Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med barnevern- og helse- og omsorgstenester i Bergen kommune, Årstad bydel 10. og 16. juni 2014.

Målgruppa for tilsynet var utsette barn i skulepliktig alder, 6-18 år. Når barna har behov for samordna tenester, har barnevern- og helse- og omsorgstenestene lovpålagt plikt til å samordne tiltak og samarbeide med kvarandre.

Vi undersøkte om Bergen kommune ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, tilbyr, følgjer med på, og om nødvendig forbetrar tenestene slik at utsette barn i skulepliktig alder blir fanga opp og får rett hjelp og oppfølging til rett tid.

Ved tilsynet er det avdekt svikt i styring av tenestene, jamfør kapittel 6. Situasjonen i barneverntenesta er alvorleg. Det er svært sannsynleg at situasjonen i barneverntenesta også har konsekvensar for det tverrfaglege og tverretatlege samarbeidet om utgreiing og oppfølging av utsette barn og unge og deira foreldre/føresette.

Ved tilsynet blei det påpeikt eitt avvik, sjå kapittel 5.

Frist for tilbakemelding om iverksetting av tiltak for å rette avviket er 1. september 2014.

Anne Grete Robøle
Revisjonsleiar

Hilde Ordemann
Revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bergen kommune 10. og 16. juni 2014. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med barnevern- og helse- og omsorgstenester etter lov om barneverntenester § 2-3 tredje ledd, jamfør § 2-3b og lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Dette tilsynet omfattar tenester i to byrådsavdelingar med tilhøyrande etatar og resultateiningar. Avdelingane er: Byrådsavdeling for sosial -, bustad- og områdesatsing og Byrådsavdeling for helse- og omsorg.

Etat for psykisk helse og rustenester som mellom anna ansvar for dei bydelsvise avdelingane for psykisk helse for vaksne, høyrer inn under Byrådsavdeling for sosial, bustad og områdesatsing.

I Byrådsavdeling helse og omsorg har Etat for barn og familie ansvar for barneverntenester, helsestasjons- og skulehelseteneste, Barnevernvakten og Utekontakten og frå 1. juni 2014 psykisk helseteneste for barn og unge. Barnevern- og helsestasjons- og skulehelseteneste er organisert med einingar i kvar bydel. Barnevernvakten og Utekontakten er byomfattande tenester.

Koordinatorane for psykisk helse barn og unge var fram til 1. juni organisert anten i Psykisk helse for vaksne eller i PP-tenesta. Etter overføring til Byrådsavdeling helse og omsorg, Etat for barn og familie er det administrative og faglege ansvaret for psykisk helseteneste for barn og unge lagt til barnevernets fire senter for familieveiledning.

Psykisk helseteneste for barn og unge skal vere eit lågterskeltilbod og kunne kontaktast utan tilvising. Stillinga har tidlegare vore organisert i PP-tenesta og har vore vakant. Stilling som koordinator for barn og unge med psykiske lidingar i Årstad blir lyst ut når Etat for barn og familie får midlar til dette.

Etat for forvaltning har ansvar for forvaltningseiningane som fattar vedtak om tildeling av pleie- og omsorgstenester. Døgnavlastning for barn med psykiske problem blir gitt frå Etat for utviklingshemma.

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering er lagt til forvaltningseiningane. Utgreiing av framtidig organisering av koordinerande eining blei påbegynt hausten 2013 og er framleis under utgreiing.

Om lag 25 % av barna frå 0-18 år i Årstad bydel har ikkje-vestleg bakgrunn.

I 2013 fekk Årstad barnevernteneste 476 bekymringsmeldingar. Per 31. desember 2013 var i alt 405 barn i tiltak. 68,4 % av barna fekk hjelpetiltak i heimen.

Barneverntenesta i Årstad har fem avdelingar, Senter for familieveiledning er den eine. Tilsette i denne avdelinga gir etter oppdrag frå barnevernet tilbod til familiar med heimebuande barn for å styrkje foreldrekompetanse og førebyggje plassering av barnet.

Tilsette i helsestasjons- og skulehelsetenesta i Årstad har fått opplæring og rettleiing i å melde bekymring til barnevernet. Talet på meldingar til barnevernet frå desse tenestene er vesentleg høgare enn frå dei andre helse- og omsorgstenestene i dei to byrådsavdelingane som dette tilsynet omfatta.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta i bydelen gir utvida tilbod til foreldre og barn med etnisk minoritetsbakgrunn.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta og barneverntenesta i Årstad deltek mellom anna i Modellkommuneprosjektet, samarbeidsforum, tverrfaglege team på skular som har dette, samarbeidsprosjektet «Bare bekymring» og i konsultasjonsteam.

Det er ikkje tverrfaglege team ved alle skular i bydelen.

Dei enkelte deltenestene har styrande dokument for informasjon og samarbeid med kvarandre, somme har og faste møtepunkt i løpet av året, deltek i utviklingsarbeid og i tverrfaglege team og i ansvarsgrupper.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 23. april 2014.

Opningsmøte blei halde 10. juni 2014.

Intervju: 14 personar blei intervjua.

Stikkprøver i 32 pasientjournalar og klientmapper, sjå kapittel 8 for informasjon om kva som blei undersøkt

Sluttmøte blei halde 16. juni 2014.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument vi fekk frå Bergen kommune før tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta barnevern- og helse- og omsorgstenester til utsette barn i skulepliktig alder (6-18 år).

Utsette barn er i denne samanheng barn og unge som ved tilbaketrekking, utagering, rusmisbruk eller som ved si åtferd på annan måte viser at dei treng samordna hjelp frå barnevern- og helse- og omsorgstenestene. Utsette barn omfattar også barn og unge som treng samordna hjelp/tenester på grunn av situasjonen eller åtferda til foreldra.

Vi har undersøkt om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomfører endringar slik at

  • Barnevern- og helse- og omsorgstenestene fangar opp og vurderer behov for samarbeid og samordning i samband med undersøking og utgreiing
  • Barnevern- og helse- og omsorgstenestene informerer og samarbeider med kvarandre og barna/familien ved utgreiing, iverksetting og gjennomføring av tenester
  • Rette tiltak og tenester blir gitt til rett tid
  • Tiltak og tenester blir regelmessig evaluert og endra når det er nødvendig

5. Funn

Avvik:

Leiinga i kommunen er kjent med at barneverntenesta ikkje oppfyller lovpålagte krav. Rutinar for sentrale arbeidsoppgåver blir ikkje følgde. Nødvendige korrigerande tiltak er hittil ikkje sett i verk.

Avvik frå: Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester § 4 f, g og h, jamfør lov om barneverntenester § 1-4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Per 10. juni 2014 var meldingar om 20 familiar med til saman 36 barn som skal følgjast opp med undersøking, ikkje fordelt til saksbehandlar. Dei fleste meldingane var mottekne i mai, nokre var frå mars/april. Fleire av meldingane galdt bekymring om bruk av vald. I intervju blei det opplyst at dei fleste meldingane til barnevernet dreier seg om vald, til dels alvorleg vald, og at dette er saker som krev spesiell tilnærming.
  • Per 10. juni 2014 var det brot på 3-månaders fristen for undersøking i 30 saker. Til samanlikning rapporterte barneverntenesta per 31.12.2013 om 72 saker der det ikkje låg føre konklusjon på undersøking innan fristen på 3 månader. I 14 av dei 72 sakene var fristen for undersøking utvida til 6 månader.
  • Oversikt over undersøkingar, utskrift frå Familia som blei lagt fram 10. juni 2014, viser at det i enkelte saker tek meir enn 3 månader frå ei sak er fordelt til saksbehandlar og til undersøking blir påbegynt. Det går fram same oversikt at det per 16. juni 2014 mangla konklusjon i 5 saker der fristen for å konkludere på undersøking var i februar 2014. Dei fem sakene gjeld barn i ein familie. At det mangla konklusjon i desse sakene, var ikkje fanga opp.
  • Det blei opplyst i intervju at malen for undersøking av saker ofte ikkje blir brukt og grunngitt med at malen er for tidkrevjande å bruke og stor saksmengde for den enkelte saksbehandlar.
  • Skriftleg plan for undersøking går unntaksvis fram av journal.
  • Det blei opplyst i intervju at det reint unntaksvis blir skrive undersøkingsrapport.
  • Barneverntenesta har skriftleg rutine om tilbakemelding til offentleg meldar etter gjennomført undersøking 1. Opplysningar i intervju og funn ved stikkprøver tilseier at barneverntenesta ikkje har ein innarbeidd praksis for å gi tilbakemelding til offentleg meldar etter gjennomført undersøking.
  • Det er uavklart i kva tilfelle meldar skal få tilbakemelding om tiltak barnevernet har sett i gang. Samarbeidspartnarar ønskjer tilbakemeldingar om tiltak frå barneverntenesta. Dei ønskjer også tilbakemelding om saker ikkje blir påbegynt.
  • Tiltak frå Senter for familieveiledning kjem seinare i gang med tiltak fordi barneverntenesta utset oppstartsmøte. Evaluering av tiltak som Senter for familieveiledning utfører på oppdrag frå barneverntenesta er i fleire tilfelle også utsett grunna avlysing av møte frå barneverntenesta si side.
  • Ved stikkprøve i journalar mangla det skriftleg dokumentasjon av at tiltak var evaluert i løpet av det siste året i 9 av 10 saker. Rutine tilsendt før tilsynet 2 seier at tiltak skal evaluerast minst ein gong i kvartalet.
  • Rutine for skriftleg melding om avvik blir ikkje brukt. Informasjon om uønskte hendingar blir eventuelt gitt munnleg til avdelingsleiar og i felles møte.
  • I brev av 28. november 2012 frå barnevernsjef til etatssjef går det mellom anna fram at barneverntenesta i periodar på inntil tre månader ikkje hadde kapasitet til å fordele nye saker til saksbehandlarar, at fleire av sakene var alvorlege og med store behov for hjelp.
  • Det er ikkje vurdert korleis den aktuelle situasjonen i barneverntenesta innverkar på samarbeid med andre tenester for å vareta og koordinere tilbod til utsette barn og unge og deira foreldre/føresette. Det er ikkje gjort ein samla gjennomgang av etatar og einingar i dei to byrådsavdelingane med sikte på å identifisere og førebyggje svikt i samarbeid mellom einingane som tildeler og gir tenester til utsette barn og unge og deira foreldre/føresette.

