Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Professor dr.med, Berit Schei får Karl Evang-prisen for sin innsats gjennom fleire år for å førebyggje og setje i verk tiltak for å hindre vald mot kvinner og born. Schei blei den første professoren i kvinnehelse ved Institutt for samfunnsmedisin ved NTNU, Trondheim i 1998.

Å integrere kvinnehelseperspektivet i folkehelsearbeidet er sentralt for henne, og ho har mellom anna skrive fleire lærebøker knytta til kvinnehelsa, som til dømes ”Kvinner lider- menn dør, Folkehelse i et kjønnsperspektiv”. Ved sida er ho og overlege i gynekologi i ei bistilling ved Kvinneklinikken, St.Olavs hospital.

Schei var mellom anna ein av pionerane i arbeidet med å opprette krisesentre og ho arbeidde  som lækjar på frivillig basis i krisesentra. Ho arbeidde aktivt for å etablere eit mottak for valdtekne kvinner i Trondheim. I fleire år har ho drive med informasjonsarbeid og førelese om dei problema og behova valdsutsette kvinner har. Berit Schei har i forskning og klinisk verksemd arbeidd for at vald mot kvinner og born skal bli ein integrert del av folkehelsearbeidet i Noreg. I tillegg har ho hatt ei rekkje nasjonale og internasjonale oppdrag. Mellom anna har Schei teke del i internasjonalt krisearbeid for traumatiserte kvinner i Libanon, Bosnia og Kosovo.

Karl Evang-prisen blir årleg tildelt til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg framifrå innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale forhold knytta til denne, rettstryggleik og tryggleik i helse- og sosialtenesta eller opplysningsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialpolitisk spørsmål. Det blir lagt vekt på at den som mottek prisen har ytt ein innsats som går ut over det som er forventa.

Komiteen som deler ut prisen er oppnemnd av Statens helsetilsyn. Medlemmer er:

Professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar), journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad, professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim, høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet høgskole, seniorrådgiver Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.

Prisen er på kr. 50 000.

14.10.2008