Rapport frå tilsyn med Bømlo kommune - helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding 2017
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Bømlo kommune 17.-19. oktober 2017. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det var ført tilsyn med.
Ved tilsynet har vi undersøkt om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester. Tilsynet omfatta sosiale tenester i NAV, tenestekontoret for helse- og omsorgstenester og rus og psykisk helse.
Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne. I kapittel 6 er det ein kort omtale av funn ved tilsynet og vår vurdering av styringa av tenestene.
Tilsynet er avslutta.
Dato: 31.10.2017
Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Birthe Lill Christiansen
revisor
Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bømlo kommune 17.-19. oktober 2017. Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blir gjennomført i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 9.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom si styring og leiing, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen gjer innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.
2. Omtale av verksemda
I andre kvartal 2017 hadde Bømlo kommune 11870 innbyggjarar. Tenestene tilsynet omfatta, er styrde i line frå rådmannen til kommunalsjef helse, sosial og omsorg og vidare til verksemdsleiarane for NAV og rus og psykisk helse.
Rus og psykisk helse har to einingar, psykisk helse og miljøtenesta. Sistnemnde gir buoppfølging i heimen til personar i målgruppa for tilsynet. Heimehjelp blir gitt av heimetenestene.
NAV er organisert i tre avdelingar; mottaksavdeling, oppfølgingsavdeling og avdeling for rus og flyktningetenester. Avdelingsleiar for avdeling for rus og flyktningetenester er sosialfagleg ansvarleg for dei kommunale tenestene i NAV. Det er for tida to stillingar for rusvernkonsulentar i NAV. Kommunen arbeider med å samorganisere rustenesta i NAV og rus og psykisk helsesteneste og har plan om å setje endra organisering i verk våren 2018.
Følgjande verksemdsleiarar rapporterer også til kommunalsjef for helse, sosial og omsorg: tenestekontoret, legetenesta, Bømlo omsorgsområde, ergo- og fysioterapitenesta, Bømlo Bu- og helsesenter, habiliteringstenesta og Bømlo heimetenester.
Bømlo kommune nyttar BrukarPlan. Ved kartlegginga i 2016 hadde 14 % av brukarane rusproblem og 86 % av brukarane hadde både rus og psykiske problem. 2 % hadde individuell plan, 4 % hadde kriseplan, 36 % hadde tiltaksplan og 18 % hadde ansvarsgruppe.
3. Gjennomføring
Aktivitet | Dato | |
---|---|---|
Melding om tilsyn |
30. juni 2017 |
|
Formøte |
31. august 2017 |
|
Stikkprøver |
17. oktober |
30 journalar |
Samtale med |
||
tenestemottakarar |
17 oktober |
10 personar |
Opningsmøte |
18. oktober |
|
Intervju |
18.-19. oktober |
16 personar |
Sluttmøte |
19. oktober |
Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet er avgrensa til kommunens styring med helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV. Målgruppa er personar 18 år og eldre som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå kommunen over tid.
Tilsynet inkluderer tenestemottakarar uavhengig av kva rusmiddel dei nyttar (alkohol, legemiddel, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Dette gjeld og for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot kommunens tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon etc.). Det er ingen skilnad på om personane aktivt nyttar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for rusmiddelbruken.
Vi har undersøkt om kommunen ved helse- og omsorg og sosiale tenester i NAV
- legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
- legg til rette for samarbeid mellom kommunale einingar som gir helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
- samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
- innhentar informasjon om brukarens heilskaplege situasjon og mogelege behov for tenester
- kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding
- kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
- tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad
5. Funn
Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som tilseier at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.
6. Vurdering av styringssystemet
Fordelinga av ansvar og mynde er klar. Leiarar legg til rette for at tilsette kan få nødvendig fagleg oppdatering, etter- og vidareutdanning. Rutinane for å innhente samtykke frå brukarar, kartleggje og følgje med på situasjonen deira er klare og blir i hovudsak følgde. Brukarane vi møtte, opplyste at dei får informasjon, blir spurde om samtykke til innhenting og eller deling av informasjon, at dei får medverke og at tenestene er tilgjengelege ved behov.
Frå leiinga si side er det lagt til rette for og venta at tenestene skal samarbeide om oppfølging og evaluering når brukarar får tenester frå fleire.
Kommunalsjef og verksemdsleiarar følgjer opp tenestene i regelmessige møte og rapporteringar. Aktuelle problemstillingar som gjeld kapasitet, samarbeid og planlagt samorganisering av rustenesta i NAV og rus og psykisk helse er kjende. Leiarar i kvar eining kan fange opp feil og svikt ved gjennomgang av saker i faste interne møte, i møte mellom einingar og ved leiinga sin gjennomgang.
