Rapport frå tilsyn med Bergen kommune, Ladegården 2017
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Bergen kommune, Ladegården 28.-29. november 2017. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med.
Ved tilsynet undersøkte vi om kommunen ved sin leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp kravet i helselovgivinga om legemiddelgjennomgang for pasientar med langtidsplass i sjukeheim.
Vi undersøkte også om leiinga i kommunen har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp ved Ladegården sjukeheim blir gitt i tråd med krav i helselovgivinga.
Reglane i kapittel 4A skal sikre at helsehjelp blir gitt for å hindre vesentleg helseskade hos pasientar utan samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelpa. Reglane skal førebyggje og hindre unødvendig bruk av tvang.
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold i strid med krav i lov eller forskrift. Tilsynet er avslutta.
Silje Haaskjold Sætre
revisjonsleiar
Marie Mildestveit
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bergen kommune, Ladegården 28.- 29. november 2017. Tilsynet er eitt av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland utfører dette året.
Fylkesmannen i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom styringa si. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innafor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innafor dei områda som tilsynet omfatta.
Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Ladegården sjukeheim har 107 plasser fordelt på fem avdelingar. Det er tre somatiske avdelingar med til saman 51 pasientar fordelt på seks grupper, og ei avdeling for pasientar med demens med til saman 20 pasientar fordelt på to grupper. I tillegg er det ei skjerma eining med til saman 10 plasser for personar med psykisk sjukdom, og ei avdeling med
15 korttidsplasser og 11 rehabiliteringsplasser. Sjukeheimen har tre legar. Lege er tilstades ved sjukeheimen fem dager i veka. Pasientjournalsystemet er elektronisk. Gruppeleiar rapporterer til avdelingsleiar som rapporterar til institusjonssjef.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 10. juli 2017.
Opningsmøte blei halde 28. november 2017.
Intervju: 15 personar blei intervjua.
Det blei gjort stikkprøvar i 54 pasientjournalar og synfaring ved sjukeheimen.
Sluttmøte blei halde 29. november 2017.
Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.
4. Kva tilsynet omfatta
Ved tilsynet undersøkte vi om:
1. Bergen kommune, Ladegården, følgjer opp krav i lovgivinga om legemiddelgjennomgang for pasientar med langtidsplass i sjukeheim.
2. Bergen kommune, Ladegården, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særleg om kommunen sikrar at:
- motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert,
- tillistskapande tiltak blir prøvd før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført,
- det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.
5. Funn
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold i strid med lov eller forskrift.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Ansvarsforhold som gjeld styring av verksemda ved sjukeheimen, er avklarte og kjende. Tilsette har fått og får opplæring om legemiddelgjennomgang og om helsehjelp til pasientar som viser eller gir uttrykk for motstand mot helsehjelp. Det er felles praksis og blir lagt til rette for drøfting om praksis. Leiarar ved sjukeheimen er tilgjengelege og følgjer med på dagleg drift, behandling og oppfølging av pasientane.
7. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
- Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
- Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
- Forskrift av 03. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:
- Organisasjonskart for Ladegården sjukeheim og for etat for alders- og sjukeheim
- Stillingsbeskriving for institusjonssjef, avdelingsleiar, gruppeleiar, sjukeheimslege.
- Prosedyre for vurdering av fagleg forsvarleg verksemd
- Prosedyre for fagansvar/brannansvar.
- Årshjul 2017.
- Velkomstbrosjyre til Ladegården sjukeheim.
- Prosedyre ved forsterka sjukeheimsavdeling.
- Oversikt over legar og legevisitt.
- Oversikt over tilsatte.
- Prosedyre for tverrfagleg legemiddelgjennomgang (LMG).
- GBD – skjema for legemiddelgjennomgang
- Informasjon om tilstander der sjukepleiar og vernepleiar kan gi legemiddel.
- Kvitteringsliste for utlevering av medikamenter.
- Prosedyre for samtykke til helsehjelp, pasientrettigheter og tvang etter pasient- og brukarrettighetslova kapittel 3, 4, 4A.
- Bruk av beslutningsskjema i GBD.
- Prosedyre for disponering av kontantytelser for beboere som ikkje er i stand til å disponere ytelsen.
- GBD-skjemaer for vurdering av samtykkekompetanse, bruk av tillitskapande tiltak, adferdsregistrering, varslings- og lokaliseringsteknologi, tvangsvedtak, tvangsbruk, journalføring, revurdering/fornying av tvangsvedtak.
- Rutine som gjeld låste dører ved post 1.
- Informasjon om pasientvarslingssystem under levering.
- Plan for henvendelse til Kompetansesenteret ved tidleg utfordrande adferd.
- Prosedyre for helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp.
- Metodebok for demensomsorgen i sjukeheim.
- Metodebok for sjukeheimslegar.
- Prosedyre for journalføring av sjukeheimer som nytter GBD.
- Undervisningsprogram hausten 2017 – oversikt over kurs, seminarer og undervisning.
- Introduksjonshefte og velkomen som tilsett ved Ladegården sjukeheim.
- Kompetanseplan.
- Diverse møtereferat
- Styringskort 2017.
- Møteplan.
- Handlingsplan 2017.
- Organisering av brannberedskap.
- Beredskapsplan 2017
Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
- 54 pasientjournalar.
- Velkomstbrosjyre for beboere og pårørande ved Ladegården sjukeheim.
- Informasjon om primærkontaktundervisning, hausten 2017.
- Oppdaterte rutiner for samtykke til helsehjelp og låste dører ved post 1.
Korrespondanse mellom Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland:
- Melding om tilsyn datert 10. juli 2017.
- Opplysningar frå Bergen kommune i brev av 02. oktober 2017.
9. Deltakarar ved tilsynet
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen deltok:
Rådgjevar Marie Mildestveit
Seniorrådgjevar Silje Haaskjold Sætre
Assisterande fylkeslege Jo Kåre Herfjord