Rapport frå tilsyn med Jondal kommune 2016
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med barnevern-, helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse i Jondal kommune 10., 15. og 16. mars 2016.
Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at
- helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse oppfyller opplysningsplikt til barnevernet
- helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester
Vi undersøkte også om Hardanger Interkommunale Barnevernteneste (barneverntenesta)
- handterer meldingar til barneverntenesta forsvarleg og oppfyller pliktene til å gi tilbakemelding til meldar
- tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester
Jondal kommune er den eine av seks kommunar som deltek i Hardanger Interkommunale Barnevernteneste. Odda kommune er vertskommune. Det er utarbeidd eigen rapport frå tilsynet med Hardanger Interkommunale Barnevernteneste. Rapporten blir sendt til kvar av dei seks kommunane.
Ved tilsynet med helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse blei det ikkje avdekt brot på plikter i helselovgjevinga.
Ved tilsynet med barneverntenesta blei det avdekt at meldar ikkje alltid får tilbakemelding slik dei skal få etter føresegner i barnevernlova, sjå rapporten kapittel 5.
Dato 22.4.2016
Anne Grete Robøle
revisjonsleiar Vibeke Herskedal
revisor
1. Innleiing
Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med barnevern- og helse- og omsorgstenester etter lov om barneverntenester § 2-3 tredje ledd, jamfør § 2-3b og lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med kommunane Jondal, Odda, Ullensvang og Hardanger Interkommunale Barnevernteneste. Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med barneverntenester og den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.
Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunane ved si styring (interkontroll) sikrar at krav i lovgjevinga blir etterlevde. Ved tilsynet undersøkte vi
- kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om funn ved tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
2. Omtale av verksemda
Jondal kommune har 1100 innbyggjarar. Helsestasjons- og skulehelsetenesta, psykisk helse og rus er organisert i helseeininga. Helse- og omsorgsleiar som rapporterer til rådmann, er næraste overordna for avdelingsleiar helse. Fram til sommaren 2016 kjøper kommunen helsesystertenester tilsvarande svarande til 20 % stilling, frå Odda kommune.
Jondal kommune har oppretta koordinerande team som blir leia av helse- og omsorgsleiar. Dei andre teamdeltakarane er fysioterapeut, psykiatrisk sjukepleiar, kommunelege, leiar NAV, helsesyster og avdelingssjukepleiar heimebaserte tenester.
Odda kommune er vertskommune for Hardanger Interkommunale Barnevernteneste som er ei felles teneste for kommuane Eidfjord, Granvin, Jondal, Odda, Ullensvang og Ulvik. Tenesta blei etablert i 2006. Granvin kom med i samarbeidet i 2015. Det går fram av årsmeldinga at barneverntenesta fekk 94 bekymringsmeldingar i 2014 og 144 i 2015.
Barneverntenesta er organisert i eit mottaksteam og eit tiltaksteam. Mottaksteamet har to fagstillingar. Tenesta har i alt 10,9 fagstillingar og 60 % merkantil stilling men har ein lengre periode hatt redusert bemanning og vanskar med rekruttering av kvalifiserte vikarar. Behov for fleire tilsette er meldt til styret. Tilsynet blei informert om planar for å styrkje bemanninga.
I alle kommunane er det samarbeidsfora der barnevernet møter PPT, skule, helsetasjon og barnehage. Det er team ved alle barnehagar og skular, helsestasjonsteam for utsette spedbarn, samarbeidsteam for rusavhengige gravide, konsultasjonsteam for vald i nære relasjonar og SLT-team. Leiar tilbyr kvart år å kome på kommunestyremøte og informere om arbeidet til barneverntenesta. Leiarar og tilsette som deltok i tilsynet gav gjennomgåande uttrykk for godt tverrfagleg samarbeid.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 21. januar 2016.
Opningsmøte blei halde 15. mars 2016
Intervju: 7 personar blei intervjua.
Stikkprøver i 58 meldingar til barneverntenesta, sjå kapittel 8 for informasjon om kva som blei undersøkt.
