Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 9. og 11. desember 2014 tilsyn med barnevemstenesta i Osterøy kommune.

Tilsynet omfatta barnevemstenesta sitt arbeid med oppfølging av barn som bur i kommunale fosterheimar. Formålet med tilsynet var å undersøkje om kommunen gjennom sin styring og leiing sikrar at oppfølging og kontroll av barnet sin omsorgssituasjon i kommunale fosterheimar er forsvarleg.

Kommunen skal syte for at barn i fosterheimar får tilfredsstillande omsorg og at dei føresetnader som vart lagt til grunn for plasseringa blir følgd opp. Kommunen skal på ein systematisk måte følgje opp både fosterheimen og dei biologiske foreldra til beste for det einskilde barn.

Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller gitt merknader etter tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

Hilde Ordemann
revisjonsleiar

Marianne Hammer
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med barnevernstenesta i Osterøy 9. og 11. desember 2014.

Tilsynet omfattar barnevemstenesta sitt arbeid med barn i kommunale fosterheimar. Vi har sett på barnevernstenesta sin oppfølging barnet i fosterheimen, barnet si medverknad og oppfølging av fosterforeldra og biologiske foreldre.

Tilsynet inngår som ein del av Fylkesmannens planlagde tilsynsverksemd for inneverande år, og er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale barnevemstenester i 2013, initiert av Statens helsetilsyn, jf. lov om barnevemstenester (bvl) § 2-3b.

Fylkesmannen i Hordaland er gitt mynde til å føre tilsyn med den kommunale barnevemstenesta, jf. bvl § 2-3, 4. ledd.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin.

Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, med der tilsynsmyndigheita finner grunn til å påpeike magelegheit for betring

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Barnevernstenesta i Osterøy kommune er samla med PPT og Tverrfagleg teneste i Familiens hus. Denne tenesta er del av Sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Kommunen er delt inn i tre sektorar med rådmann som øvste administrative leiar. Barnevemleiar er einingsleiar for barnevemstenesta og rapporterer i linje til rådmann. barneverntenesta arbeider etter generalistmodell, i dette ligg at den einskilde sakshandsamar både gjennomfører undersøkingar og følgjer opp tiltak overfor heimebuande og plasserte barn. Dei fleste sakshandsamarane har ansvar for å følgje opp einskildbarn ifosterheimar. Dette arbeidet vert følgd opp av barnevemleiar som har vedtaksmynde. Nestleiar er barnevernleiar sin stedfortredar.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 2. september 2014. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 9. desember 2014. Under tilsynet blei sju personar intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 11. desember 2014.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom sine styringstiltak sikra at oppfølginga med barnet si omsorgssituasjon i dei fosterheimane dei har ansvar for, er forsvarleg.

Barnevernstenesta skal sikre at kvart enkelt barn som bur heile eller deler av sin oppvekst i fosterheim får tilfredstillande omsorg, og at dei føresetnadene som blir lagt til grunn for plasseringa vert følgt opp. Barnevemstenesta må følgje opp heimen og vere tilgjengeleg for barn, fosterforeldre og biologiske foreldre for å sikre at forholda blir lagt til rette for at barnet skal få god omsorg. Barneverntenesta skal besøke heimen så ofte som forholda gir grunn for. Dei skal syte for at barnet sitt krav til å medverke i si sak vert lagt godt til rette for, og dei skal syte for at barnet til ein kvar tid har nødvendig informasjon.

Barns rett til å bli høyrt og medverke går fram både av nasjonal lovgjeving og av FNs barnekonvensjon.

Lovkrav på området:

  • Barnevernslova § 4-22 med tilhøyrande forskrift om fosterheim
  • Barnevernslova §§ 4-5, 4-15 tredje ledd og 4-16 om planar og oppfølging av tiltak
  • Barnevernslova § 3-2a om plikta til å utarbeide individuell plan
  • FNs barnekonvensjon og barnevernslova § 6-3 om barns medverknad

5. Funn

Det blei ikkje funne avvik ved tilsynet.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Ansvar og mynde innanfor dette området er klart i Osterøy kommune. Det vert rapportert til rådmann i linje frå barneevernleiar.

Leiarar i Osterøy kommune følgjer med på at tilsette har nødvendig kompetanse, og det vert gjeve nødvendig opplæring og rettleiing. Sakshandsamarane har felles forståing for kva oppgåver som ligg i arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim, og korleis <lesse oppgåvene skal gjennomførast. Det ligg føre skriftlege rutinar for deler av oppfølgingsarbeidet. I alle saker vert det kvart år utarbeidd ein plan for oppfølginga.

Faglege vurderingar kjem fram av ulike saksdokument, under dette journalnotat. Sakshandsamarane gjennomfører samtaler med barna, saman med fosterforeldra eller åleine.

Det er likevel ikkje alltid dokumentert kvifor sakshandsamar ikkje samtaler med barn i ei sak. Kommunen arbeider for tida med å betre arbeidet med dokumentasjon av vurderingar, og at barnets syn skal korne tydlegare fram i dokumenta. Kva oppfølging fosterforeldra får, og har fått tilbod om, går fram av saksdokument.

Kommunen har innanfor dette temaet gjort er vurdering av kor det er fare for svikt, og har sett inn tiltak for å førebygge. Det vert meldt til leiar når oppgåver innanfor dette området ikkje vert gjennomførte.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barns rettar av 20. november 1989.
  • Lov om barneverntjenester av 17.juli 1992 nr. 100 (barnevernsloven).
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967.
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr 1584.
  • Forskrift om fosterheim av 18. desember 2003 nr. 1659

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Oversikt over tilsette i barneverntenesta
  • Internkontroll for barnevemtenesta med rutinar og saksgang
  • Delegasjonsreglement
  • Årsmelding for barneverntenesta
  • Kravspesifikasjon for barnevernleiar
  • Arbeidsbeskrivelse for nestleiar ved barnevemtenesta
  • Opplæringsplan
  • Liste med oversikt over barn plasserte i fosterheim

Dokumentasjon som vart gjennomgått i samband med tilsynet:

  • Saksdokument for oppfølging av 18 barn plassert i fosterheim

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet, program for tilsynet og kva sakmapper ein ønska å gjennomgå.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok:
Ivar Skjolden, Marianne Hammer, Bente Cecilie Foss, observatør og Hilde Ordernann, tilsynsleiar

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2013-14 Oppfølging av barn i fosterhjem

Søk etter tilsynsrapporter

Søk