7. Regelverk
Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova)
Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltingen (sosialtenestelova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukarrettslova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova)
Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
Forskrift av 28. oktober 2016 nr.1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
Forskrift av 20. desember 2016 nr. 1848 om pasientjournal
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1462 om individuell plan i arbeids og velferdsforvaltningen
Forskrift av 29. august 2016 nr. 1030 om habilitering og rehabilitering individuell plan og koordinator
Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
Ved dette tilsynet er kravet til forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring sentrale. Det same gjeld plikta til tilrettelegging for og varetaking av retten til informasjon og medverknad.
Plikta til systematisk styring
Kommunens plikt til styring og leiing for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift går fram av sosialtenestelova § 5. Plikta til styring av dei kommunale tenestene i NAV er nærare konkretisert i forskrifta om internkontroll i kommunalt NAV.
Kommunens ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester inneber plikt til å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift går fram av helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 tredje ledd og 4-2.
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som gjaldt tidlegare.
Kommunen er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring.
Forsvarleg verksemd
Kravet om forsvarleg verksemd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og sosialtenestelova § 4 , er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gje krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.
Ved dette tilsynet er følgjande retningsline, rettleiarar og rundskriv aktuelle:
- Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser, IS-1948 frå Helsedirektoratet
- Rundskriv til sosialtenestelova frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012
- Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013. Sist endra april 2016
- Veileder til sosialtjenesteloven § 17 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014
- Sammen om mestring. Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne, Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetjenesten, IS-2076 frå Helsedirektoratet.
Pasient- og brukarmedverknad
Pasient- og brukarmedverknad er ein føresetnad for forsvarlege tenester i helse og omsorg og sosiale tenester i NAV. Tenestetilbod skal så langt som råd utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva vedkomande meiner, jf. sosialtenestelova § 42. Pasientar- og brukarar har rett til å medverke ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 første og andre ledd. Når tenestetilbod blir utforma, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6.
Samarbeid for å koordinere tenester
Samarbeid og samhandling er avgjerande for at personar med rusmiddelproblem og psykisk liding skal få forsvarlege tenester. Kravet til forsvarleg verksemd inneber at kommunens tilbod som heile må vere forsvarleg. Det er ikkje tilstrekkeleg at kommunens deltenester kvar for seg er forsvarlege. Kommunens plikt til å samarbeide med andre går mellom anna fram av følgjande føresegner:
NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå, jf. sosialtenestelova §§ 17 og 28.
Kommunen har plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre der dette er nødvendig for å tilby tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Det går fram av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 at kommunen skal leggje tenestene til rette slik at den enkelte får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod.
Den nasjonale faglege retningslina for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding tilrår at det blir laga plan for samordning og koordinering av tenester også for dei som ikkje ønskjer individuell plan.
Plikt til å dokumentere
Innhenting av opplysningar er regulert i sosialtenestelova § 43. I rundskrivet til lova, punkt
5.41.2.3 og 5.43.2.3, er det presisert at opplysningane i saka skal liggje føre skriftleg, anten dette er i form av innhenta dokument eller i søknad og andre saksdokument.
Skriftleg dokumentasjon sikrar rettstryggleiken til den enkelte og gjer det mogeleg å overprøve behovsvurderinga i saka. Oppfølginga av den enkelte skal også dokumenterast på ein slik måte at brukar kan få informasjon om dei vurderingane som er gjort undervegs, og at tilsette og leiarar ved NAV-kontoret og klage- og tilsynsmyndigheiter kan setje seg inn i og vurdere oppfølginga.
I helse- og omsorgstenestelova § 5-10 er det presisert at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema er forsvarlege. Det er kommunens ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å halde journalføringsplikta.
