det er ytterst få reelle døme på hendingar i Noreg der ein i akuttfasen eller i etterfølgjande normaliseringsarbeid har stått overfor mangel på helsefaglege ressursar for å kunna gje dei aktuelle pasientane ei forsvarleg akuttmedisinsk behandling. Utfordringane er såleis meir knytte til geografiske og logistiske forhold, enn til dei reint helsefaglege forholda. Dette tilseier etter erfaringane våre at det ikkje er grunn til å leggja stor vekt på den fagmedisinske kompetansen ved vurderinga av behovet for forsterkingsressursar.
I tillegg til dei ressursane som er nemnde i oversendinga frå utvalet (politireserven, Sivilforsvaret og heimevernet), vil Statens helsetilsyn peika på at ei rekkje friviljuge lag og organisasjonar i det daglege redningstenestearbeidet og til dels også i ambulanseverksemd utanfor ordinær veg, kan koma til støtte med til dels store og veltrena ressursar. Dei statlege forsterkingsressursane må også sjåast i lys av dette. Dette gjeld ikkje minst vurderinga av tidsaspektet ved innsats, der dei friviljuge organisasjonane ofte vil kunna trø til ganske raskt, medan dei statlege forsterkingsressursane derimot har kapasitet til å halde ut over lengre tid.
Dei totale forsterkingsressursane bør etter vår oppfatning i det alt vesentlege samordnast gjennom den ordinære redningstenesta (HRS/LRS). Når det gjeld oppdrag som utelukkande er ambulansetransport (ikkje redningsteneste), bør dette ordnast gjennom den akuttmedisinske nødmeldetenesta (AMK) også når ein gjer seg bruk av forsterkingsressursar (som til dømes Røde Kors Hjelpekorps).
Behovet for helsefagleg kompetanse hjå personellet i forsterkingsressursane bør vere på nivå med grunnleggjande førstehjelp. Forhold knytte til sikring av fri luftveg, kontroll av blødningar, hypotermiførebygging, observasjon av bevisstheitstilstand, transport av skadde og basal psykososial støtte, bør danna kjernen i den kompetansen som dei som deltek i forsterkingsressursane må ha.
Statens helsetilsyn reknar med at behovet for reint medisinsk utstyr plassert hjå forsterkingsressursane er lite. Derimot bør forsterkingsressursane på kort varsel kunna medverka til etablering av nødvendig infrastruktur slik som til dømes lys på skadestad, telt med varme på oppsamlingsplass, ekstra transport- og sambandskapasitet og forpleiing av mannskap når innsatsen dreg ut over lengre tid.
Til spørsmål 2:
Vi meiner at den norske redningstenesta, med grunnlag i samvirkeprinsippet og under koordinering av politiet, i det alt vesentlege fungerer bra og i prinsippet ikkje bør endrast. Det same gjeld samspelet mellom den akuttmedisinske nødmeldetenesta og operasjonssentralane i dei andre etatane.
Det er likevel behov for gjennomgang av terminologien knytt til funksjonane på skadestad. Like eins ser vi eit visst behov knytt til at ein på tvers av ulike etatar (brann, politi, helse) og forvaltningsgrenser (kommune (legevakt), helseføretak (AMK, ambulanse)) kan samlast om prinsipp og funksjonskrav for eit heilskapleg system for triagering. Dette systemet bør i det alt vesentlege vera likt for daglege, mindre operasjonar som for større, meir omfattande hendingar.
Til spørsmåla 3 og 4:
Statens helsetilsyn har lite grunnlag for å svara på dette. I og for seg er dei ulike typehendingane eigna for kva si tilhøyrande systematiske tilnærming gjennom bruk av relevante metodar for beredskapsanalyse.
Til spørsmål 5:
Synspunkta til Statens helsetilsyn kjem i det vesentlege fram under spørsmål 1 ovanfor. Vi vil likevel her peika på behovet for samvirkeøvingar. Det er noko som ein bør vurdera å forskriftsregulera i lovgjevinga for dei ulike etatane. Det bør også vurderast om det kan vera aktuelt med ei forskriftsregulering av visse andre funksjonskrav til samhandlinga mellom dei ulike etatane, som til dømes funksjonskrav knytte til triagering samt organisering og koordinering på skadestad.
Med helsing
Jan Fredrik Andresen
direktør
Geir Sverre Braut
ass. direktør
Kopi til:
Helsedirektoratet
Nasjonalt kompetansesenter for prehospital akuttmedisin, OUS
Hovudredningssentralen Sør-Noreg
Hovudredningssentralen Nord-Noreg
Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02