Kommentar:

Ved lovendring i 2009 kom føresegna om tilbakemelding til meldar i barnevernlova § 6-7a. Hovudregelen er at offentleg meldar skal få tilbakemelding om at melding er motteken, om det er sett i verk undersøking og om tiltak er sett i verk. I tillegg skal barneverntenesta vurdere om offentleg meldar skal ha tilbakemelding om kva tiltak går ut på når det er nødvendig for at meldar skal kunne vareta sine plikter overfor barnet. Denne plikta strekkjer seg altså lenger enn den plikta barnevern- tenesta har om å gi tilbakemelding dersom dette er nødvendig for å fremje barneverntenesta sine oppgåver, jf. barnevernlova § 6-7.

1 Rutine tilbakemelding til melder, ansvarsfordeling i mottak, datert 20. september 2009

2 Intern rutine for evaluering av hjelpetiltak, jf. barnevernloven § 4-5

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Styring med tenestene (internkontroll) føreset at leiarar følgjer med på eige verksemd og set i verk førebyggjande og korrigerande tiltak når dette er nødvendig. Eigar og leiarar har ansvaret for rammer og organisatoriske løysingar som gjer det mogleg å oppfylle krav i barnevern- og helse- og omsorgslovgjevinga.

Tenestene er styrt i line frå kommunaldirektør til etatssjef og resultateiningsleiarar i Årstad bydel. Det er avklart kva mynde og ansvar som ligg til etatssjefar, einingsleiarar og avdelings-/gruppeleiarar i einingane. Det ligg føre interne opplæringsplanar. Vidareutvikling/styrking av kompetanse for å fange opp og vareta utsette barn er prioritert i helsestasjons- og skulehelsetenesta og barneverntenesta. Brukarundersøkingar og medarbeidarundersøkingar blir gjennomført etter oppsett plan i styringskort for tenestene. Sjølv om etatar og resultateiningar som dette tilsynet omfatta, har styrande dokument for informasjon og samarbeid med kvarandre, varierer det kor mykje og nært samarbeidet er i praksis.

Ved tilsynet er det avdekt alvorleg svikt i barneverntenesta, jf. kapittel 5. Mange utsette barn og unge i skulepliktig alder får ikkje tenestene som dei skal ha til rett tid. Det er svært sannsynleg at situasjonen i barneverntenesta også har konsekvensar for det tverrfaglege/- etatlege samarbeidet om utgreiing og oppfølging av utsette barn og unge og deira foreldre/føresette.

