Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Klikk på bildet for større bilde.Wergeland får prisen for sin lange innsats for norsk arbeidsmedisin og arbeidsmiljø, for kvinnene sine rettar og for internasjonal solidaritet.

Wergeland er spesialist i arbeidsmedisin, og har vore ein pådrivar for forebyggjande verksemd i Arbeidstilsynet, der ho har arbeidd i over tretti år. Ho har også gjennom forskinga si vore knytta til Institutt for forebyggende medisin ved Universitetet i Oslo.

Den medisinske doktorgraden tok ho i 1999 på arbeidet Healthy working conditions in pregnancy. I sitt arbeid har Wergeland blant annavore sterkt oppteken av kvinnene si stilling og rettar i arbeidslivet. Blant anna har ho jobba for at arbeidsforholda må leggjast til rette slik at også fertile og gravide kvinner kan ta del i arbeidslivet. At denne debatten langt på veg er eit tilbakelagt stadium, skuldast i stor grad Ebba Wergeland. Dei seinare åra har ho særleg vore oppteken av debatten om sjukefråver og årsakene til slikt fråver.

Prisvinnaren har også vore ein sentral premissleverandør i debatten om rettar for personar med yrkesskade, ikkje berre i det arbeidsmedisinske miljøet, men også i det arbeidsrettslege miljøet. Ho har utmerka seg som ein kunnskapsrik og engasjert samfunnsdebattant, og ho er i tillegg ein flittig skribent og føredragshaldar som har reist Noreg både på langs og tvers.

Ebba Wergeland har hatt eit mangeårig engasjement i Palestina-konflikten, både politisk og i aktivt humanitært arbeid.

Karl Evang-prisen
Karl Evang-prisen er på kr 50 000. Den blir årleg delt ut til ein person eller organisasjon som har gjort ein særskild og framifrå innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale tilhøve knytta til denne, rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenestene, eller opplysningsarbeid og deltaking i samfunnsdebatten om viktige spørsmål på desse områda. Det blir lagt vekt på at dei som får prisen har ytt ein innsats ut over det som er forventa.

Komiteen som deler ut prisen er oppnemnd av Statens helsetilsyn.

Medlemmene er:
Professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar), journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad, professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim, høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet Høgskole, seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.

Kontaktperson:
Kommunikasjonsdirektør Nina Vedholm, mob.nr. 95 88 72 21