Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bilde av forsiden

Oppsummering av tilsyn med virksomheter godkjent for håndtering av humane celler og vev til assistert befruktning

PDF

Tilsynsrapporter — celler og vev

Søk

Krav til fertilitetsklinikker blir ikke alltid overholdt

Artikkel fra Tilsynsmelding 2012
PDF

Statens helsetilsyn har gjennomført tilsyn med verksemder som Helsedirektoratet har godkjent for handtering av celler og vev berekna for assistert befruktning. Assistert befruktning er medisinsk behandling som har til formål å befrukte egg-cellene til ei kvinne med sædceller, i eller utanfor kroppen til kvinna.

Ved åtte av ti verksemder blei det påpeikt avvik. Fem verksemder hadde mangel-full merking av det humane materialet, og seks verksemder mangla samla slutt-kontroll av embryo før tilbakeføring. Statens helsetilsyn tolkar krava i forskrifta på desse områda strengare enn det verksemdene har gjort.

Medvit rundt kvalitet og sikkerheit hos leiarar og tilsette førte til at Statens helsetilsyn oppfatta risikoen for feil som liten.Ved fire verksemder blei det påpeikt manglar ved bruk og kontroll av kritisk utstyr, og ved éi verksemd blei det påpeikt at lokala ikkje tilfredsstilte krava i forskrifta. Feil og manglar ved utstyr og lokale aukar faren for at materialet kan bli skadd eller gå tapt.