8. Dokumentunderlag
Opplysningar mottekne frå Bømlo kommune i brev av 7. september 2017 med vedlegg:
- Organisasjonskart Bømlo kommune
- Organisasjonskart helse, sosial og omsorg
- Organisasjonskart NAV Bømlo
- Stillingsomtale verksemdsleiar helse og omsorg
- Administrativ delegering Bømlo kommune
- Reglement for politiske organ i Bømlo kommune
- Oversikt over tilsette i NAV, kommunale tenester, tilsette i rus og psykisk helse og tilsette ved tenestekontoret
- Kompetanse- og rekrutteringsplan Bømlo kommune, helse, sosial og omsorg. Handlingsplan 2017
- Introduksjon av nye arbeidstakarar og bruk av prøvetid
- Rus og psykisk helseteneste – fagutvikling i tenesta
- Rutinar for opplæring av nytilsette og vikarar og for vedlikehald av fagleg kompetanse i den kommunale delen av NAV
- Opplæringsplan rustenesta
- Oppgåver lagt til rustenesta i NAV
- Tenestestandard rustenesta i NAV
- Tenestestandard psykisk helsearbeid
- Tenestestandard miljøteneste
- Resultat av brukarundersøking våren 2017 ved rustenesta i NAV og rus og psykisk helse RPH
- Rapport om lokal brukarundersøking hausten 2016 ved NAV Bømlo
- Overordna samarbeidsavtale mellom Bømlo kommune og Helse Fonna
- Tenesteavtale 2 mellom Bømlo kommune og Helse Fonna
- Tenesteavtale 5 mellom Bømlo kommune og Helse Fonna
- Sjekkliste ved utskrivingsklar pasient
- Elektronisk meldingsutveksling mellom Bømlo kommune og Helse Fonna
- Noverande modell – tenester for unge og vaksne med hjelpebehov innan rus og psykisk helsefeltet
- Skjema – søknad om helse- og omsorgstenester
- Intern prosedyre for handsaming av søknader ved tenestekontoret
- Rutinar for saksbehandling av helse- og omsorgstenester i NAV, rustenesta
- Kartleggingsskjema til bruk ved søknad om helse- og omsorgsteneste
- Kartleggingsskjema for psykisk helse, rusvern og miljøtenesta ved søknad om helse- og omsorgstenester
- Kartleggingsskjema rusmestring og avhengighet – til bruk ved førstegongssamtalar
- Rutinar for saksbehandling av sosiale tenester i NAV
- Sjekkliste/arbeidsverktøy i saksbehandling av økonomisk sosialhjelp
- Prosedyre for samarbeid mellom tenestekontoret og heimesjukepleia/rus og psykisk helse ved utskriving frå sjukehus
- Tenestekontoret - prosedyre for samarbeid rus og psykisk helse
- Tenestekontoret - prosedyre for samarbeidsmøte med heimetenesta
- Bustadtildeling – kommunal bustad – samhandling
- Retningsline – faste møtepunkt mellom rus og psykisk helseteneste og fastlegane
- Elektronisk meldingsutveksling lege
- Samarbeid mellom fastlegar og NAV
- Handbok for koordinatorar i Bømlo kommune
- Fagsystem i Bømlo kommune – kommunale tenester
- Rus og psykisk helse – prosedyre på oppfølging og dokumentasjon etter vedtak i tildelingsmøte
- NAV – rutinar for å dokumentere vedtak, tenesteyting og vurderingar i den kommunale delen av NAV
- Handlingsrettleiar for barn og familiar i risiko
- Rutine for bekymring for barn
- NAV – rutinar for oppfølging av barn etter kartlegging i Brukarplan
- Sosiale tenester i NAV og barneperspektivet
- NAV – rutinar for vurdering av barn og familiar i risiko
- NAV – skjema for kartlegging av barn 0-18 år når foreldre mottek sosialhjelp
- Om brukarmedverknad
- Avviksmelding – dokument bibliotek – introduksjon til kvalitetssystemet i Bømlo kommune for alle tilsette
- Oversikt melde uønskte hendingar/avvik i perioden 1. januar – 1. august 2017
- Notat dagsett 7. september 2017 frå kommunalsjef helse, sosial og omsorg om leiinga sin gjennomgang
- Bømlo kommune, Kvalitetshandbok – skildring av kvalitetssystem og kvalitetspolitikk
- Bømlo kommune, Årsmelding 2016
- Handlingsplan ved samorganiseringsprosess RPH og rustenesta i NAV
- Internkontroll NAV Bømlo
- Bømlo kommune, Kommunedelplan helse, sosial og omsorg
- Bømlo kommune, Helse, sosial og omsorg – handlingsplan 2017
- Bømlo kommune, Plan for fagområda rus og psykisk helse for perioden 2014-2016
- Bømlo kommune, oversiktsdokument folkehelse, status per 2015/22016 – innhaldsliste og samandrag
- Personar i målgruppa for tilsynet, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
Dokument lagt fram ved tilsynet
- Melde avvik i rustenesta NAV hittil i år
- Leiinga sin gjennomgang av sosiale tenester i NAV hausten 2017
Korrespondanse mellom Bømlo kommune og Fylkesmannen i Hordaland:
- Melding om tilsyn, dagsett 30. juni 2017
- Informasjon om kontaktperson for tilsynet i Bømlo kommune, e-post av 7. september 2017
- Brev frå Bømlo kommune med vedlegg, dagsett 7. september 2017
- Brev frå Bømlo kommune med vedlegg, dagsett 11. september 2017, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
- Program for tilsynet frå Fylkesmannen, dagsett 22. september 2017
- Diverse e-postar mellom Bømlo kommune og Fylkesmannen i Hordaland i tidsrommet 21. august – 14. oktober 2017 om tilsynet
Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen deltok:
Rådgjevar Hanne Hegvold Berentsen
Seniorrådgjevar Marta Havre
Seniorrådgjevar Birthe Lill Christiansen
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle