Ida-saka – tilsyn frå Fylkesmannen
Saka handlar om ei jente som barnevernet overtok omsorga for i 2014, i media omtala som «glassjenta». Ho var då 15 år, og har vore i barnevernet si omsorg sidan.
På bakgrunn av opplysningar frå tidlegare tilsyn og opplysningar som har kome fram i media, vil Fylkesmannen gjennomføre tilsyn med Bufetat Vest, Karmøy kommune og Aleris omsorg.
Fylkesmannen skal òg gjennomføre tilsyn med helsetenester i saka, og tar stilling til kva tenester dette gjeld når vi har innhenta meir informasjon. På bakgrunn av innkomen informasjon, vil vi òg ta stilling til om det skal gjennomførast tilsyn med andre tenester. Fylkesmannen i Hordaland leiar og koordinerer tilsynet på vegner av Fylkesmennene i Rogaland, Hordaland og Troms.
Ida fekk ikkje forsvarleg hjelp. "Dei forsto meg ikkje" Tilsynsrapport frå Fylkesmannen i Hordaland 20.9.2016