Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Verken kommunar eller fylkesmenn hadde motteke klager eller annan informasjon som tyder på manglande bistand frå fastlegar i samband med uønska svangerskap. Det er imidlertid stadig nokre få kommunar og bydelar som har legar som reserverer seg. 1. januar 2015 gjaldt det 15 av dei 442 kommunane og bydelane i landet, i februar 2017 var talet 10, viser ei kartleggjing Statens helsetilsyn har gjort.

Spørsmålet om legar skal kunne reservere seg mot å vise pasienten vidare til abort, fekk stor politisk merksemd og vart breidt debattert i 2014. Det resulterte i endringar i abortforskrifta og fastlegeforskrifta pr. 1. januar 2015. Etter dette skal fastlegar ikkje lenger vise abortsøkjande kvinner til sjukehuset, men dei skal framleis informere og rettleie, gjere kliniske undersøkingar og sende kvinna sitt krav om abort til sjukehuset. Kommunane har samstundes fått eit tydelegare ansvar for å sørgje for at fastlegane sin praksis er i tråd med regelverket.

Fylkesmennene og Statens helsetilsyn gjorde hausten 2016 ei kartleggjing i alle kommunane i landet. Føremålet var å få oversikt over fastlegar som reserverer seg mot å hjelpe kvinner som vurderer eller ønskjer svangerskapsavbrot, og å finne ut om kommunane sørgjer for at fastlegane ikkje praktiserer lovstridig reservasjon.

Resultata tyder på at forskriftsendringane har virka i tilsikta retning. 35 prosent av kommunane har gått gjennom fastlegeavtalane sine for å sørgje for at fastlegar ikkje reserverer seg mot å hjelpe kvinner i samband med uønska svangerskap, medan 60 prosent av kommunane har svart at dei orienterer nye fastlegar om at det ikkje er høve til å reservere seg.

Det er kommunen, som avtalepart med fastlegane, som har ansvar for å sørgje for at innbyggarne vert tilbydde nødvendige og forsvarlege allmennlegetenester. Statens helsetilsyn venter derfor at kommunane set i verk nødvendige tiltak for å sørgje for at fastlegar ikkje reserverer seg mot oppgåver som følgjer av listeansvaret. Nye fastlegar og fastlegar som kjem tilbake frå permisjon må bli orienterte om plikter og ansvar, og avtalar må om nødvendig endrast.

Kommunar som framleis har fastlegar som reserverer seg, vil bli følgde opp tilsynsmessig av fylkesmannen.

Kommunenes oppfølging av fastlegers bistand til kvinner som vurderer eller ønsker svangerskapsavbrudd. Rapport fra kartlegging ved fylkesmennene og Statens helsetilsyn august–desember 2016

Internserien 3/2017
PDF