Rapport frå tilsyn med Fjell kommune - helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding 2017
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Fjell kommune 6.-8. november 2017. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med:
Tilsynet omfatta sosiale tenester i NAV, avdeling rustenester og psykiatrisk team. Vi har undersøkt om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester.
Det kom ikkje fram opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.
I kapittel 6 er det ein kort omtale av vår vurdering av styringa av tenestene. Tilsynet er avslutta.
Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Torill Vebenstad
revisor
:
Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fjell kommune 6.-8. november 2017. Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blir gjennomført i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 9.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom si styring og leiing, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen gjer innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.
2. Omtale av verksemda
Fjell kommune har 25 204 innbyggjarar. Tenestene tilsynet omfatta, er styrde i line frå rådmann til helsesjef og leiar NAV Fjell.
NAV Fjell har fire team. To avdelingsleiarar har ansvaret for to team kvar og rapporterer til leiar. Tilsynet omfatta verksemda til gjeldsrådgjevar og verksemda i tiltaks- og ungdomsteamet.
Leiar for psykiatrisk team og avdelingsleiar i avdeling rustenester rapporterer til helsesjef. Verksemda i avdeling rustenester omfattar MO-senter, FACT team og rus og psykiatri.
Det blir gjort avtale med tenestemottakarane om omfang og innhald i tenestetilboda. Tenestene er tilgjengelege på dagtid måndag-fredag.
Leiarane for legetenester, legevakt, fysio-/ergoterapi, psykiatribustader og dagsenter, helsestasjon og kommunepsykolog rapporterer òg til helsesjef.
Fjell kommune nyttar BrukarPlan. Ved kartlegginga i 2016 hadde 15 % av brukarane rusproblem og 85 % av brukarane hadde både rus og psykiske problem. 6 % hadde individuell plan, 19 % hadde kriseplan, 7 % hadde tiltaksplan og 75 % hadde ansvarsgruppe.
3. Gjennomføring
Aktivitet | Dato | Kilder |
---|---|---|
Melding om tilsyn |
5. juli 2017 |
|
Formøte |
31. august 2017 |
|
Stikkprøver |
6. november |
40 journalar |
Samtale med |
||
tenestemottakarar |
6. november |
5 tenestemottakarar |
Opningsmøte |
7. november |
|
Intervju |
7.-8. november |
17 tilsette |
Sluttmøte |
8. november |
Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet er avgrensa til kommunens styring med helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV. Målgruppa er personar 18 år og eldre som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå kommunen over tid.
Tilsynet inkluderer tenestemottakarar uavhengig av kva rusmiddel dei nyttar (alkohol, legemiddel, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Dette gjeld og for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot kommunens tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon etc.). Det er ingen skilnad på om personane aktivt nyttar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for rusmiddelbruken.
Vi har undersøkt om kommunen ved helse- og omsorg og sosiale tenester i NAV
- legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
- legg til rette for samarbeid mellom kommunale einingar som gir helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
- samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
- innhentar informasjon om brukarens heilskaplege situasjon og mogelege behov for tenester
- kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding
- kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
- tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad
5. Funn
Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som tilseier at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.
6. Vurdering av styringssystemet
Fordelinga av ansvar og mynde er klar. Tilsette kan få nødvendig fagleg oppdatering, etter- og vidareutdanning. Rutinane for å innhente samtykke frå brukarar, kartleggje og følgje med på situasjonen deira er kjende og blir følgde. Brukarane som vi møtte, opplyste at dei får informasjon, er spurde om samtykke til innhenting og eller deling av informasjon og at dei får medverke. Ruskonsulentar i avdeling for rustenester hjelper brukarar som treng det, til å få kontakt med NAV.
Frå leiinga si side er det lagt til rette for og venta at tenestene skal samarbeide om oppfølging og evaluering når brukarar får tenester frå fleire. Leiarane legg vekt på å identifisere sårbarheit og førebyggje svikt. Dei følgjer opp tenestene i regelmessige møte i kvar eining, i møte med helsesjef og leiar for NAV Fjell, i faste rapporteringar og rådmannens leiarmøte.
7. Regelverk
Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova)
Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltingen (sosialtenestelova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukarrettslova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova)
Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
Forskrift av 28. oktober 2016 nr.1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
Forskrift av 20. desember 2016 nr. 1848 om pasientjournal
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1462 om individuell plan i arbeids og velferdsforvaltningen
Forskrift av 29. august 2016 nr. 1030 om habilitering og rehabilitering individuell plan og koordinator
Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
Ved dette tilsynet er kravet til forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring sentrale. Det same gjeld plikta til tilrettelegging for og varetaking av retten til informasjon og medverknad.
Plikta til systematisk styring
Kommunens plikt til styring og leiing for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift går fram av sosialtenestelova § 5. Plikta til styring av dei kommunale tenestene i NAV er nærare konkretisert i forskrifta om internkontroll i kommunalt NAV.
Kommunens ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester inneber plikt til å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift går fram av helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 tredje ledd og 4-2.
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som gjaldt tidlegare.
Kommunen er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring.
Forsvarleg verksemd
Kravet om forsvarleg verksemd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og sosialtenestelova § 4, er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gje krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.
Ved dette tilsynet er følgjande retningsline, rettleiarar og rundskriv aktuelle:
- Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser, IS-1948 frå Helsedirektoratet
- Rundskriv til sosialtenestelova frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012
- Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013. Sist endra april 2016
- Veileder til sosialtjenesteloven § 17 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014
- Sammen om mestring. Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne, Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetjenesten, IS-2076 frå Helsedirektoratet.
