Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bilde av forsiden

Torleiv Robberstad: Helse- og omsorgsstatistikk – eit verktøy for områdeovervaking

Rapport fra Helsetilsynet 2/2009
PDF

Eit av arbeidsfelta for Helsetilsynet i fylket og Fylkesmannen er å halde seg -orientert om sosial- og helseforholda i fylket og dei faktorane som verkar inn på desse. Dette feltet blir gjerne kalla områdeovervaking.

Områdeovervaking skal framskaffe kunnskapen som kan brukast

  • til å beskrive tilstanden,
  • til å finne fram til område med svikt eller risiko for svikt,
  • som grunnlag for å vurdere om det trengs tilsyn,
  • for å peike på udekte behov eller variasjonar som ikkje er i samsvar med helselovgjevinga og nasjonale mål, prioriteringar og andre føringar.

Helsetilsynet i fylket og Fylkesmannen står i skjeringspunktet mellom nasjonale mål, kommunalt sjølvstyre og individuelle rettar. Lover og forskriftsverk seier mykje om alle desse tre vektorane, og statleg forvaltning i fylket er viktig i av-veging og utforming av praksis.

Systematisk områdeovervaking vil gi betre grunnlag for å synleggjere sårbare område i forhold til forsvarlege tenester og andre lovkrav. Det er eit verktøy for å vakte nasjonale helsepolitiske mål og følgje med på korleis kommunar og helse-føretak oppfyller desse. Dette arbeidet må vere tufta på godt nok kunnskapstilfang.

Statistiske opplysningar som er rutinemessig innsamla og offentleg publisert er
ein del av faktagrunnlaget som kan fortelje både om tenestevolum, kvalitet og ventande endringar i behov dei komande åra.

Denne rapporten handlar om bruk av slik statistikk i områdeovervaking. Den handlar mest om kommunale tenester, så mykje av stoffet kan nok også vere nyttig for kommunane i deira arbeid etter § 1-4 i kommunehelsetenestelova.