Rapport frå tilsyn og vurdering av status i kommunens arbeid med jamleg oversikt over helsetilstand og positive og negative påverknadsfaktorar - Masfjorden kommune 2014
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland førte tilsyn med Masfjorden kommune 16.-17. september 2014. Tilsynet er del av det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid og blir gjennomført hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.
Tema for tilsynet (lovlegekontrollen) er om kommunen har kome i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne. Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta
Statens helsetilsyn har i tillegg gitt oppdrag om å kartleggje og gje ei vurdering av status i arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga.
Etter vår vurdering er kommunens arbeid med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar noko usystematisk. Fylkesmannen meiner at Masfjorden kommune kan forbetre styringa (internkontrollen) med oppgåvene etter folkehelselova og ved dette også styrkje og vidareutvikle det konkrete arbeidet med oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar.
Anne Grete Robøle
Seksjonsleiar Grete Riise
Seniorrådgjevar
1. Innleiing
Fylkesmennene skal føre tilsyn med om kommunen oppfyller lovpålagte plikter i eller i medhald av §§ 4-9 og §§ 27 og 30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).
Fylkesmannens ansvar og mynde til å føre tilsyn følgjer av folkehelselova § 31, jamfør kommunelova kapittel 10A.
Tilsynet med Masfjorden kommune 16.- 17. september 2014 er del av eit landsomfattande tilsyn med kommunens folkehelsearbeid som fylkesmennene gjennomfører etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.
Tema for tilsynet (lovlegkontrollen) er om kommunen er komen i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne.
Dersom tilsynet viser at kommunen ikkje har lagt til rette for og er i gang med oversiktsarbeidet, er dette brot på føresegner i folkehelselova. Kommunen blir då følgd opp til tilhøva er retta.
Dersom det kjem fram at kommunen har begynt arbeidet med jamleg oversikt, har Statens helsetilsyn gitt fylkesmennene i oppdrag å kartleggje og vurdere status i arbeidet. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga.
Denne rapporten omtaler funn ved tilsynet, kva som kom fram i kartlegginga og vår vurdering.
2. Masfjorden kommune
Masfjorden kommune er organisert i to nivå, 17 tenesteeiningar i line til rådmann og fem einingar i stab. Storleiken på kommunen er 574 km2. 1.1.2014 var 1693 personar busett i kommunen. Busetnaden er spreidd. Det er kommunal barnehage og full grunnskule, 1-10 klasse, tre stader i kommunen. Meir enn 60 % av elevane i grunnskulen deltek i aktivitetar i kommunens kulturskule. Det er i praksis lita eller inga ventetid for barnehageplass.
Kommunen har ikkje vidaregåande skule.
Kommuneoverlege er og fastlege og leiar av helseeininga. Det er lagt til rette for at kommuneoverlegen kan ha kontor på rådhuset ein dag i veka. Forskjellige andre oppgåver innverkar på i kva grad det let seg gjere.
2.1 Organisering av folkehelsearbeidet
Masfjorden kommune og Hordaland fylkeskommune har inngått partnarskapsavtale for folkehelse.
Kommunen hadde tilsett folkehelsekoordinator 2010-2012. Då koordinator slutta, blei oppgåvene overtatt av kommunalsjef. Det er no bestemt at frå hausten 2014 skal rådgjevar for helse og omsorg i rådmannens stab ha koordineringsfunksjon.
I oktober 2014 skal kommunestyret behandle sak om framtidig organisering av folkehelsearbeidet.
2.1.1 Undersøkingar kommunen har gjennomført
Innbyggjarundersøking i 2010: Innbyggjarane er i hovudsak nøgde med tenestene, mindre nøgde med bumiljø og senterfunksjonar, utbygging og utvikling og kollektivtransport og dei saknar sosiale møteplassar.
Undersøking blant innbyggjarar 65 år og eldre i 2011: Oppsummeringsrapport er ikkje utarbeidd. Svara tyder på at enkelte har lite sosialt nettverk. Fleire har sagt dei vil få vanskar om dei blir aleine. Ein del seier transporttilhøva er for dårlege og saknar treffstader på dagtid.
2.2 Planar
Kommuneplan for Masfjorden 2012-2024 Samfunnsdelen seier at Masfjorden kommune vil satse vidare på lokalsamfunnsutvikling med folketalsauke, bustadbygging og næringsutvikling som tydelege satsingsområde. Samferdsle og kommunikasjon er ei hovudutfordring. Bru over Masfjorden er hovudmålet i kommuneplanen. I planperioden er følgjande område prioriterte:
- Lokalsamfunnsutvikling, folketal og næring
- Samfunnstryggleik og beredskap
- Energi og klima
- Folkehelse
- Kvalitet og kompetanse
- Kommunal tenesteproduksjon
- Arealforvaltning
Det er sett mål, strategiar og tiltak for kvart område.
