Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Austevoll kommune 20.-21. mars 2018. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med.

Vi har undersøkt om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester. Tilsynet var avgrensa til sosiale tenester i NAV og tenester som blir tildelt og utført av tilsette i eining psykisk helse, rus og kreftomsorg.

Det kom ikkje fram opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

Sosiale tenester i NAV og psykisk helse og rus legg vekt på medverknad frå brukarane i utforming og praktisk gjennomføring av tenestene. Det er og samarbeid mellom dei kommunale tenestene og spesialisthelsetenesta.

Få tilsette i kvar eining gjer at tenestetilboda er særleg sårbare ved uføresette endringar.

Tenester frå psykisk helse og rus er i stor grad basert på fagleg skjønn. Ei uttalt prioritering av oppgåver og definering av kva tilbod psykisk helse og rus skal gi, kan understøtte faglege prioriteringar som skal gjerast i dagleg drift og ved uføresette situasjonar.

Kommunens administrative leiing er kjent med og følgjer opp sårbarheit og risiko for svikt i tenestene.

Tilsynet er avslutta.

Dato 19.04.2018

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Birthe Lill Christiansen
revisor

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Austevoll kommune 20.-21. mars 2018. Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blir gjennomført i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 9.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom si styring og leiing, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen gjer innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Austevoll kommune har om lag 5 150 innbyggjarar. Tenestene som tilsynet omfatta, er styrde i line frå rådmann til kommunalsjef helse omsorg og vidare til NAV-leiar og konstituert leiar for psykisk helse, rus og kreftomsorg.

Tenestemottakarane vi møtte, formidla at dei blir sett og møtt og at tenestene er tilgjengelege.

Psykisk helse og rus gir tenester på dagtid kvardagar. Ved eventuelle behov for tenester andre tider, kveld, natt og helgedagar må brukarane kontakte legevakt. Psykisk helse og rus samarbeider nært med fastlegane og med NAV. At alle tenestene er lokaliserte i same bygg, gjer det enkelt å ta kontakt ved behov for samråd og vurdering av tiltak.

Det er få tilsette i kvar eining og dei er sårbare ved endringar, til dømes ved auke i tilvisingar slik som psykisk helse og rus har erfart. I perioden desember 2017 – mars 2018 har psykisk helse og rus fått tilvist nær dobbelt så mange pasientar som i same periode 2016 – 2017. Dette stiller krav til fleksibilitet og fagleg breidde hos den enkelte for å identifisere og møte behova brukarane har. Det er i liten grad utarbeidd skriftlege rutinar og tydeleg definert kva som er kjerneoppgåver/prioriterte oppgåver for psykisk helse og rus. Faste interne møte medverkar til harmonisering av praksis. Dei fleste har vore tilsette i lengre tid og kjenner godt til kommunen og kva tenestetilbod som finst.

Konstituert rådmann og kommunalsjef helse og omsorg er godt kjende med aktuelle utfordringar i tenestene. Då tilsynet blei gjennomført, blei det arbeidd med å finne løysningar.

3. Gjennomføring

Aktivitet

Melding om tilsyn

Stikkprøver

Samtale med

Dato

24. januar 2018

20. mars

4 tenestemottakarar

 

 

14 journalar

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

13. mars

20.-21. mars

21. mars

 

7 tilsette
Telefonintervju med kommuneoverlege 19. mars og med fagleiar, pleie- og omsorg Aleris 16. mars

 Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet er avgrensa til kommunens styring med helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV. Målgruppa er personar 18 år og eldre som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå kommunen over tid.

Tilsynet inkluderer tenestemottakarar uavhengig av kva rusmiddel dei nyttar (alkohol, legemiddel, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Dette gjeld og for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot kommunens tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon etc.). Det er ingen skilnad på om personane aktivt nyttar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for rusmiddelbruken.

Vi har undersøkt om kommunen ved helse- og omsorg og sosiale tenester i NAV

  • legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
  • legg til rette for samarbeid mellom kommunale einingar som gir helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • innhentar informasjon om brukarens heilskaplege situasjon og mogelege behov for tenester
  • kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding
  • kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
  • tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad

5. Funn

Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som tilseier at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

Sårbarheit og risiko for svikt mellom anna som følgje av auke i etterspurnad etter tenester frå psykisk helse og rus er kjende og blir følgde opp av leiinga.

6. Vurdering av styringssystemet

Sosiale tenester i NAV og psykisk helse og rus legg vekt på medverknad frå brukarane i utforming og praktisk gjennomføring av tenestene. Det er og samarbeid mellom dei kommunale tenestene og spesialisthelsetenesta.

Få tilsette i kvar eining gjer at tenestetilboda er særleg sårbare ved uføresette endringar. Tenester frå psykisk helse og rus er i stor grad basert på fagleg skjønn. Ei uttalt prioritering av oppgåver og definering av kva tilbod psykisk helse og rus skal gi, kan understøtte faglege prioriteringar som skal gjerast i dagleg drift og ved uføresette situasjonar.

Kommunens administrative leiing er kjent med og følgjer opp sårbarheit og risiko for svikt i tenestene.

