Tema for tilsyn 2010
Helsetilsynet skal føre tilsyn med økonomisk stønad etter ny lov om sosiale tenester i Nav, regionale tilsyn med spesialisthelsetenesta og kommunale helse- og sosialtenester til eldre.
Tilsyn skal bidra til trygge tenester ved at ein undersøkjer om regelverket blir følgt. Fylkesmennene og Helsetilsynet i fylka utfører tilsyna, kvar for seg eller i lag. Landsomfattande tilsyn blir utførte etter ein felles rettleiar for å sikre at ein har same tema og same måten å utføre det på, og for å sikre at funn blir vurderte likt.
Statens helsetilsyn er frå 1. januar 2010 overordna tilsynsorgan for to nye tilsynsområde: barnevern og sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav). Det er sett i gang arbeid for å planlegge landsomfattande tilsyn med sosiale tenester i Nav i 2010 og med barnevern i 2011, i tillegg til dei regelmessige tilsynsaktivitetane som Fylkesmannen gjennomfører på desse områda.
Helsetilsynets plan for landsomfattande tilsyn for 2010 omfattar sosiale tenester i Nav, kommunale sosial- og helsetenester og spesialisthelsetenester.
Sosiale tenester i Nav
Dei viktigaste krava i den nye lova om sosiale tenester i Nav gjeld økonomisk stønad og kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad. Fylkesmennene skal i 2010 føre tilsyn etter ein felles rettleiar. Tilsynet skal undersøke om kommunane sikrar at alle søknader om økonomisk stønad blir individuelt vurderte.
Spesialisthelsetenester
Det er ikkje lagt opp til eit ordinært landsomfattande tilsyn – med eitt felles tema – med spesialisthelsetenester i 2010. Helsetilsynet i fylka skal lage ein samordna regional tilsynsplan ut frå vurderingar av behovet for tilsyn i kvar region. Desse tilsyna skal som elles oppsummerast både regionalt og nasjonalt.Kommunale helse- og sosialtenester til eldre
Som eit ledd i den fireårige satsinga i Statens helsetilsyn på tilsyn med tenester til eldre, er det planlagt eit sett av tilsynsaktivitetar i kommunane i 2010. Systemrevisjonar, fastlegetilsyn, sjølvmeldingstilsyn, stikkprøvekontroll og umeldt tilsyn er blant desse aktivitetane. Tema for tilsyna blir bestemt ut frå det vi veit om viktige og vanskelege utfordringar for kommunane, og ut frå erfaringar med kvar det ofte sviktar i tenestetilbodet til skrøpelege eldre. Tilsynet skal undersøkje korleis demente eldre som bur heime, blir utgreidde og følgde opp av kommunal pleie- og omsorgsteneste og av fastlege, korleis pleie- og omsorgstenesta og fastlege samarbeider om, følgjer opp og sikrar forsvarleg behandling med legemiddel, og korleis pleie- og omsorgstenesta følgjer opp og sikrar at eldre som bur heime, har ein forsvarleg ernæringssituasjon. Andre tema er rehabiliteringstilbodet til eldre i kommunane, legemiddelhandtering i og utanfor institusjon, og praksis med omsyn til tildeling av avlastingstilbod til eldre. Helsetilsynet i fylket og Fylkesmannen skal, på grunnlag av lokal kunnskap om risiko og kva tilsyn som er gjennomførte med tenester til eldre dei seinare åra, velje blant tema som er nemnde over. Korleis tilsynstema er sette saman, kan derfor variere noko i dette omfattande tilsynet.