Rapport frå tilsyn med Bergen kommune - barnevernstenesta i Åsane 2014
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i perioden 25.9.-26.9.2014 tilsyn med Bergen kommune - barnevernstenesta i Åsane.
Tilsynet omfatta barnevernstenesta sitt arbeid med barn som bur i kommunale fosterheimar. Tema for tilsynet var:
- Oppfølging og kontroll av barnets situasjon i fosterheimen
- Barnets medverknad
- Råd og rettleiing til fosterforeldra
Det vart ikkje funne grunnlag for avvik. Tilsynet er derfor avslutta.
Dato: 6. november 2014
Vibeke Herskedal
revisjonsleiar
Randi Alme Flataker
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bergen kommune, barnevernstenesta i Åsane, i perioden 25.9.2014- 26.9.2014.
Tilsynet omfatta barnevernstenesta sitt arbeid med barn i kommunale fosterheimar. Vi har sett på barnevernstenesta sin oppfølging og kontroll av barnets situasjon i fosterheimen, barnets medverknad og råd og rettleiing til fosterforeldra.
Tilsynet inngår som ein del av Fylkesmannens planlagde tilsynsverksemd for inneverande år, og er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale barnevernstenester i 2013-2014, initiert av Statens helsetilsyn, jf. lov om barnevernstenester (bvl) § 2-3b.
Fylkesmannen i Hordaland er gitt mynde til å føre tilsyn med den kommunale barnevernstenesta, jf. bvl § 2-3, 4. ledd.
Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.
Revisjonen omfatta å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, med der tilsynsmyndigheita finner grunn til å påpeike mogelegheit for betring
2. Omtale av verksemda
I Bergen kommune er det 8 bydelar med ei barnevernsteneste i kvar bydel. I tillegg har kommunen ei eiga barnevernsvakt som ein kan ta kontakt med ved behov for akutt hjelp eller støtte på kveldstid, i helgar og høgtider.
Bergen kommune er organisert i fleire etatar. Barnevernstenesta er underlagt etat for barn og familie, med etatssjef som leiar. Helsestasjon, skulehelseteneste, barnevernsvakta og utekontakten er organisert i same eininga. Etatssjef har kommunaldirektør sine fullmakter innanfor sitt område.
Åsane barnevernsteneste er organisert i tre team, der team 1 og 2 i hovudsak arbeider med undersøking og oppfølging av hjelpetiltak i heimen og team tre, Barn under omsorg (BUO),
arbeider med barn som er plassert utanfor heimen. Barnevernsleiar er overordna fagleg, administrativ og personalansvarleg for resultateininga
Kommunens rapportering til Fylkesmannen pr. 30.6. 2014 viser at dei har oppfølgings og kontrollansvar for 46 barn.
Bergen kommune har, isamband med regjeringa si styrking av det kommunale barnevernet, fått tildelt midlar til 4,3 stillingar for 2014.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt ut 11. august 2014. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 25. september 2014.
Intervju
Under tilsynet blei 8 personar intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 26. september 2014.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom sine styringstiltak sikra at deira oppfølging og kontroll av barnets situasjon i kommunale fosterheimar blir utført i samsvar med krav i barnevernslova.
Tema for tilsynet var:
- Oppfølging og kontroll av barnets situasjon i fosterheimen
- Barnets medverknad
- Råd og rettleiing til fosterforeldra
Lovkrav på området:
- Barnevernslova § 4-22 med tilhøyrande forskrift om fosterheim
- Barnevernslova §§ 4-5, 4-15 tredje ledd og 4-16 om planar og oppfølging av tiltak
- Barnevernslova § 3-2a om plikta til å utarbeide individuell plan
- FNs barnekonvensjon og barnevernslova § 6-3 om barns medverknad
- Barnevernslova § 2-1, forskrift om kommunens oppgåver og internkontroll
Det lovpålagte styringssystemet for barnevernstenestene skal bidra til å sikre at krav i barnevernslova vert halde. Kommunen sine styringstiltak skal sikre at deira oppfølging og kontroll med barnets situasjon i kommunale fosterheimar vert utført i samsvar med lovkrav. Barnevernstenesta skal sikre at kvart enkelt barn som bur heile eller deler av sin oppvekst i fosterheim fa'r tilfredstillande omsorg, og at dei føresetnadene som blir lagt til grunn for plasseringa blir følgt opp.
Barns rett til å bli høyrt og medverke går fram både av nasjonal lovgjeving og av FNs barnekonvensjon.
5. Funn
Det vart ikkje funne grunnlag for avvik under tilsynet.
6. Regelverk
- FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989.
- Lov om barneverntjenester av 17.juli 1992 nr. 100 (barnevernsloven).
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967.
- Forskrift om internkontroll for kommunens oppgåver etter lov om barneverntenester av 14. desember 2005 nr 1584.
