Rapport frå tilsyn med Nav Etne kommune 2016
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 26. og 27. april 2016 tilsyn med Nav Etne kommune.
Tilsynet omfatta Nav-kontoret sine tenester til unge mellom 17 og 23 år. Tenestene som blei undersøkte var opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad. Vi undersøkte om kommunen gjennom si styring og leiing sørgjer for at nemnde tenester er tilgjengelege for unge personar mellom 17 og 23 år, og at tildeling og oppfølging av tenestene er forsvarleg.
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i sosiallovgjevinga. Tilsynet er avslutta.
Dato: 10. mai 2016
Birthe Lill Christiansen
revisjonsleiar
Hilde Ordemann
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Nav Etne kommune, 26. og 27. april 2016. Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med Nav-kontora og den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.
Fylkesmannen i Hordaland er gitt mynde til å føre tilsyn med dei kommunale tenestene i Nav- kontora. Det går fram av lov om sosiale tenester i Nav § 9.
Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
2. Omtale av verksemda
Etne kommune har rett i overkant av 4 100 innbyggarar.
Kommunen er organisert med to nivå, sentraladministrasjonen ved rådmann/kommunalsjef, og tenestenivået. Mynde er delegert frå rådmann til Nav-leiar som har vedtaksmynde og fullmakter etter sosialtenestelova.
Nav Etne har totalt 7 stillingar, og Nav-leiar er kommunalt tilsett.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt ut 4. februar 2016. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 26. april 2016. Under tilsynet blei 6 personar intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 27. april 2016.
4. Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var på kva måte tenestene sikra opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til personar mellom 17 og 23 år. Vi undersøkte om kommunen systematisk sørgjer for at tenestene er tilgjengelege for unge mellom 17 og 23 år, at tildeling av tenestene er i tråd med lova, og at oppfølginga av dei unge som mottar tenestene er forsvarleg.
Vi kontrollerte om det vart gitt informasjon om tenestene på nettsidene til kommunen og Nav- kontoret, og om det vart gitt informasjon til eventuelle samarbeidspartnare. Vi undersøkte også om kommunen hadde vurdert å gi informasjon på andre måtar for å nå fram til sårbare unge som kan ha behov for hjelp. I tillegg til generell informasjon, undersøkte vi om det blei lagt til rette for individuell informasjon til dei som tok kontakt.
For å sjå om kommunen gjennom si styring sikra at tildeling, vurdering og avgjerd av tenestene oppfylte lovas krav, gjennomgikk vi saksdokumenter og journalar for unge brukarar mellom 17 og 23 år. Vi har også gjennomgått tilsendte styringsdokumenter og intervjua tilsette og leiarar.
Vi har undersøkt om kommunen systematisk overvaker og går gjennom styringssystemet (internkontrollen) for å sjå om den fungerer slik kommunen har planlagt og bidrar til kontinuerleg forbetring.
Rapporten handlar berre om ein del av Nav Etne si verksemd, og er derfor ikkje ei samla vurdering av dei sosiale tenestene ved Nav-kontoret.
5. Funn
Det blei ikkje funne grunnlag for avvik etter tilsynet.
6. Regelverk
- Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen av 18.12.2009 nr. 131 (STL)
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10.2.1967 (forvaltningsloven)
- Forskrift til forvaltningsloven av 15.12.2006 nr. 1456 (forvaltningsforskriften)
- Forskrift om rammer for delegering mellom stat og kommune om oppgaveutførelsen i de felles lokale kontorene i arbeids- og velferdsforvaltningen
- Forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltningen av 19.11.2010 nr. 1463
- Rundskriv «Hovednummer 35 – sosialtjenesteloven»
- Rettleiar til sosialtjenesteloven § 17 – «hvordan fatte vedtak om tjenesten opplysning, råd og veildning?»
- Rundskriv A1/2015- statlige veiledende retningslinjer for utmåling av økonomisk stønad 2016
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:
- Organisasjonskart over den administrative styringa i Etne kommune
- Utdrag av delegasjonsreglementet som gjeld Nav Etne
- Samarbeidsavtaler mellom Etne kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland datert 19.05.2009, 28.06.2012, og desember 2012
- Oversikt over personell på alle nivå med ansvar for tenestene tilsynet omfattar
- Risikoanalyse 2015-2016, revidert 01.03.2016
- Udatert rutine for økonomisk sosialhjelp
- Rutine for økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving, oppdatert 04.03.2016
- Udatert rutine for kvalifiseringsprogrammet
- Udatert rutine for vidare innsats frå Nav ved mottak av søknad om sosialstønad
- Etne kommune sine satsar for sosialstønad 2016
- Nav Etne sitt dokument «Bekymring i ungdomsledighet Etne kommune og forslag til tiltak»
- Hordaland fylkeskommune sitt dokument «Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring»
- Rapport frå prosjektåret 2013/2014 for FETA-prosjektet (Frå elev til arbeidstakar)
- Rapport frå arbeidsgruppa «Tiltak for ungdom med særlege behov» av juni 2015
- Liste med oversikt over alle vedtak om økonomisk stønad
- Kopi av dei siste 16 sakene, med vedtak og søknader
Dokumentasjon som vart gjennomgått i samband med tilsynet:
- Liste med oversikt over alle vedtak for unge mellom 17 og 23 år i 2015 og 2014
- Gjennomgang av 12 saker i fagsystemet i Nav Etne
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:
- E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet, program for tilsynet.
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over intervjuar.
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen deltok:
Marta Havre, Hilde Ordemann og Birthe Lill Christiansen