Landsomfattande tilsyn 2016
Tilsyn med korleis akuttmottak følgjer opp blodforgiftingar
Statens helsetilsyn skal i 2016 og 2017 gjennomføre landsomfattande tilsyn med det somatiske akuttilbodet i helseføretaka og korleis dei kjenner att og følgjer opp sepsis (blodforgifting). Vi har fått mange varslar etter varselordninga i spesialisthelsetenestelova § 3–3a som handlar om infeksjon og sepsis. Tilsyn i enkeltsaker har vist at nødvendig behandling av pasientar med teikn til alvorleg infeksjon eller sepsis er sett i gang for seint, at gjeldande retningslinjer for behandling ikkje er følgde, og at det ikkje tidsnok har vore erkjent at det låg føre ein sepsis.
Dersom diagnosen blir stilt for seint og nødvendig behandling blir sett i verk for seint, blir prognosen for pasienten monaleg forverra. Det er derfor avgjerande at helseføretaka, ved å organisere verksemda forsvarleg, sikrar god praksis på dette området. Tilsynet kjem til å bli gjennomført i akuttmottaka med regionale team som får bistand frå fagrevisor med særleg kompetanse på fagområdet. Det kjem også til å bli gjennomført ein oppfølgingsstudie av tilsynet for å evaluere i kva grad tilsynet er med på å betre kvaliteten på tenestene til denne pasientgruppa.
Tenestene kommunane yter til personar med utviklingshemming
Kommunale helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming er eit område der Statens helsetilsyn meiner det er stor fare for svikt fordi brukarane ofte ikkje sjølve greier å ta hand om rettane sine, melde frå om manglande tenester eller om endra behov. Konsekvensen kan vere alvorleg, og det kan vere vanskeleg å avdekkje svikt i tenestetilbodet.
I dette landsomfattande tilsynet skal fylkesmennene undersøkje om utvalde kommunar i alle fylke sikrar at menneske med utviklingshemming over 18 år som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester. Fylkesmennene skal også undersøkje om kommunen legg til rette for at menneske med utviklingshemming får medverke når tenestene blir gjennomførte, og om kommunen legg til rette for samarbeid og samhandling.
Kommunane sitt arbeid med meldingar til barnevernstenesta
I 2015 og 2016 undersøkjer fylkesmannen om den kommunale barnevernstenesta vurderer informasjon som er kommen inn og gir grunn til uro for eitt eller fleire barn, på ein forsvarleg måte. Meldingane kan komme frå offentlege instansar, privatpersonar, eller dei kan vere sette fram anonymt. Fylkesmannen skal undersøkje om det blir bestemt raskt nok om saka skal undersøkjast vidare eller leggjast vekk, om barnevernstenesta undersøkjer alvorlege saker, og om ho når det er behov for det, hentar inn informasjon frå meldar før meldinga blir lagd vekk. Fylkesmannen skal også undersøkje om barnevernstenestene gir tilbakemelding til meldar. Ved dette tilsynet blir kommunane inviterte til å gjere eigenvurderingar som seinare blir følgde opp av tilsynsorganet.
Plikta kommunen har til å tilby og yte sosiale tenester til personar mellom 17 og 23 år
For unge menneske med ulike vanskar i livet er det viktig at dei tidleg får nødvendig hjelp og oppfølging. Sosiale tenester i NAV skal bidra til at ungdom får dette. Plikta kommunar har til å tilby og yte sosiale tenester til personar mellom 17 og 23 år, er tema for landsomfattande tilsyn i 2015 og 2016. Tilsynet skal undersøkje om dei sosiale tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad er tilgjengelege, og at tildeling av tenestene er forsvarleg. Fylkesmannen skal også undersøkje om dei unge blir følgde opp godt nok. Brukarmedverknad og samarbeid er sentrale område for tilsynet. Ved dette tilsynet kan kommunane inviterast til å gjere eigenvurderingar som seinare blir følgde opp av tilsynsorganet.