Ved leiinga sin gjennomgang av styring (internkontroll) med barneverntenesta i Årstad er det ikkje fanga opp at rutinar for sentrale oppgåver som til dømes tilbakemelding til offentleg meldar, utarbeiding av undersøkingsrapport, evaluering av hjelpetiltak og melding om avvik, ikkje blir følgde.

Manglande gjennomgang av det samla tenestetilbodet til utsette barn og unge med sikte på å identifisere sårbarheit og eller svikt i kvar teneste og i samarbeidet med andre, og manglande korrigering av kjent svikt, er ein vesentleg mangel ved kommunens styring med tenestene.

7. Regelverk

  • Lov av 17. juli 1992 om barneverntjenester (barnevernlova)
  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 14. desember 2005 nr. 1584om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenesten
  • Andre relevante forskrifter

8. Dokumentunderlag

- E-brev 15. mai 2014 frå Bergen kommune, barnevernsjef Anne Karin Nesse

  • Grunnlagsdokument Senter for familieveiledning,
  • Rutiner og inntakssenter for familieveiledning
  • Opplæringsplan 2013

- E- brev 19. mai 2014 frå Bergen kommune, Byrådsavdeling for sosial, bolig og områdesatsing med følgjande vedlegg:

  • Rutine for oppfølging av barn i Etat for psykisk helse og rustjenester, godkjent 13. april 2014 vedlagt skjema «Kartlegging av barn 0-18 år når foreldre mottar helsehjelp» og kontaktinformasjon for helsestasjons- og skolehelsetjenesten i Bergen
  • Styringskort Etat for psykisk helse 2014, brukere, mål, operasjonalisering av målene og felles strategikart
  • Organisasjonskart Etat for psykisk helse og rustjenester
  • Fagfullmakter for Etat for psykisk helse og rustjenester pr 1. november 2011

- Brev av 22. mai 2014 frå Bergen kommune, Byrådsavdeling helse og omsorg med følgjande vedlegg:

  • Styringskort 2014 Etat for forvaltning
  • Delegering av fagfullmakter til Forvaltningsenheten Sone Sør ved leder fra etatssjef forvaltning, datert 6. juni 2011 vedlagt flytskjema saksbehandling, mal individuell plan
  • Årsplan 2014 Forvaltningsenheten Sone Sør
  • Budsjett- og oppdragsnotat til Etat for forvaltning i 2014 fra kommunaldirektøren, datert 1. mai 2014
  • Kompetanseplan for Forvaltningsetaten i Bergen kommune 2014
  • Endret organisering av forvaltningsenhetene, sent til Arbeidsmiljøutvalg Byrådsavdeling helse og inkludering fra kommunaldirektør, datert 12. oktober 2010
  • Individuell plan, retningslinje, dater 20. oktober 2011
  • Forslag arbeidsprosess – reorganisering av koordinerende enhet, datert 3. desember 2013

- E-brev 23. mai 2014 med vedlegg frå Toril Økland, einingsleiar Årstad helsestasjons- og skolehelsetjeneste med følgjande vedlegg:

