Forsvarlege avlastnings- og støttekontakttenester?
Fylkesmennene har i landsomfattande tilsyn i 2007 undersøkt om kommunane sikrar forsvarleg tildeling av avlastnings- og støttekontakttenester. Tilsynet omfatta også om tenestene var sette i verk, og om kommunane sikra at avlastarar og støttekontaktar har nødvendig kunnskap og tilstrekkelege ferdigheiter. I 61 av dei 66 undersøkte kommunane konstaterte fylkesmennene avvik (brot på lov eller forskrift) og/eller merknad (påpeikt forbetringspotensial) på eitt eller fleire av dei områda som blei undersøkte.
-I tre firedelar av dei undersøkte kommunane konstaterer fylkesmennene svikt når det gjeld tildeling av avlastnings- og støttekontakttenester. Dette er eit for høgt tal og vi ser alvorleg på at så mange kommunar ikkje har desse tenestene på stell, seier direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn.
Mange av dei kommunane som er undersøkte sikrar ikkje forsvarleg saksbehandling, blant anna utgreiingar og kartleggingar av behov og individuelle vurderingar. Funn frå tilsynet viser at kommunane ofte gir støttekontakt med eit bestemt tal timar per veke utan at dei behova brukaren har, er individuelt vurderte. Jamlege evalueringar som kan fange opp behov for endringar, blir i liten grad gjennomførte. Mange stader blir saksbehandlinga gjort munnleg utan høve til å klage, dokumentasjon manglar, og det blir ikkje gitt opplysningar om høve til å søkje ulike tenester. Informasjon om at det er høve til å søkje avlastning, blir i mange av dei undersøkte kommunane berre gitt for barn og funksjonshemma. Hjemmebasert avlastning og støttekontakttenester er i liten grad tilgjengelege tenester for eldre. Tilsynet viser at i mange av dei undersøkte kommunane er tildeling og iverksetjing av avlastnings- og støttekontakttenester lagde til fleire ulike tenestestader i kommunane, ofte organiserte etter diagnose og alder på brukarane. I fleire kommunar fører dette til ulikskapar i tildelingspraksis innafor same kommunen.
Funn frå tilsynet viser også at ein del av kommunane som er undersøkte, skil klart mellom avlastningsopphald etter sosialtenestelova og korttidsopphald etter kommunehelsetenestelova. Ved korttidsopphald er det mogleg for kommunen å krevje at brukaren betaler eigendel (vederlag). Når kommunane ikkje skil godt nok mellom avlastning og korttidsopphald, kan det føre til at kommunen uheimla krev betaling for avlastningsopphald.
Mange av dei undersøkte kommunane har vanskar med å setje i verk eigne vedtak, blant anna fordi det er vanskeleg å rekruttere avlastarar og støttekonktaktar. Særleg gjeld det vedtak om hjemmebasert avlastning og støttekontakt. Avlastning i institusjon – sjukeheim eller avlastningsbustad – blir mange stader gitt avhengig av kva tenester kommunen har å tilby, og ikkje avhengig av kva behov søkjaren har for avlastning.
I godt over halvparten av dei undersøkte kommunane konstaterer fylkesmennene at kommunane ikkje sikrar at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter. Mange kommunar følgjer ikkje opp og tilbyr ikkje opplæring og rettleiing til støttekontaktar og avlastarar etter at oppdraget er sett i gang, og sikrar heller ikkje jamleg kontakt og oppfølging undervegs i oppdraget. Tilsynserfaringane viser at kommunane oftare sikrar opplæringa av støttekontaktar og avlastarar før tiltaka blir sette i verk, enn undervegs.
- Avlastning og støttekontakt – tjenester med betydning for et bedre liv! Oppsummering av landsomfattende tilsyn i 2007 med avlastnings- og støttekontakttjenester etter sosialtjenesteloven. Rapport fra Helsetilsynet 4/2008 (pdf)
- Sammendrag med lenker til engelsk og samisk sammendrag, samleside med tilsynsrapporter og Statens helsetilsyns veileder for fylkesmennenes gjennomføring av tilsynet.
3.3.2008