I planstrategi for Masfjorden kommune 2012-2016 er fokusområda frå kommuneplanen vidareført.
Trafikksikringsplan for Masfjorden kommune 2015-2019 blei sendt på høyring 23. juni 2014.
Kommunen har 17 kilometer europaveg med fem tunnelar, 106 kilometer fylkesveg med fem tunnelar og 70 kilometer kommunal veg. Ved ulukker er det lang utrykkingsveg.
Det går mellom anna fram i planen at trafikksituasjonen ved barnehagar, skular og anna kommunal verksemd må betrast. Trygg skuleveg for dei som går og syklar til skulen er eit prioritert område.
Kommunedelplan for helse, omsorg og sosial 2014-2016 med handlingsplan for 2014-2018 blei lagt ut til offentleg ettersyn 18. september 2014.
Oppvekstplan for Masfjorden kommune 2015-2026 er under arbeid. Status, utfordringar, mål og tiltak er omtalt i dokumentet som Fylkesmannen har fått tilsendt.
Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2014.
Heilskapleg plan for eit godt læringsmiljø
Høyringsframlegg september 2014 for Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule.
3. Gjennomføring
- Melding om tilsyn og kartlegging blei sendt 24. juni 2014.
- Innleiande møte blei halde 16. september.
- Samtalar med sju tilsette i kommunen blei gjennomført i gruppe og enkeltvis.
- Sluttmøte blei halde 17. september.
- Skriftlege dokument som er tilsendt, lasta ned frå kommunens nettside og nettsida til Folkehelseinstituttet og dokument som overlevert 9. og 10. september, er lista i kapittel 8.
4. Tilsyn, kartlegging og vurdering
4.1 Bakgrunn for val av tema for tilsynet
Oversikt over helsetilstanden og faktorar som kan påverke denne er ein nødvendig føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var difor eit naturleg tema ved det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid.
Kommunane skal både ha jamleg oversikt og utarbeide eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med kommunens folkehelsearbeid skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen. Ettersom dette tilsynet blir gjort hausten 2014, er det retta mot kommunens jamlege oversiktsarbeid.
Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk oversiktsarbeid.
Å ha kome i gang inneber at kommunen har lagt til rette for at dette arbeidet blir gjennomført slik folkehelselova og oversiktsforskrifta legg opp til, og at det er aktivitet på området.
Vi har undersøkt:
- Om arbeidet har tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga.
- Om det er avklart kva forhold kommunen har behov for å ha jamleg oppdaterte opplysningar om.
- Om kommunen har lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder.
- Om kommunen har lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane blir gjort tverrsektorielt.
- Om oppgåvefordelinga er avklart og kjent for involverte einingar og sektorar.
- Om kommunen sørgjer for at medarbeidarar har .tilstrekkeleg kunnskap til å utføre oppgåvene sine, her også om kommunen sørgjer for å ha nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse.
- Om leiinga i kommunen følgjer med på at det jamlege oversiktarbeidet har kome i gang og at det er aktivitet på området.
4.2 Kartlegging og vurdering av oversiktsarbeidet
I tillegg til lovlegkontrollen i det landsomfattande tilsynet er det ei målsetjing å medverke til at kommunane som er i gang, vidareutviklar arbeidet med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og positive og negative faktorar som kan verke inn på folkehelsa.
Folkehelselova og oversiktsforskrifta legg i stor grad opp til at kommunen ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, sjølv vurderer kva som er nødvendig innhald, omfang av opplysningar og vurderingar som er nødvendig for å ha jamleg oversikt.
På grunnlag av kartlegginga gir vi ei rettleiande vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet.
Vi har mellom anna kartlagt:
- Kommunens styring (internkontroll)
- Kva folkehelseutfordringar kommunen har identifisert, og kva tilhøve kommunen har bestemt å ha ei jamleg oppfølging av.
- Om kommunen har teke stilling til kva informasjonskjelder dei skal bruke og i kva grad opplysningar blir innhenta.
- Om det blir gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane.
- I kva grad opplysningar og vurderingar er skriftleg dokumenterte og tilgjengelege.
5. Fylkesmannens konklusjon ved lovlegkontrollen
Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk oversiktsarbeid.
Opplysningar som kom fram ved tilsynet, tilseier at arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar er kome kort.
Fylkesmannen finn likevel ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta.