  • Organisasjonskart for helsestasjons- og skolehelsetjenesten Årstad
  • Samarbeid barneverntjenesten og helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  • Oversikt ansatte Landås og Solheimsviken 2014
  • Arbeidsbeskrivelse for helsesøster i Årstad, datert 1. januar 2014
  • Arbeidsbeskrivelse for gruppeleder/koordinator, helsestasjons- og skolehelsetjenesten Årstad, datert 17. februar 2014
  • Arbeidsplan for legene i skolehelsetjenensten og helsestasjon for ungdom vår 2014 Årstad
  • Registrering av oppfølgingsgrupper barn 0-20 år, datert 9. mai 2012
  • Helsepersonells plikt til å gi opplysninger til barneverntjenesten, siste datering 29. juli 2013, vedlagt skjema «Melding til barneverntjenesten fra annen offentlig instans», mal oversendingsbrev «Melding til barneverntjenesten fra annen offentlig instans», «Pålegg fra barneverntjenesten om utlevering av opplysninger», «Informert samtykke i forbindelse med utveksling av taushetsbelagte opplysninger»
  • Rutine for samarbeid med fastlegene, siste datering 30. juli 2013, vedlagt skjema «Henvendelse til fastlege», «Informert samtykke i forbindelse med utveksling av taushetsbelagte opplysninger»
  • Rutine for overføring av opplysninger mellom ansatte i helsestasjons- og skolehelsetjenesten i Bergen og deres samarbeidspartnere, siste datering 20. desember 2013 vedlagt «Informert samtykke i forbindelse med utveksling av taushetsbelagte opplysninger»
  • Rutine for oppfølging av barn som pårørende i psykisk helsetjenester, siste datering 25. mars 2014 vedlagt «Registreringsskjema av brukere som har barn – samtykke til kontakt med helsestasjons- og skolehelsetjenesten»
  • Oppstartsmøte mellom barneverntjenesten, helsestasjonstjenesten og foresatte etter bekymringsmelding Årstad, datert 27. mai 2013, vedlagt «Informert samtykke i forbindelse med utveksling av taushetsbelagte opplysninger»
  • Årsrapport for «Bare bekymring» 2013
  • Årsrapport 2013 Forsterket helsestasjon
  • Årsrapport fra forsterket helsestasjon «Rusfri start på livet» Solheimsviken helsestasjon 2013
  • Notat om økning av meldinger fra helsestasjonen til barnevernet, datert 21. oktober 2011
  • Samtalegrupper for barn av psykisk syke og rusmisbrukende foreldre, samtalegrupper gjennomført i perioden vår og høst 2012

- Dokument henta hos Årstad barneverntjeneste 22. mai 2014

  • Organisasjonskart pr. 31. desember 2013 Årstad barneverntjeneste
  • Intern delegasjon Årstad barneverntjeneste
  • Lederavtale for resultatenhetsledere, barneverntjenesten i Årstad
  • Opplæringsplan 2013/2014 Årstad barneverntjeneste
  • Tema i opplæring for nyansatte ved Årstad barneverntjeneste
  • Opplæringsplan 2013/2014 Senter for familieveiledning
  • Årsrapport 2013 – Årstad barneverntjeneste
  • Styringskort 2013 barneverntjenesten
  • Ressurssituasjonen i Årstad barneverntjeneste, datert 28. november 2012
  • Perm med skriftlege rutinar for meldingsfase, undersøkingsfase, tiltaksfase, innsyn i dokument og avviksbehandling:
  1. Meldingsfase
    Rutine for overholdelse av frister, siste datering 19. februar 2014
    Rutine tilbakemelding til melder, ansvarsfordeling i mottak, datert 20. september 2009 Rutine for fordeling av saker
    Innhenting av opplysninger i barnevernsaker, notat til barneverntjenestene fra kommunaldirektør, datert 11. august 2004
    Erklæring om samtykke Samtykke
  2. Undersøkingsfase
    Overholdelse av frister i undersøkelsessaker, datert 6. desember 2012 Rutine for overholdelse av frister, siste datering 19. februar 2014
    Oppstartsmøte mellom barneverntjenesten, helsestasjonstjenesten og foresatte etter bekymringsmelding i Årstad, datert 27. mai 2013
  3. Tiltaksfase
    Tiltaksplan
    Intern rutine for evaluering av hjelpetiltak, jf. barnevernloven § 4-5
    Prosedyre i saker hvor barnehageplass benyttes som hjelpetiltak fra barneverntjenesten etter lov om barneverntjenester § 4-4
    Rutine fosterhjemsarbeid
    Gjennomføring av lovpålagt tilsyn for fosterbarn i Bergen, datert 6. desember 2012 Brev av 26. august 2008 fra BLD til landets kommuner
    Rutine - dersom foreldre nekter å motta hjelpetiltak etter § 4-4
    Rutine ved gjenåpning av saker samt mal for varsel om når sak gjenåpnes og mal for varsling om at en sak vil bli gjenåpnet om 6 måneder
  4. Innsyn
    Brev av 27. mai 2009 fra BLD til landets kommuner Rutine innsyn i dokumenter
    Rutiner for innsyn i opplysninger som er omfattet av taushetsplikt
  5. Avviksbehandling
    Avviksskjema – melding av avvik og uønskede hendelser

- Brev av 27. mai 2014 frå Bergen kommune

  • Informasjon om kontaktperson for tilsynet

- E- brev 2. juni 2014 frå Bergen kommune

  • Budsjett og oppdragsnotat til Etat for barn og familie i 2014
  • Styringskort 2014 barneverntenesta
  • Styringskort 2014 for skulehelsetenesta
  • Notat – helsetenester til barn og unge med psykiske vanskar

