Akuttberedskapen er oppretthalden i ferietida
Statens helsetilsyn har gjort ei landsomfattande kartlegging av bemanning og kompetanse hjå personellet på alle ambulansebilar som var i akuttberedskap her i landet på dagtid tysdag 14. juli 2009. Helseføretaka (sjukehusa) fekk for to veker sidan melding om at vi ville gjere ei slik kartlegging i sommar, men dagen for kartlegginga var ikkje gjort kjent på førehand.
Resultata frå kartlegginga syner at det var heile 488 bilar i beredskap, dei fleste på døgnbasis. Dette er om lag 1 bil per 10.000 innbyggjarar, og svarar til den beredskapen som ein har også utanfor ferietida. I kartlegginga vår har vi berre funne at to bilar i heile landet var tekne ut av akuttberedskap på grunn av feriesituasjonen.
For 377 av bilane (77 %) var bemanning og personellkompetanse i samsvar med dei formelle kompetansekrava som er stilte i § 17 andre ledd i forskrift om akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus. . I 109 tilfelle (22 %) var ikkje forskriftskrava fullt ut oppfylde, men den samla kompetansen til personellet på bilen var slik at tenesta ikkje kan kallast uforsvarleg. Det høyrer med å nemne at forskrifta opnar for ein overgangsperiode på visse vilkår når det gjeld oppfylling av kompetansekrava til 1.4.2010.
For eit av tenesteområda (Helse Førde HF, Sogn og Fjordane) konkluderer vi med at to bilar ikkje var forsvarleg bemanna. Dette vil bli nærare følgt opp overfor dette helseføretaket i samband med tilsynssak som alt er på gang i forhold til ambulansetenesta der.
Sjølv om Statens helsetilsyn meiner at akuttberedskapen er oppretthalden i ferietida, er vi urolege for sider ved det biletet som kartlegginga syner. Det er ganske omfattande bruk av vikarar. Kompetansen til desse er sterkt varierande og i ulik grad sikra gjennom opplæring. Vidare ser vi at ein mange stader framleis i dag har så store avvik frå forskriftskrava at dei vil ha problem med å kome i mål med fullverdig kompetanse innan 1.4.2010 når overgangsordninga sluttar å gjelde.
For stoda i dei ulike ambulanseområda, sjå tabellen:
Bilambulansar på vakt tysdag 14. juli 2009 kl. 08 -15 |
||||
Helseføretak |
Totalt |
I samsvar |
Ikkje i samsvar |
Vurdert som |
Helse Finnmark |
30 |
15 |
15 |
0 |
UNN |
47 |
30 |
17 |
0 |
Nordlandssykehuset |
30 |
20 |
10 |
0 |
Helgeland sykehus |
16 |
4 |
12 |
0 |
Helse Nord-Trøndelag |
25 |
25 |
0 |
0 |
St. Olavs hospital |
27 |
21 |
6 |
0 |
Helse Nordmøre |
21 |
20 |
1 |
0 |
Helse Sunnmøre |
17 |
13 |
4 |
0 |
Helse Førde |
28 |
18 |
8 |
2 |
Helse Bergen |
25 |
17 |
8 |
0 |
Helse Fonna |
18 |
11 |
7 |
0 |
Helse Stavanger |
15 |
14 |
1 |
0 |
Sørlandet sykehus |
29 |
27 |
2 |
0 |
Sykehuset i Vestfold |
28 |
26 |
2 |
0 |
Vestre Viken |
26 |
24 |
2 |
0 |
Oslo universitetssykehus |
39 |
38 |
1 |
0 |
Sykehuset innlandet |
50 |
39 |
11 |
0 |
Sykehuset Østfold |
17 |
15 |
2 |
0 |
Totalt |
488 |
377 |
109 |
2 |
77% |
22% |
<1% |
(Med atterhald om mogelege reknefeil.)
Se også
Kartlegging av bemanning og kompetanse i ambulansetjenesten sommeren 2009 - oppsummering. Brev fra Statens helsetilsyn til helseforetak 23.9.2009.
Nærare opplysningar:
Seniorrådgjevar Bjørn Jamtli, telefon 41 22 33 91
Fung. direktør Geir Sverre Braut, telefon 95 88 72 21
16.7.2009