6. Fylkesmannens kartlegging og vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet til kommunen
Kartlegginga har vi gjort ved å gjennomgå dokumenta som er lista i kapittel 8. Opplysningar om helsetilstand, påverknadsfaktorar og tiltak som er omtalte i dokumenta, har vi sett i samband med opplysningar som vi fekk i samtalane med leiarar og tilsette 16. og 17. september. I samtalane fekk vi opplysningar som tilseier at det er sett i verk tiltak og at det jamleg blir gjort vurderingar av utvikling eller endring på enkelte område.
Informasjonskjelder som blir nytta i oversiktsarbeidet er lokale data og lokal kunnskap og vurderingar, supplert med nasjonal statistikk. På grunn av små tal i nasjonal statistikk ofte noko usikre. Det gjeld til dømes fleire av indikatorane i folkehelseprofilen som Folkehelseinstituttet gir ut.
Oversiktarbeidet har forankring i den administrative leiinga i kommunen. Det er samsvar mellom omtale av positive og negative faktorar i kommunale planar og det som kjem fram i samtalar med tilsette om påverknadsfaktorar og tiltak. Møteplassar og tilbod i lokalmiljø og tilrettelegging for at barn og unge skal ha godt miljø for oppvekst og læring, er særleg vektlagt.
Merksemd på at folkehelsearbeid er tverrsektorielt og blir kopla til plan er viktig for å unngå at dette arbeidet blir oppfatta som ei oppgåve for enkeltperson eller ei teneste aleine.
I september 2014 er fleire sider ved kommunens styring med folkehelsearbeidet 1 kkje bestemt. Det er behov for nærare avklaring av kva oppgåver rådgjevar skal ha, kva fagleg kompetanse som trengst og dermed kven som skal delta i faglege vurderingar og analyse av innsamla opplysningar. Tydeleg plassering av ansvar for ulike oppgåver og utvikling av samarbeidsrutinar med etatane i kommunen vil bidra til å styrkje og systematisere arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar. Forankring i leiinga inneber og at leiinga følgjer med på om organiseringa er tenleg og om nødvendig oversikt ligg føre til rett tid.
7. Regelverk
- Lov av 24. juni 2011 nr. 20 om folkehelsearbeid.
- Forskrift av 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen.
8. Dokumentunderlag
Korrespondanse mellom Masfjorden kommune og Fylkesmannen i Hordaland.
- Melding om tilsyn og kartlegging, brev av 23. juni 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
- E-brev 5. juli 2014 frå Masfjorden kommune med informasjon om kven som er kommunens kontaktperson
- Brev av 5. juli med vedlegg 2014 frå Masfjorden kommune
- Program 16.-17. september, brev av 25. august 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
Dokument som er tilsendt frå Masfjorden kommune:
- Organisasjonskart
- Stillingsomtalar for kommuneoverlege, rådgjevar for oppvekst og kultur og rektor
- Høyringsframlegg til trafikksikringsplan for Masfjorden kommune, høyringsfrist 22. september 2014
- Kriseplan for Masfjorden kommune, vedteken av kommunestyret 29. mars 2012, sist oppdatert 3. juli 2014
- Kommunedelplan helse, omsorg og sosial 2014-2016
- Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2014
- Ungdata-undersøking i Masfjorden 2013
- Læringsmiljø – elevundersøkinga 2013
- Masfjorden kommune, partnerskapsavtale med Hordaland fylkeskommune 2014
Relevante dokument mottekne frå andre:
- Startpakke for reguleringsplanar, rettleiar for dei som utarbeider reguleringsplanar i regionen, Regionrådet for Nordhordland IKS
- Vurdering av interkommunalt samarbeid om folkehelsearbeid i Nordhordland, rapport frå arbeidsgruppe januar 2014. Kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy
Dokument som er lasta ned frå kommunens nettside og frå Folkehelseinstituttet:
- Masfjorden kommune – budsjett 2014
- Masfjorden kommune – årsmelding 2013
- Kommunal planstrategi for Masfjorden 2012-2016
- Kommuneplan for Masfjorden 2012-2024. Samfunnsdelen
- Masfjorden kommune, folkehelseprofil 2014
Dokument mottekne 16. september 2014
- Høyringsframlegg Heilskapleg plan for eit godt læringsmiljø for Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule
- Verksemdsplan for skuleåret 2014-2015 Sandnes skule
9. Deltakarar
Tabellen under gir ei oversikt kven vi samtalte med og kven som var til stades ved det innleiande møtet med informasjon om tilsynet og kartlegginga 16. september og ved vår tilbakemelding 17. september
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Rådgjevar Grete Kathrine Jacobsen, kommunal- og samfunnsplanavdelinga Seniorrådgjevar Grete Riise, helse- og sosialavdelinga
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle, helse- og sosialavdelinga, leiar
1 Sjå folkehelselova § 30 Internkontroll og Prop. 90 L (2010-2011) Lov om folkehelsearbeid