Braut konstituert som direktør
Geir Sverre Braut vart tirsdag denne veka konstituert som direktør i Statens helsetilsyn. Tidlegare direktør Lars E. Hanssen gjekk frå stillinga samstundes, i samband med at han skal over i ny stilling som leiar for sekretariatet for Vitenskapskomiteen for mattrygghet. Braut er konstituert fram til nye direktør er tilsett.