Misoprostol ved igangsetjing av fødsel
Statens helsetilsyn ba i 2005 Kunnskapssenteret om å oppsummere kunnskapen om bruk av Misoprostol for å setje i gong fødslar medikamentelt. Bakgrunnen for dette var at vi hadde til behandling fleire alvorlege tilsynssaker der verksemder og helsepersonell hadde nytta Misoprostol på ulike måtar, og utanfor godkjent indikasjon, for å setje i gong fødslar med påfølgjande alvorleg utfall for mor og barn.
Kunnskapssenteret har no gjort ferdig rapporten. Den vil kunne vere til støtte når verksemdene og helsepersonell skal avgjere om dei skal nytte medikamentet i samband med fødsel, og når tilsynsstyremaktene skal vurdere om helsehjelpa som er ytt har vore forsvarleg anten retrospektivt i tilsynssaker eller prospektivt ved eventuelle nye planlagde tilsyn.
- Misoprostol effektivt for igangsetting av fødsel. Nyhet fra Kunnskapssenteret. 2.4.2009.
- Misoprostol ved igangsetting av fødsel. Rapport fra Kunnskapssenteret nr 3 - 2009. Side med samandrag og rapporten i pdf.
2.4.2009