7. Regelverk

Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova)
Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltingen (sosialtenestelova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukarrettslova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova)
Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)

Forskrift av 28. oktober 2016 nr.1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
Forskrift av 20. desember 2016 nr. 1848 om pasientjournal
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1462 om individuell plan i arbeids og velferdsforvaltningen
Forskrift av 29. august 2016 nr. 1030 om habilitering og rehabilitering individuell plan og koordinator
Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Ved dette tilsynet er kravet til forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring sentrale. Det same gjeld plikta til tilrettelegging for og varetaking av retten til informasjon og medverknad.

Plikta til systematisk styring

Kommunens plikt til styring og leiing for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift går fram av sosialtenestelova § 5. Plikta til styring av dei kommunale tenestene i NAV er nærare konkretisert i forskrifta om internkontroll i kommunalt NAV.

Kommunens ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester inneber plikt til å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift går fram av helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 tredje ledd og 4-2.

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som galdt tidlegare.

Kommunen er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring.

Forsvarleg verksemd

Kravet om forsvarleg verksemd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og sosialtenestelova § 4, er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gje krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.

Ved dette tilsynet er følgjande retningsline, rettleiarar og rundskriv aktuelle:

  • Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser, IS-1948 frå Helsedirektoratet
  • Rundskriv til sosialtenestelova frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012
  • Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013. Sist endra april 2016
  • Veileder til sosialtjenesteloven § 17 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014
  • Sammen om mestring. Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne, Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetjenesten, IS-2076 frå Helsedirektoratet.

Pasient- og brukarmedverknad

Pasient- og brukarmedverknad er ein føresetnad for forsvarlege tenester i helse og omsorg og sosiale tenester i NAV. Tenestetilbod skal så langt som råd utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva vedkomande meiner, jf. sosialtenestelova § 42. Pasientar- og brukarar har rett til å medverke ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 første og andre ledd. Når tenestetilbod blir utforma, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6.

Samarbeid for å koordinere tenester

Samarbeid og samhandling er avgjerande for at personar med rusmiddelproblem og psykisk liding skal få forsvarlege tenester. Kravet til forsvarleg verksemd inneber at kommunens tilbod som heile må vere forsvarleg. Det er ikkje tilstrekkeleg at kommunens deltenester kvar for seg er forsvarlege. Kommunens plikt til å samarbeide med andre går mellom anna fram av følgjande føresegner:

NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå, jf. sosialtenestelova §§ 17 og 28.

Kommunen har plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre der dette er nødvendig for å tilby tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Det går fram av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 at kommunen skal leggje tenestene til rette slik at den enkelte får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod.

Den nasjonale faglege retningslina for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding tilrår at det blir laga plan for samordning og koordinering av tenester også for dei som ikkje ønskjer individuell plan.

Plikt til å dokumentere

Innhenting av opplysningar er regulert i sosialtenestelova § 43. I rundskrivet til lova, punkt 5.41.2.3 og 5.43.2.3, er det presisert at opplysningane i saka skal liggje føre skriftleg, anten dette er i form av innhenta dokument eller i søknad og andre saksdokument.

Skriftleg dokumentasjon sikrar rettstryggleiken til den enkelte og gjer det mogeleg å overprøve behovsvurderinga i saka. Oppfølginga av den enkelte skal også dokumenterast på ein slik måte at brukar kan få informasjon om dei vurderingane som er gjort undervegs, og at tilsette og leiarar ved NAV-kontoret og klage- og tilsynsmyndigheiter kan setje seg inn i og vurdere oppfølginga.

I helse- og omsorgstenestelova § 5-10 er det presisert at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema er forsvarlege. Det er kommunens ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å halde journalføringsplikta.

8. Dokumentunderlag

  • Opplysningar mottekne frå Austevoll kommune
  • Informasjon om kven som er kommunens kontaktperson
  • Informasjon om kommunens tenester m.m. i brev av 16. og 21. februar 2018 med vedlegg:
  • Sjekkliste nytilsette
  • Notat til orientering: Rutine for søknad om teneste ved avdeling for psykisk helse, rus og kreftomsorga
  • Notat til orientering: Rutine for henvisning/samarbeid med spesialisthelsetenesta
  • Forvaltningsrevisjonsrapport rus og psykiatriteneste, november 2017
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan, rullering 2017-2021
  • Notat til orientering: Samhandling koordinerande eining og legetenesta
  • Informasjon om e-melding
  • Notat til orientering frå NAV-leiar til kommunalsjef - tilsyn – informasjon frå NAV Austevoll
  • NAV Austevoll, rutinar, prosedyrar og retningsliner – sosiale tenester
  • Notat til orientering: Individuell plan
  • Notat til orientering: Rutine individuell plan, koordinator sine oppgåver
  • Skjema – avtale om offentleg forvaltning
  • Skjema – dokumentasjonskrav knytt til søknad om sosialhjelp
  • NAV – skjema egenvurdering
  • Stillingsinstruks for leiar NAV Austevoll (kommunalt ansvarsområde
  • Opplysning om rutinar for samarbeid mellom NAV sosial og rustenesta
  • Skjema – samtykke til samarbeid

Deltakarar ved tilsynet

 

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøtet, og over kven som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok:
Seniorrådgjevar Marta Havre
Seniorrådgjevar Birthe Lill Christiansen
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2017–2018 Tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Søk