- Forskrift om fosterheim av 18. desember 2003 nr. 1659
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:
- Organisasjonskart over Åsane barnevernsteneste
- Namn/stilling på tilsette i dei ulike team
- Stillingsomtale
- Intern delegasjon
- Intern møteplan
- Rutine/sjekkliste for nytilsette
- Handlingsplan for Åsane barnevernsteneste
- Kartleggings-/analyseskjema for risikofaktorar
- Oversikt over interne, skriftlege rutiner
- Risikoanalyse for temaet for tilsyn
- Utgreiing for tiltak som skal sikre opplæring, fagleg kvalitet og rekruttering
- Styringskort for barnevernstenesta i Bergen kommune
- Budsjett- og oppdragsnotat frå etat for barn og familie
- Rapporteringsskjema til Fylkesmannen pr. 31.12.2013
- Rapporteringsskjema til Fylkesmannen pr. 30.6.2014.
- Intern orientering om avviksrapportering
- Intern prosedyre ved avvik
- Oversikt over eksisterande formalkompetanse
- Opplæringsbehov/gitt opplæring i 2014
Åsane barnevernsteneste sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheim:
Lov, forskrifter, retningsliner
- Rutinehandbok for kommunens arbeid med fosterheim
- Tilsynsfører i fosterheim -rettleiar
- Oppgåve- og ansvarsdeling mellom kommunar og statlege barnevernsmyndigheiter
Interne rutinar og prosedyrar
- Gjennomføring av lovpålagt tilsyn for fosterbarn
- Rutine for oppfølging i fosterheim
- Melding til Bufetat om avslutta fosterheim
- Reduksjon av tilsyn i fosterheim
- Purring på tilsynsførarrapport
- Overføring av saker mellom Tl/T2 og plasserte barn
- Rutiner for tilsyn
- Evaluering av hjelpetiltak
- Nye reglar om møtereferat
- Rutine for beslutningsmøte
- Rutine for engasjementavtala
Sjekklister
- Sjekkliste- ved plassering
- Sjekkliste- samarbeid mellom barneverntjenesten og bufetat
- Sjekkliste- fosterhjemsavtale- omsorgsovertakelse § 4-12
- Sjekkliste- fosterhjemsavtale ved hjelpetiltaksplassering av ungdom over 18 år
- Sjekkliste- søknad om fosterhjem
- Sjekkliste- etablering av tilsynsfører for fosterbarnet
- Sjekkliste- vedtak om fosterhjemsplassering
- Sjekkliste- rekruttering av fosterhjem
- Sjekkliste- avslutning av fosterhjem
- Sjekkliste- godkjenning av fosterhjem for det enkelte barn
- Sjekkliste plasseringsfasen
- Sjekkliste- fosterhjemsavtalte ved hjelpetiltaksplassering etter § 4-4, 4.ledd
Avtaler
- Avtale (forside)
- Fosterhjemsavtalen
- Avtale om plassering av ungdom i fosterhjem etter fylte 18 år, jfr. bvl. § 4-4, 4.1edd
- Avtale om tiltak etter fylte 18 år
- Erklæring om samtykke til videre oppfølging etter fylte 18 år
- Avtale om frivillig plassering etter hvi. § 4-4, 4.1edd
- Fosterforeldrenes arbeidsrettslige stilling og deres sosiale rettigheter (vedlegg til fosterheimsavtalen.)
- Forsterkningstiltak i fosterhjem- brev fra bufetat
- Vedlegg: retningslinjer om refusjon
- Vedlegg: Refusjonssøknadens innhold
- Vedlegg: Mal på forsterkningsavtale
- Forsikringsavtaler i Bergen som omhandler fosterbarn plassert på § 4-12 og oversikt over erstatningar
- Forsikringsbevis Bergen Kommune
- Avtale om godkjenning av fosterhjem mellom kommuner
- Avtale om tilsynsansvar
Rutiner for etablering av fosterheim
Samvær- og utgiftsdekning ved samvær
Kvalitetssikringsskjema bvl §§ 4-12 og 4-4
Godkjenning av fosterheim, besøksheim og støttekontakt
Retningsliner om individuell plan
Dokumentasjon som blei gjennomgått isamband med tilsynet:
- Eit utval av saksmapper der barnet er under omsorg og er plassert i kommunal fosterheim, jf. bvl § 4-12 - (15 saksmapper).
- Alle barn som er frivillig plassert i kommunal fosterheim, jf. bvl § 4-4, 4. ledd (3 saksmapper).
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:
- E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet, program for tilsynet og kva sakmapper ein ønska å gjennomgå.
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen deltok:
Seniorrådgjevar Randi Alme Flataker
Rådgjevar Ivar Skjolden
Seniorrådgjevar Marianne Lunder Kjelby, observatør
Seniorrådgjevar Vibeke Herskedal, tilsynsleiar
Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet
2013-14 Oppfølging av barn i fosterhjem
Søk etter tilsynsrapporter