Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Masfjorden kommune 21. og 22. juni 2017.

Tema for tilsynet var om kommunen sikrar at det blir lagt til rette for tenesteyting til personar med utviklingshemming med minst mogleg bruk av tvang og makt, jamfør helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Det blei ikkje avdekka brot på krav i lov og forskrift.

Ørjan Moldestad
Revisjonsleiar

Torill Vebenstad
Revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Masfjorden kommune 21. og 22. juni 2017. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunen tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom si leiing og kvalitetsforbetring. Ved tilsynet undersøkte vi:

  • Kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • Om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • Om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn som er avdekka under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Rådmannen styrer tenestene i linje til helse- og omsorgsleiar, som er overordna fagleg ansvarleg for kapittel 9. Det blir ytt tenester til personar med utviklingshemming i sjukeheim, heimetenesta og ved Svingen bu- og avlastning, med eigen leiar i kvar eining. Kommunen gir tenester til totalt ni personar med utviklingshemming.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 10. april 2017.

Program blei sendt på e-post 2. juni 2017, og justert etter ønskje frå kommunen 13. og 16. juni 2017

Opningsmøte blei halde 21. juni 2017.

Intervju: Ni personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 22. juni 2017.

Vi snakka med ein tenestemottakar i samband med tilsynet.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet er gitt i kapittel 7. Oversikt over deltakarar ved tilsynet er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt om kommunen utførar, styrar og forbetrar tenesteyting til personar med utviklingshemming slik at:

- Den skjer med minst mogleg bruk av tvang og makt.

- Naudsynt bruk av tvang og makt skjer i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Under tilsynet hadde vi eit særskild fokus på om det er gitt naudsynt rettleiing og opplæring til tilsette i reglane om bruk av tvang og makt.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekka brot på krav i lov og forskrift.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå Masfjorden kommune som er lagd til grunn for tilsynet:

  • Organisasjonskart for kommunen
  • Oversikt over tenestestader der det blir ytt tenester til personar med utviklingshemming
  • Oversikt over tilsette i Svingen bu- og avlastning, heimetenesta og sjukeheim
  • Strategisk kompetanseplan for 2015 – 2018
  • Rutinar ved opplæring av tilsette
  • Prosedyre for informasjon og opplæring i forhold til arbeid med psykisk utviklingshemma
  • Prosedyre for handsaming av vedtak etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester kapittel 9
  • Rutine for dokumentasjon og journalføring
  • Delegeringsreglement Masfjorden kommune, revidert oktober 2012

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding frå Fylkesmannen om tilsyn sendt 10. april 2017
  • E-post frå kommunen med informasjon om kontaktperson sendt 20. april 2017
  • Dokumentasjon frå kommunen motteke 22. mai 2017
  • E-post frå Fylkesmannen 2. juni 2017, vedlagt program for tilsynet
  • E-post frå kommunen 20. juni 2017, vedlagt oppsummering etter vernerunde i Svingen bu- og avlastning

Ikkje offentleg, jf offl § 13 jf fvl § 13: Saksutgreiingar og vedtak om tildeling av tenester

 

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok:
Birthe Lill Christiansen, seniorrådgjevar
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar
Ørjan Moldestad, seniorrådgjevar