Sluttmøte blei halde 16. mars 2016.
Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.
4. Kva tilsynet omfatta
Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at
- helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse oppfyller opplysningsplikta til barnevernet
- helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester
Vi undersøkte også om Hardanger Interkommunale Barnevernteneste (barneverntenesta)
- handterer meldingar til barneverntenesta forsvarleg og oppfyller pliktene til å gi tilbakemelding til meldar
- tilbyr og brukar individuell plan når barn og unge treng langvarige og koordinerte tenester
5. Funn
I den delen av tilsynet som omfatta helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga.
Ved tilsynet med Hardanger Interkommunale Barnevernteneste blei det avdekt brot på krav i lovgjevinga.
Avvik:
Hardanger Interkommunale Barnevernteneste oppfyller ikkje alltid plikta til å gi tilbakemelding til meldar
Avvik frå: Forskrift om internkontroll i kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester § 4 a, g og h, jf. lov om barneverntjenester §§ 2-1 og 6-7a.
Avviket byggjer på:
- Interne rutinar 1 om tilbakemelding til meldar er kjent, men ikkje alltid følgd. Det går ikkje fram av skriftleg rutine og blei gitt ulike opplysningar om kven som har ansvaret for å gi tilbakemelding til meldar når det kjem ny melding i sak der undersøking pågår eller barneverntenesta er inne med tiltak.
- Ved stikkprøve i meldingar mottekne etter 1. februar 2015 og fram til 15. mars 2016 var det ikkje gitt tilbakemelding til meldar om at saka var lagt bort i 10 av i alt 14 saker. I 14 av 34 saker var det ikkje gitt tilbakemelding til offentleg meldar etter at undersøking var avslutta.
6. Vurdering av styringssystemet
Innan tema som tilsynet med helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykisk helse var avgrensa til, kom det ikkje fram opplysningar som tilseier anna enn at kommunen har styring som bidreg til at krav i lov og forskrift blir følgde. Det er få tilsette i kvar eining og ein oversiktleg organisasjon. Sårbarheit i tenestetilbod er særleg knytt til eventuelle lengre fråvere og skifte av tilsette i nøkkelstillingar. Etter omorganisering i 2015 er det framleis ikkje heilt avklart kva ansvar og mynde som ligg til leiarar på ulike nivå. Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som tilseier at dette har hatt konsekvensar for tenestetilbodet til barn og unge.
Vi viser og til rapporten frå tilsynet med Hardanger Interkommunale barnevernteneste.
7. Regelverk
- Lov av 17. juli 1992 om barneverntjenester (barnevernlova)
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
- Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
- Forskrift av 14. desember 2005 nr. 1584 om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester
- Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
- FNs konvensjon om barns rettigheter
8. Dokumentunderlag
Opplysningar mottekne frå Odda kommune:
E- brev 22. februar 2016 vedlagt
- Organisasjonskart Hardanger Interkommunale barnevern
- Stillingsinstruks Leder Hardanger Interkommunale Barneverntjeneste
- Stillingsinstruks Stedfortredende leder
- Stillingsinstruks Teamleder utredning/inntak
- Stillingsinstruks barnevernkonsulentar
- Stillingsinstruks foreldreveileder
- Stillingsinstruks familieterapeut/foreldreveileder
- Retningsliner for tverrfagleg samarbeid i medlemskommunane i Hardanger knytt til grunnskule- og førskuleborn
- Oversikt over deltaking i samarbeidsteam
- Rutinehandbok for Hardanger barnevern
- Informasjon om mottekne meldingar 1. februar 2015 – 1. februar 2016, ikkje off. jf. offl § 13 jf fvl § 13
E- brev 23. februar 2016 vedlagt:
- Retningsliner for kommunens bruk av ansvarsgruppe
- Mal for individuell plan
- Årsmeldingar for Hardanger barnevernteneste 2014 og 2015
- Delegasjon av mynde i barneverntenesta
- Leiaravtale mellom barnevernleiar og Odda kommune
Opplysningar mottekne frå Jondal kommune: E-brev 26. og 27. februar 2016 vedlagt:
- Brev av 26. februar 2016
- Overordna organisasjonskart Jondal kommune
- Organisasjonskart helseavdelinga
- Administrativ møteplan 2016
- Sjekkliste vurdering av behov for informasjon til born av psykisk sjuke/rusmisbrukarar
- Bekymringsmelding til barnevernstenesta
- Momentliste for observasjon på helsestasjon – melding/rapport til barneverntenesta
- Stillingsomtale for psykiatrisk sjukepleiar i helse og omsorg Jondal kommune
- Stillingsomtale for helsesøster i Jondal kommune
- Stillingsomtale for kommunelege i helsestasjon og skulehelseteneste i helse og omsorg Jondal kommune
- Stillingsomtale for helsefagarbeidar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid i helse og omsorg Jondal kommune
Dokument Fylkesmannen har motteke tidlegare:
- Hardanger barnevern – samarbeidsavtale for kommunane Eidfjord, Jondal, Odda, Ullensvang og Ulvik frå august 2008
Stikkprøver
1. Meldingar til barneverntenesta
Vi ba om å få tilgang til
- Dei 10 siste sakene som var melde til barneverntenesta frå helsestasjons- og skulehelsetenesta frå helsestasjons- og skulehelsetenesta i kommunane Jondal, Odda og Ullensvang
- Dei 10 siste sakene som var melde til barneverntenesta frå psykisk helse i kommunane Jondal, Odda og Ullensvang
- Dei 10 siste sakene om alvorleg omsorgssvikt som var melde til barneverntenesta
- Meldingar til barneverntenesta frå februar 2015 til 15. mars 2016
Vi gjorde stikkprøve i 58 meldingar til barneverntenesta. Vi såg etter om meldingane var vurderte innan tidsfristen på ei veke, om vurdering av meldinga og avgjerd var dokumentert, om og kva tilbakemelding meldar hadde fått om motteken melding, og om det var gitt tilbakemelding til offentleg meldar innan fastsett tidsfrist etter at undersøking var avslutta.
- Meldingane var vurderte innan fristen på ei veke.
- Det varierte korleis den barnevernfagleg vurderinga av meldinga var dokumentert i fagsystemet. I meldingsbiletet var det i ein del av sakene ei tydeleg vurdering, i nokre særs kort omtale og i nokre var vurderinga ikkje dokumentert i meldingsbiletet. Andre opplysningar i fagsystemet tilsa imidlertid at vurdering var gjort.
- I 10 av 14 saker var det ikkje gitt tilbakemelding om at meldinga var lagt bort.
- I 14 av 34 saker der undersøking var avslutta, var det ikkje gitt tilbakemelding til offentleg meldar.
2. Individuell plan
Vi ba om tilgang til individuelle planar og referat frå ansvarsgruppemøte der barneverntenesta er ei av tenestene som deltek.
Dei individuelle planane var ikkje tilgjengelege for stikkprøve. Referat frå ansvarsgruppemøte var tilgjengeleg i fagsystemet til barneverntenesta.
Korrespondanse mellom kommunane Jondal, Odda og Ullensvang og Fylkesmannen i Hordaland:
- Meldingar om tilsyn, brev av 21. januar 2016 frå Fylkesmannen i Hordaland
- E-brev frå Odda kommune 10. februar 2016
- E-brev med vedlegg til Jondal kommune 19. februar 2016
- E-brev frå Jondal kommune 20. februar 2016
- Brev av 24. februar 2016 frå Fylkesmannen i Hordaland
Brev av 27. februar 2016 med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen deltok:
Marianne Kjelby, seniorrådgjevar
Vibeke Herskedal, seniorrådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar
1 Rutiner ved bekymringsmelding og undersøkelsessaker jf.lov om barneverntjenesten § 4-2 og § 4-3.