Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Tilsyna med DPS allmennpsykiatriske poliklinikkar er del av det landsomfattande tilsynet med spesialisthelsetenester i 2017 og 2018, og vart utført av eit tilsynslag med medarbeidarar frå kvart embete og psykologspesialist med særleg kompetanse på fagområdet. Erfaringskonsulent med brukarerfaring deltok i førebuing og gjennomføring av eitt tilsyn. Dette var første gongen vi hadde ein person med brukarerfaring med ved eit planlagt tilsyn.

For å få direkte informasjon om tilbodet ved poliklinikkane og korleis pasientane får medverke, inviterte vi pasientar til samtalar. Det var diverre ikkje mange som hadde høve til å delta.

Vi har ført tilsyn med ein allmennpsykiatrisk poliklinikk i kvart av helseføretaka på Vestlandet.

Ved tre av fire tilsyn fann vi brot på krav til styring og kvalitetsforbetring av tenestene i poliklinikken.

Ved kvar poliklinikk varierer det om og korleis pasientane sine rusmiddelproblem blir kartlagt, utgreidde og diagnostiserte, og om dei får tilbod om behandling for både psykisk liding og samtidig rusliding.

Denne variasjonen i praksis utgjer ein risiko for pasienttryggleiken ved at behov for helsehjelp ikkje blir identifiserte og følgde opp.

Manglande forpliktande samarbeidsavtalar, uavklarte ansvarsforhold og rutinar for det praktiske samarbeidet mellom psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling aukar denne risikoen for svikt.

Det følgjer av krav til styring av helse- og omsorgstenestene at leiinga skal leggje til rette, følgje med på eige verksemd og setje i verk nødvendige forbetringstiltak ved behov. Forhold som er avdekte ved tilsyna, viser at leiinga ikkje har følgd opp denne delen av kjerneverksemda i nødvendig omfang.

28. juni 2017

Helga Arianson (sign.)
Fylkeslege i Hordaland

Janne Dahle-Melhus (sign.)
Fylkeslege i Rogaland

 

Per Stensland (sign.)
Fylkeslege i Sogn og Fjordane

 

 

1. Bakgrunn

Tilsyna er del av det landsomfattande tilsyn med spesialisthelsetenesta som etter oppdrag frå Statens helsetilsyn blir gjennomført i 2017 og 2018.

Tilsynsområda er valde på bakgrunn av ei risikovurdering som Statens helsetilsyn gjorde i 2015.

Rapport frå Helsetilsynet 3/2016 Risikovurdering av tjenester til personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse;
https://www.helsetilsynet.no/upload/Publikasjoner/rapporter2016/helsetilsynetrapport3_2016.pdf 

Tilsynet er avgrensa til polikliniske tenester i distriktspsykiatrisk senter (DPS).

2. Målgruppe

Målgruppa for tilsynet er pasientar 18 år og eldre som har psykisk liding og mogeleg samtidig rusmiddelproblematikk i form av behandlingstrengande rusmiddelproblem, uavhengig av om rusmiddelproblemet kan definerast som ei rusliding (skadeleg bruk og/eller avhengigheit).

Med rusmiddel meiner vi alkohol, vanedannande legemiddel (feil bruk/overforbruk), illegale rusmiddel og anabole steroidar.

3. Tilsynet omfatta

Psykiske lidingar og ruslidingar inngår ofte i eit komplekst samspel der symptom påverkar kvarandre, kan forvekslast, blir tildekt og forverra. For å kunne gje helsehjelp som verkar, er det ein føresetnad at pasientane er tilstrekkeleg utgreidde for både psykisk liding og rusmiddelproblematikk og får hjelp for båe lidingane.

Vi har undersøkt om helseføretaka legg til rette for og følgjer opp at pasientane får forsvarlege tenester som er kjenneteikna av:

  • samordna og heilskapleg tilnærming til psykisk liding og mogeleg samtidig rusliding
  • helsehjelpa er tilpassa tilstanden til pasienten og han/ho får høve til å medverke
  • kvalitet og framdrift i arbeidet
  • tilstrekkeleg kompetanse i alle ledd av behandlingsforløpet
  • nødvendig samhandling mellom personell på ulike organisatoriske nivå

Tilsynet er inndelt etter fasar i eit behandlingsforløp:

  • utgreiing
    Vi undersøkte om følgjande var kartlagt: Eventuelle rusmiddelproblem, pasientane sin motivasjon for endring, somatisk helse, pårørande/nettverk, butilhøve, arbeid/aktivitet, samarbeid og samhandling med andre instansar samt risikoåtferd (sjølvmord, vald og overdose). I tillegg undersøkte vi om pasientar som ikkje møter til konsultasjonar blir følgde opp.

  • diagnostisering
    Vi undersøkte om diagnostiseringa byggjer på informasjon som kjem fram i utgreiinga, om diagnosar gjennomgåande er sett innan tre månader etter påbegynt utgreiing og om ruslidingar blir diagnostisert.

  • behandling
    Vi undersøkte om planar for behandling blir utarbeidde så snart det ligg føre nødvendig informasjon frå utgreiinga og om pasientane får samordna og eller integrert behandling for samtidig psykisk liding og rusliding.

  • avslutting av behandling
    Vi undersøkte om avslutting av behandling byggjer på vurdering av pasientane sine behov og måloppnåing og om oppfølgjande instans får informasjon når pasientane samtykker til slik oppfølging.

4. Vi har ført tilsyn med

Helse Bergen, Divisjon psykisk helsevern, Bjørgvin DPS allmennpsykiatrisk poliklinikk Tertnes

Helse Fonna HF, Klinikk for psykisk helsevern, Haugaland DPS allmennpsykiatrisk poliklinikk

Helse Førde HF, Psykisk helsevern, Psykiatrisk klinikk, DPS Dag

Helse Stavanger HF, Klinikk psykisk helsevern voksne, Stavanger DPS allmennpsykiatrisk poliklinikk

Rapportane frå kvart tilsyn er tilgjengelege på www.helsetilsynet.no og Fylkesmannen.no

5. Styringssystem - tilrettelegging og oppfølging av verksemda i poliklinikken

Styringssystem er dei aktivitetar, system og prosessar som vert tekne i bruk for å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at ho samsvarer med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgslovgjevinga 1.

Ved tre av fire tilsyn fann vi brot på krav til styring og kvalitetsforbetring av tenestene i poliklinikken.

Ved kvar poliklinikk varierer det kva fagleg kompetanse behandlarane har. Det varierer òg om og korleis rusmiddelproblem blir kartlagt, utgreidde, diagnostiserte og om pasienten får tilbod om behandling for både psykisk liding og samtidig rusliding.

Variasjonen i praksis som tilsynet har avdekt, utgjer ein risiko for pasienttryggleiken ved at behov for helsehjelp ikkje blir identifiserte og følgde opp i poliklinikken og eller i samarbeid med tverrfagleg spesialisert rusbehandling.  Manglande forpliktande samarbeidsavtalar, uavklarte ansvarsforhold og rutinar for det praktiske samarbeidet mellom psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling aukar risikoen for svikt.

Det følgjer av krav til styring av helse- og omsorgstenestene, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbedring og lov om spesialisthelsetjenester § 2-2,  at leiinga legg til rette, følgjer med på eige verksemd og set i verk nødvendige forbetringstiltak ved behov. Forhold som er avdekte, viser at leiinga ikkje har følgd opp denne delen av kjerneverksemda i nødvendig omfang.

1 Veileder til forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten IS-IS-2620

Fagleg kompetanse om rusmiddel, utgreiing og diagnostisering av rusmiddelproblem

Behandlarane i poliklinikkane arbeider svært sjølvstendig. Tilgangen på spesialistar er forskjellig. Nokre tilsette har dobbeltspesialitet, tilleggsutdanning og eller erfaring frå båe fagområda, men elles er det ulikt kva kompetanse behandlarane har om utgreiing og diagnostisering av rusmiddelproblem hos pasientar med psykisk liding.

Ved tre av poliklinikkane er det i stor grad er opp til den enkelte behandlaren om og når ho/han drøftar problemstillingar knytt til utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i faste teammøte eller med kollega. Det er variasjon i korleis ruskartlegging vert gjort og om og på kva måte eit avdekt rusmiddelmisbruk vert følgd opp med vidare utgreiing, vurdering av samvariasjon med psykisk liding, diagnostisering og behandling.

Samordna behandling mellom allmennpsykiatrisk poliklinikk og tverrfagleg spesialisert rusbehandling eller integrert behandling i allmennpsykiatrisk poliklinikk

I Helse Førde HF er tverrfagleg spesialisert rusbehandling integrert i DPS poliklinikk. I dei tre andre helseføretaka vert tverrfagleg spesialisert rusbehandling gitt av andre einingar i helseføretaket og institusjonar som tilbyr slik spesialisthelseteneste etter avtale med Helse Vest RHF.

Behandling av samtidig psykisk liding og rusliding kan gjevast av behandlar i allmennpsykiatrisk poliklinikk med relevant fagkompetanse på begge fagområda. Behandlar kan samarbeide internt med andre behandlarar i eigen poliklinikk, dersom hovudbehandlar ikkje har tilstrekkeleg fagkompetanse på eitt av fagområda. Behandlar i allmennpsykiatrisk poliklinikk kan vidare med samtykke frå pasienten samarbeide med annan behandlingsstad definert som tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Utgreiing og behandling der fleire behandlarar deltek, må vere føreseieleg og koordinert.

I ein del av pasientjournalane som vi gjennomgjekk, fann vi at identifiserte rusmiddelproblem ikkje vart vidare utgreidde og diagnostiserte ved poliklinikken. Vi fann og at somme pasientar med psykisk liding og samtidig rusliding, ikkje fekk tilbod om integrert eller samordna behandling. I nokre tilfelle hadde pasienten sjølv uttrykt ønskje om behandling for båe lidingane.

Poliklinikkane har i ulik grad nødvendig fagleg kompetanse og tilrettelagt verksemda for å kunne gje integrert behandling. Det er i stor grad opp til dei einskilde behandlarane i poliklinikken å ta initiativ til samarbeid om pasientar.

Alle poliklinikkane har ikkje samarbeidsavtalar og klare retningsliner for tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling og samarbeid om pasientbehandling. Dermed vert det opp til den einskilde behandlaren om og på måte det vert lagt til rette for samarbeid med tverrfagleg spesialisert rusbehandling. 

Medverknad frå pasientar i utgreiing og behandling

Pasientane har rett til å få informasjon og få medverke. Dette må tilpassast til den einskilde pasientens situasjon. Poliklinikkane legg til rette for å vareta desse pasientrettane, men utan ordningar for systematisk innhenting av tilbakemeldingar frå pasientane, er det tilfeldig om behov for forbetring blir avdekt. Ein poliklinikk er i ferd med å ta i bruk verkty for systematisk tilbakemelding.

Informasjon frå samtalar med pasientar ved poliklinikkane tyder på at somme synest det er vanskeleg å seie frå til behandlar korleis dei opplever samarbeidet og behandlingssituasjonen, og spesielt ved ønskje om å få skifte behandlar.

Pasientane i målgruppa for tilsynet møter ikkje alltid til avtalte tider. Alle poliklinikkane informerer pasientane om timeavtalar og har rutinar for å kontakte pasientar som ikkje møter.

6. Regelverk

Kravet om forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring er sentrale ved dette tilsynet. Det same gjeld tilrettelegging for og varetaking av pasientens rett til medverknad.

Plikta til systematisk styring

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som gjaldt tidlegare. Plikta til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik går også fram av spesialisthelsetenestelova § 3-4 a.

Helsetenesta er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring. Kravet til forsvarleg verksemd som er retta mot verksemder omfattar fleire forhold som er samanfallande med kravet til leiing og kvalitetsforbetring. Dette omfattar også systematisk arbeid for å vareta pasienttryggleik.

Kravet om forsvarleg verksemd

Kravet om forsvarleg verksemd, jf. lov om spesialisthelsetjenesten m.m. § 2-2, er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gi krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.

Helsedirektoratet har utarbeidd fleire publikasjonar som er aktuelle for dette tilsynet. Den mest sentrale er Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse (IS-1948).

Elles har vi også nytta IS-1388, IS-1957, IS-1925, IS-1561, IS-2211, IS-1511 og IS-9/2007.

Helsetenesta bør prøve å yte tenester i samsvar med tilrådingane i slike publikasjonar, men ofte vil det vere eit handlingsrom kor helsehjelpa likevel kan vere forsvarleg sjølv om praksis avvik noko frå tilrådingane.

Pasientmedverknad

Retten til medverknad går fram av pasient- og brukarrettslova og forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten. Pasientane skal få nødvendig informasjon om helsetilstanden sin og tenestetilbodet, og pasientane har rett til å medverke ved gjennomføringa av helsetenester.

På grunnlag av dette regelverket, må mellom anna følgjande ventast av forsvarlege spesialisthelsetenester til pasientar med psykisk liding og mogeleg samtidig rusliding: 

  • leiinga ved DPS sørgjer for innarbeidde rutinar for
    o systematisk utgreiingspraksis inkludert avdekking av moglege ruslidingar hos pasientane
    o oppfølging og diagnostisering av identifisert rusmiddelproblematikk
    o planlegging og gjennomføring av samordna og/eller integrert behandling
    o avslutting av behandling med avsluttingssamtale
    o pasientmedverknad i behandlingsforløpet
  • leiinga ved DPS følgjer opp at rutinane fungerer og blir følgde, og set i verk nødvendige tiltak dersom det har utvikla seg ein uønskt praksis
  • helseføretaket sørgjer for samanheng i behandlinga av psykisk liding og samtidig rusmiddelproblematikk.
    o nødvendig spesialistkompetanse er tilgjengeleg i heile behandlingsforløpet, uavhengig av om kompetansen finst i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
    o ansvar- og oppgåvefordeling mellom psykisk helsevern og TSB er avklart, uavhengig av om TSB er organisert i eller utanfor helseføretaket 
  • helseføretaket legg til rette for og følgjer med på at nødvendig samhandling og kompetanseutveksling fungerer
  • i DPS-et er det trygt å melde om feil, manglar og uønskte hendingar, og leiinga brukar slik informasjon til kontinuerleg forbetring

7. Metode

Fylkesmennene i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland har sett saman eit felles tilsynslag. I tillegg deltok ein psykologspesialist med særleg kompetanse på fagområdet. Erfaringskonsulent med brukarerfaring deltok i førebuing og gjennomføring av eitt tilsyn.

Tilsyna er gjennomførte som systemrevisjon, ved gransking av styrande dokument og pasientjournalar og intervju med tilsette.

Som del av informasjonsinnhentinga inviterte vi pasientar ved kvar poliklinikk til samtale om deira erfaringar med hjelpa dei får, kva informasjon dei får og korleis dei får medverke.  Av dei 38 pasientane som vart invitert til samtale, deltok 12.

Vi sende og spørjeskjema til avdelingar og verksemder som tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling for mellom anna å få informasjon om samarbeidet med DPS allmennpsykiatrisk poliklinikk og leiinga si oppfølging korleis samarbeidet fungerer.

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2017–2018 Tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Søk