Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Tilsynet med Stord kommune 7.- 8. mars er del av fylkesmannens tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i 2017.

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at personar med utviklingshemming, 18 år og eldre som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Vi har ikkje grunnlag for å konkludere med at tenestene som blir gitt, er uforsvarlege. Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i lov og forskrift.

Torill Vebenstad
revisjonsleiar  

Anne Grete Robøle
revisor

 

1. Innleiing

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Stord kommune.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunane ved si styring og leiing sikrar at krav i lovgjevinga blir etterlevde. Ved tilsynet undersøkte vi

  • kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn ved tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Rådmannen v/kommunalsjef styrer tenestene i line til einingsleiar for Habilitering. Eininga er organisert med ein avdeling for arbeid og aktivitet, sju avdelingar som gir tenester til vaksne personar med utviklingshemming som bur i bufellesskap og ein avdeling for avlastning og miljøarbeid som og gir tenester til personar med utviklingshemming som bur i eigen bustad. Kvar avdeling er organisert med fast personale og har eigen avdelingsleiar.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 12. januar 2017.

Formøte blei gjennomført 30. januar 2017.
Vi fekk svar på kartlegging om legemiddelhandtering 20. februar 2017.

Opningsmøte blei halde 7. mars Intervju:
17 personar blei intervjua.
Samtalar med 5 brukarar blei gjennomført 6. mars.
Stikkprøver: Journalar og brukarpermar, referat frå møte med meir, sjå kapittel 8.
Sluttmøte blei halde 8. mars.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Vi har undersøkt om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomfører endringar slik at personar med utviklingshemming får forsvarlege helse- og omsorgstenester og at krav i lov og forskrift blir etterlevd.

Tilsynet omfatta:

  1. Gjennomføring av personleg assistanse, avgrensa til:
    o Tilsyn og hjelp til å vareta eigenomsorg
    o Hjelp til aktivisering
    o Opplæring i daglege gjeremål, personleg stell og eigenomsorg
  2. Helsetenester i heimen og tilgjenge til medisinsk undersøking og behandling, avgrensa til:
    o Legemiddelhandtering, istandgjering og utdeling
    o Oppfølging etter legebesøk og oppfølging for å vurdere nødvendig helsehjelp hos lege
    o Helsehjelp ved akutte tilstandar
    o Kommunens medverknad til at brukar kjem i kontakt med og blir følgd til fastlege eller lege i spesialisthelsetenesta
    o Hjelp ved legebesøk til å formidle opplysningar som legen treng for å gi helsehjelp
    o Formidling av informasjon frå legebesøk tilbake til dei som gir helsetenester i heimen til brukaren.

I tilknyting til kvart tema undersøkte vi også korleis kommunen har lagt til rette for og varetek brukarens rett til informasjon og medverknad. Vi undersøkte og om kommunen etterspør politiattest ved tilbod om tilsetjing.

Tilsynet omfatta ikkje tenester som blir gitt med bruk av tvang og makt, praktisk bistand hushald, brukarstyrt personleg assistanse, helsehjelp ved legevakt og tannhelsetenester. Om fastlege og spesialisthelsetenesta gir forsvarleg helsehjelp og om fastlegen gjennomfører regelmessig helsekontroll av brukarane, var heller ikkje del av tilsynet.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i lov og forskrift.

6. Vurdering av styringssystemet

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr.792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 3. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og personell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten

8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Stord kommune:

  • E-brev motteke 10. februar 2017 vedlagt
  • Detaljert organisasjonskart over eining for Habilitering
  • Oversikt over leiarar i Eining for Habilitering, med stillingsstorleik og utdanning
  • Oversikt over tilsette i avdelingane Saghaugen, Studalen, Åsen og Miljøgruppa
  • Eining for Habilitering, ansvarsområde ulike yrkesgrupper – mars 2012
  • Fagleg kompetanse som kommunen vurderer at trengs innanfor tenestene til personar med utviklingshemming – datert 07.02.2017
  • Strategisk kompetanseplan for rehabilitering, helse og omsorg i Stord kommune – januar 2017
  • Rutine ved sjukdom for personale i «Team Nordnesbygget»
  • Vaktskifte/rapport – sjekkliste – revidert 19.11.2015
  • Retningsliner leiarmøte i eining for Habilitering
  • Handlingsplan 2016 for: Eining for Habilitering – med utgangspunkt i økonomiplan, målstyringsdokumentet
  • Sjekkliste for opplæring til nytt personale
  • Arbeidsmiljøreglar
  • Branninstruks
  • Beredskapsplan ved dødsfall i bustad – pr 06.02.2017
  • Velkomen som nytilsett i Stord kommune – datert 11.11.2016
  • Velkomen til avlastning og miljøarbeid – oppdatert januar 2017
  • Velkomen til avdeling Saghaugen
  • Velkomen til avdeling Studalen
  • Primærkontakt – funksjon og oppgåver
  • Ansvarsvakt – ansvar og oppgåver
  • Velkomen til avdeling Åsen
  • Prosedyre for sakshandsaming – psykisk utviklingshemma i bustad
  • Kartleggingsskjema
  • Mal for rapport frå avdelingsleiar til einingsleiar og frå einingsleiar til kommunalsjef
  • Prosedyre for oppretting og organisering av journal, Kva skal skrivast i ein journal og Detaljert journalføringsprosedyre
  • Grunnkurs i Profil
  • Prosedyre for Avvik – Melding og handtering
  • Oversikt over meldte hendingar siste tre månader i Åsen, Studalen og Saghaugen
  • Rutinar for handtering av vald og truslar i Stord kommune
  • Turnusar/vaktplan for Åsen, Saghaugen, Studalen og Avlastning/miljøarbeid - Nordnesbygget
  • Retningslinjer og dokument for legemiddelhandtering
  • Rutine - Elektronisk meldingsutveksling
  • Retningsliner for bruk av elektroniske meldingar
  • Tenesteavtalar mellom Stord kommune og Helse Fonna HF
  • Serviceerklæring Eining for Habilitering sine bufellesskap
  • Samarbeidsrutinar – Kring den enkelte brukar og samarbeid fastlegar/spesialisthelsetenesta
  • Rutinar for individuell plan og utpeiking av koordinator for individuell plan i Stord kommune - februar 2014
  • Eining for Habilitering: Informasjonsflyt
  • Styringssystem for helse og omsorg
  • Orientering vedr. politiattest – rutine

E-brev motteke 28. februar 2017, vedlagt

  • Informasjon til foreldre til barn og unge med nedsett funksjonsevne i Stord kommune – redigert april 2013

Ikkje offentleg, jf offl § 13 jf fvl § 13:
Saksutgreiingar og vedtak om tildeling av tenester

Stikkprøver

  • 25 pasientjournalar
  • 22 brukarpermar
  • Referat frå ansvarsgrupper og personalmøte
  • Vaktplan/Arbeidsliste
  • Kvitteringslister for istandgjort og utdelt medisin
  • Individuelle planar

Dokument som blei lagt fram

  • Brukarpermar for 22 personar med utviklingshemming
  • Referat frå personalmøte i Åsen, Studalen og Saghaugen siste tre månader

Korrespondanse mellom Stord kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 12. januar 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev frå Stord kommune 25. januar 2017 om kven som er kommunens kontaktperson og kven som deltek på formøte
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 30. januar 2017, kartlegging av legemiddelhandtering
  • Brev frå Stord kommune motteke 9. februar 2017, dokumentasjon som vi har bedt om
  • E-brev med vedlegg frå Stord kommune motteke 10. februar 2017, dokumentasjon som vi hadde bedt om
  • E-brev med vedlegg frå Stord kommune 20. februar 2017, svar på kartlegging av legemiddelhandtering
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 22. februar 2017, oversending av program
  • E-brev med vedlegg frå Stord kommune motteke 28. februar, ettersendt dokument
  • E-brev frå Stord kommune 22. februar 2017, tilbakemelding om program for tilsynet
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 1. mars 2017, oversending av korrigert program

Andre opplysningar

  • E-brev frå lokallagsleiar i Norsk foreining for utviklingshemma om tenestetilbodet i Stord kommune.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok:
Ørjan Moldestad, seniorrådgjevar
Reidun Våge Danielsen, seniorrådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar