Kandidatar til Karl Evang-prisen 2007
Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for folkehelsa og sosiale forhold som har tydning for denne.
Karl Evang-prisen for 2007 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale forhold med tydning for denne, rettstryggleik og tryggleik i helse- og sosialtenesta eller opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialpolitiske spørsmål. Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.
Prisen vert delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar 23.oktober. Seminar og prisutdeling finn stad i Oslo kongressenter (Youngstorget) og er ope for alle.
Komiteen som vel prisvinnar består av:
redaktør Hilde Haugsgjerd,
professor Aslak Syse,
professor Steinar Westin,
dekan Elisabeth Brodtkorb, og
rådgjevar Ruth Andresen.
Skriftleg søknad kan sendast av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjoner til:
Statens helsetilsyn
Avd.II
Postboks 8128 Dep
0032 Oslo.
Frist for innsending av søknad er 21. august 2007.