Stikkprøver i pasientjournalar i skulehelsetenesta og saksmapper i barneverntenesta:

  • 14 pasientjournalar frå skulehelsetenesta der tilsette i tenesta har sendt melding til barnevernet eller er bedt om å gje opplysningar til barnevernet.
    Vi så etter om sak var drøfta anonymt, det var innhenta samtykke når det var aktuelt, om det var gitt tilbakemelding innan fristen når skulehelsetenesta hadde sendt melding, om det var gitt tilbakemelding etter at barnevernet hadde gjennomført undersøking, om barnet hadde ansvarsgruppe, eventuelt individuell plan, og om iverksette tiltak var evaluert.

    Melding til og anmodning om opplysningar er sendt i tidsrommet 5. september -14. april 2014. Barnevernet har bedt om opplysningar i 7 av 14 saker. Tre av 14 barn har ansvarsgruppe. Ingen har individuell plan.
  • 5 siste meldingar til barnevernet frå skulehelsetenesta
    Vi så etter om sak var drøfta anonymt, om det var innhenta samtykke når det var aktuelt, om det var gitt tilbakemelding innan fristen når skulehelsetenesta hadde sendt melding og om det var gitt tilbakemelding etter at barnevernet hadde gjennomført undersøking.

    Meldingane til barnevernet er sende i tidsrommet 9. januar -14. april 2014. Tilbakemelding til meldar er sendt innan fristen i fire av fem saker. Informasjon om tilbakemelding gjekk ikkje fram i den eine journalen.
  • 14 saker frå barneverntenesta
    Vi såg etter om meldingar blei gjennomgått innan fristen på 1 veke og om tilbakemelding blei gitt til offentleg meldar innan fristen på 3 veker. Vi såg etter om offentleg meldar fekk tilbakemelding etter fullført undersøking innan fristen på 3 veker, eventuelt om det blei informert om tiltak (vurdering). Vi såg etter om undersøkingar blei gjennomført innan 3 månader, eventuelt om det var grunngjeving for utvida frist til 6 månader, om tiltak blei evaluert og om det låg føre samtykke til å gi opplysningar til andre.

    Alle meldingane var gjennomgått innan ei veke. I 7 av 12 saker var det gitt tilbakemelding til meldar, i 2 saker var det ikkje gitt tilbakemelding og i 3 var det gitt tilbakemelding etter tidsfristen. Samtykke til å gi ut opplysingar gjekk fram i 1 av 12 saker.

    I 7 saker var undersøking ikkje gjennomført innan fristen på 3 månader. I 1 av sakene var det grunngjeving for utvida frist i samsvar med lovkrav. Det var gitt tilbakemelding til meldar etter undersøking i 1 av 12 saker.

    I 10 saker der det var relevant å sjå etter om tiltak var evaluert, var det i 1 sak dokumentert at tiltak var evaluert i løpet av det siste året.

Oversikt meldingar som ikkje var fordelt til saksbehandlar per 10. juni 2014

20 familiar med til saman 36 barn. Meldingane som ligg til grunn for avgjerd om undersøking var mottekne i tidsrommet 2. april – 30. mai 2014.

Konklusjon på undersøking innan 3 månader

Utskrift frå Familia 10. juni 2014 viser at 3-månaders frist for konklusjon på undersøking var broten i 30 saker.

Korrespondanse mellom Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 23. april 2014
  • E-brev av 19. mai 2014 med vedlegg frå Bergen kommune, Byrådsavdeling for sosial, bolig og områdesatsing
  • Brev av 22. mai 2014 med vedlegg frå Bergen kommune, Byrådsavdeling for helse og omsorg
  • Brev av 23. mai 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland til Bergen kommune, Byrådsavdeling helse og omsorg
  • E-brev 23. mai 2013 med vedlegg frå einingsleiar Årstad helsestasjons- og skulehelseteneste
  • Program for tilsynet, brev av 28. mai 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Brev av 2. juni 2013 frå Bergen kommune, tilbakemelding på program

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok:
Marianne Hammer, rådgjevar
Kristin Cotta Schønberg, ass. fylkeslege
Hilde Ordemann, seniorrådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar, leiar