Pasient- og brukarmedverknad
Pasient- og brukarmedverknad er ein føresetnad for forsvarlege tenester i helse og omsorg og sosiale tenester i NAV. Tenestetilbod skal så langt som råd utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva vedkomande meiner, jf. sosialtenestelova § 42. Pasientar- og brukarar har rett til å medverke ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 første og andre ledd. Når tenestetilbod blir utforma, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6.
Samarbeid for å koordinere tenester
Samarbeid og samhandling er avgjerande for at personar med rusmiddelproblem og psykisk liding skal få forsvarlege tenester. Kravet til forsvarleg verksemd inneber at kommunens tilbod som heile må vere forsvarleg. Det er ikkje tilstrekkeleg at kommunens deltenester kvar for seg er forsvarlege. Kommunens plikt til å samarbeide med andre går mellom anna fram av følgjande føresegner:
NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå, jf. sosialtenestelova §§ 17 og 28.
Kommunen har plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre der dette er nødvendig for å tilby tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Det går fram av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 at kommunen skal leggje tenestene til rette slik at den enkelte får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod.
Den nasjonale faglege retningslina for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding tilrår at det blir laga plan for samordning og koordinering av tenester også for dei som ikkje ønskjer individuell plan.
Plikt til å dokumentere
Innhenting av opplysningar er regulert i sosialtenestelova § 43. I rundskrivet til lova, punkt
5.41.2.3 og 5.43.2.3, er det presisert at opplysningane i saka skal liggje føre skriftleg, anten dette er i form av innhenta dokument eller i søknad og andre saksdokument.
Skriftleg dokumentasjon sikrar rettstryggleiken til den enkelte og gjer det mogeleg å overprøve behovsvurderinga i saka. Oppfølginga av den enkelte skal også dokumenterast på ein slik måte at brukar kan få informasjon om dei vurderingane som er gjort undervegs, og at tilsette og leiarar ved NAV-kontoret og klage- og tilsynsmyndigheiter kan setje seg inn i og vurdere oppfølginga.
I helse- og omsorgstenestelova § 5-10 er det presisert at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema er forsvarlege. Det er kommunens ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å halde journalføringsplikta.
8. Dokumentunderlag
Opplysningar mottekne frå Fjell kommune i brev av 29. september 2017 med vedlegg:
- Oversikt over tilsette i NAV
- Opplæringsplan for sakshandsaming av økonomisk sosialhjelp
- Rutineskriv NAV Fjell, kommunale tenester – sosialhjelp, revidert 27. september 2017
- Kartleggingsskjema sosiale tenester
- Rutinar for forvaltningskonto
- NAV Fjell, mal – vedtak om økonomisk rådgjeving
- NAV Fjell, mal – vedtak om avslutting av teneste
- Samarbeidsavtale mellom NAV Fjell og avdeling rustenester i Fjell kommune, datert 8. juni 2016
- Rutineskriv NAV Fjell, handtering av skanna dokument i datasystemet Socio frå 8. mai 2017
- Rutinar for arbeidsfordeling
- NAV Fjell, avviksskjema
- Organisasjonskart Fjell kommune
- Oversikt over einingsleiarar som rapporterer til helsesjef
- Delegasjonsreglement Fjell kommune vedteke i kommunestyremøte 29. september 2016
- Oversikt over tilsette i psykiatrisk team og avdeling rustenester
- Psykiatrisk team – mal opplæringsplan
- Strategisk kompetanseutviklingsplan for Fjell kommune 2015-2020
- Strategisk kompetanseutviklingsplan for helse, sosial og omsorg 2017
- Retningsliner for ansvarsgrupper i Fjell kommune
- Mottekne meldingar om uønskte hendingar
- Informasjon om koordinerande eining
- Skjema – førespurnad om individuell plan/koordinator
- Saksutgreiing og vedtak om tildeling av tenester til personar i målgruppa for tilsynet, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
Dokument lagt fram ved tilsynet Frå NAV Fjell:
- Oversikt tidspunkt for søknader om økonomisk sosialhjelp til godkjenning
- Oversikt over oppgåver rådgjevarstillingar Frå Avdeling for rustenester:
- Kartleggingsskjema Frå FACT teamet:
- Mal – kriseplan
- Mal – behandlingsplan FACT team
- Sjekkliste – «Recovery» Kartlegging/utgreiing. Nokre viktige moment
Korrespondanse mellom Fjell kommune og Fylkesmannen i Hordaland:
- Melding om tilsyn, brev av 5. juli 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
- Informasjon om kontaktperson for tilsynet i Fjell kommune, e-post av 13. juli 2017
- Brev av 29. september 2017 med vedlegg frå Fjell kommune
- Brev av 29. september 2017 med vedlegg frå Fjell kommune, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
- Program for tilsynet, brev av 16. oktober 2017 frå Fylkesmannen,
- Diverse e-postar mellom Fjell kommune og Fylkesmannen i Hordaland i tidsrommet 16. oktober – 3. november 2017 om tilsynet
Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøtet, og over kven som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen deltok:
Rådgjevar Hanne Hegvold Berentsen (6. og 7. november)
Seniorrådgjevar Marta Havre
Seniorrådgjevar Torill Vebenstad
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle