Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Kvam herad 13.-15. mars 2018. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med:

Tilsynet var avgrensa til stab og forvaltning, sosiale tenester i NAV og psykisk helse og rus.

Vi har undersøkt om heradet ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester.

Innan dei områda tilsynet var avgrensa til og ut frå opplysningar som vi fekk, har leiinga lagt til rette for og kan følgje med på at brukarane får individuelt tilpassa og forsvarlege tenester.

Det kom ikkje fram opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

Tilsynet er avslutta.

Vår dato 04.04.2018

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Birthe Lill Christiansen
revisor

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Kvam herad 13.-15. mars 2018. Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blir gjennomført i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 9.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om heradet, gjennom si styring og leiing, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet heradet gjer innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Kvam herad har om lag 8 400 innbyggjarar.

Tenestene tilsynet omfatta, er styrde i line frå rådmannen til helse- og omsorgssjef og vidare til leiar for NAV og leiar avdeling psykisk helse og rus.

Det er regelmessige møte mellom leiarar og tilsette i kvar eining, mellom einingsleiarane, mellom einingsleiarar og helse og omsorgssjef og i leiargruppa til rådmannen.

Brukarane vi møtte, gav til kjenne at dei medverkar og at tenestene er tilgjengelege og gir hjelp tilpassa behov. Problemstillingar dei tok opp, gjaldt aktivitetstilbod og bustader. I intervju med tilsette kom det fram at det blir arbeidd med å finne løysingar.

3. Gjennomføring

Aktivitet

Melding om tilsyn

Stikkprøver

Samtale med

Dato

24. januar 2018

13. mars

4 tenestemottakarar

 

 

10 journalar

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

13. mars

13.-15. mars

8. mars

 

13 tilsette

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet er avgrensa til styring med helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV. Målgruppa er personar 18 år og eldre som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå heradet over tid.

Tilsynet inkluderer tenestemottakarar uavhengig av kva rusmiddel dei nyttar (alkohol, legemiddel, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Dette gjeld og for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon etc.). Det er ingen skilnad på om personane aktivt nyttar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for rusmiddelbruken.Vi har undersøkt om helse- og omsorg og sosiale tenester i NAV

  • legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
  • legg til rette for samarbeid mellom kommunale einingar som gir helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • innhentar informasjon om brukarens heilskaplege situasjon og mogelege behov for tenester
  • kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding
  • kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
  • tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad

5. Funn

Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som tilseier at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne. Informasjon vi fekk, tilseier at kommunen har lagt til rette for og legg vekt på brukaren sin rett til informasjon og medverknad og på samarbeid mellom tenester i kommunen og med spesialisthelsetenestene når det gjeld å møte behova for hjelp.

6. Vurdering av styringssystemet

Innan dei områda tilsynet var avgrensa til og ut frå opplysningar som vi fekk, har leiinga lagt til rette for og kan følgje med på at brukarane får individuelt tilpassa og forsvarlege tenester.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova)
  • Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltingen (sosialtenestelova)
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukarrettslova) Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova)
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr.1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 om internkontroll for herad i arbeids- og velferdsforvaltningen
  • Forskrift av 20. desember 2016 nr. 1848 om pasientjournal
  • Forskrift av 19. november 2010 nr. 1462 om individuell plan i arbeids og velferdsforvaltningen
  • Forskrift av 29. august 2016 nr. 1030 om habilitering og rehabilitering individuell plan og koordinator
    Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Ved dette tilsynet er kravet til forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring sentrale. Det same gjeld plikta til tilrettelegging for og varetaking av retten til informasjon og medverknad.

Plikta til systematisk styring

Kommunanes plikt til styring og leiing for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift går fram av sosialtenestelova § 5. Plikta til styring av dei kommunale tenestene i NAV er nærare konkretisert i forskrifta om internkontroll i kommunalt NAV.

Kommunanes ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester inneber plikt til å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift går fram av helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 tredje ledd og 4-2.

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som galdt tidlegare.

Kommunane er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring.

Forsvarleg verksemd

Kravet om forsvarleg verksemd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og sosialtenestelova

§ 4, er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gje krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.

Ved dette tilsynet er følgjande retningsline, rettleiarar og rundskriv aktuelle:

- Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser, IS-1948 frå Helsedirektoratet
- Rundskriv til sosialtenestelova frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012
- Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013. Sist endra april 2016
- Veileder til sosialtjenesteloven § 17 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014
- Sammen om mestring. Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne, Et verktøy for herad og spesialisthelsetjenesten, IS-2076 frå Helsedirektoratet.

Pasient- og brukarmedverknad

Pasient- og brukarmedverknad er ein føresetnad for forsvarlege tenester i helse og omsorg og sosiale tenester i NAV. Tenestetilbod skal så langt som råd utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva vedkomande meiner, jf. sosialtenestelova § 42. Pasientar- og brukarar har rett til å medverke ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 første og andre ledd. Når tenestetilbod blir utforma, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6.

Samarbeid for å koordinere tenester

Samarbeid og samhandling er avgjerande for at personar med rusmiddelproblem og psykisk liding skal få forsvarlege tenester. Kravet til forsvarleg verksemd inneber at kommunens tilbod som eit heile må vere forsvarlege. Det er ikkje tilstrekkeleg at deltenester kvar for seg er forsvarlege. Plikta til å samarbeide med andre går mellom anna fram av følgjande føresegner:

NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå, jf. sosialtenestelova §§ 17 og 28.

Kommunen har plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre der dette er nødvendig for å tilby tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Det går fram av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 at kommunen skal leggje tenestene til rette slik at den enkelte får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod.

Den nasjonale faglege retningslina for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding tilrår at det blir laga plan for samordning og koordinering av tenester også for dei som ikkje ønskjer individuell plan.

Plikt til å dokumentere

Innhenting av opplysningar er regulert i sosialtenestelova § 43. I rundskrivet til lova, punkt 5.41.2.3 og 5.43.2.3, er det presisert at opplysningane i saka skal liggje føre skriftleg, anten dette er i form av innhenta dokument eller i søknad og andre saksdokument.

Skriftleg dokumentasjon sikrar rettstryggleiken til den enkelte og gjer det mogeleg å overprøve behovsvurderinga i saka. Oppfølginga av den enkelte skal også dokumenterast på ein slik måte at brukar kan få informasjon om dei vurderingane som er gjort undervegs, og at tilsette og leiarar ved NAV-kontoret og klage- og tilsynsmyndigheiter kan setje seg inn i og vurdere oppfølginga.

I helse- og omsorgstenestelova § 5-10 er det presisert at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema er forsvarlege. Det er kommunens ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å halde journalføringsplikta.

8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Kvam herad i brev av 15. februar og 20. februar 2018 med vedlegg:

  • Organisasjonskart
  • Arbeidsgjevarpolitikk Kvam herad
  • Plattform for leiarskap og medarbeidarskap
  • Plan for leiarutvikling – Kvam herad 2013
  • Stab og forvaltning
    o Kartleggingsskjema ved søknad om pleie- og omsorgstenester - m/IPLOS opplysningar
    o Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering
    o Sakshandsaming av søknader på hjelpeordningane i pleie- og omsorgstenesta
    o Saksgang ved handsaming av søknader (rutinar og standard for stab og forvaltning)
    o Verdistrømsanalyse
  • NAV
    o Ny i NAV
    o Retningsline for arbeidsfordeling og sakshandsaming for Kvam herad sitt arbeid med bustad for vanskelegstilte ROP
    o Retningsline for sakshandsaming av søknader om økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester
    o Rutine ved økonomisk stønad m.m.
    o Samarbeidsavtale mellom barneverntenesta i Kvam og NAV Kvam
    o Samtykkeerklæring
  • Avdeling rus og psykisk helse (Avd. ROP)
    o Styringsdokument avd. ROP
    o Struktur for samarbeid med NAV
    o Struktur for avdelingsmøte ROP
    o Skjema for inntaks- og førstesamtale ROP Kvam
    o Samtykke til samarbeid og innhenting av informasjon
    o Samarbeidsavtale mellom Barneverntenesta og Rus- og psykiatriavdelinga (ROP)
    o Resultat bruk av KOR november 2017
    o Pårørandekveld
    o Prioriteringsrettleiar for avdeling rus og psykisk helse Kvam herad
    o Oversikt over tilsette i avdeling rus og psykisk helse Kvam herad
    o Opplæring av nytilsette i ROP Kvam herad
    o Møteplan ROP våren 2018
    o Søknad om godkjenning av kurs
    o Oversikt internundervisning og rettleiing
    o Referatskjema legemøte
    o Kurs om kartlegging av sjølvmordsrisiko
    o Førstesamtale ROP Kvam
    o Møteplan – avdelingsmøte avdeling rus og psykisk helse
  • Saksopplysningar, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13

Dokument lagt fram ved tilsynet

  • Rutine økonomisk sosialhjelp, sakshandsaming etter lov om sosiale tenester
  • Informasjon om kartleggingsskjema

Korrespondanse mellom Kvam herad og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 24. januar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Informasjon om kontaktperson for tilsynet i Kvam herad, e-post av 2. februar 2018
  • Informasjon om samtalar med tenestemottakarar, e-post av 5. februar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Brev av 15. februar 2018 med vedlegg frå Kvam herad
  • Brev av 15. februar og 20. februar 2018 med vedlegg frå Kvam herad, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
  • Program for tilsynet, brev av 27. februar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Korrigeringar av program for tilsynet, e-postar mellom Fylkesmannen i Hordaland og Kvam herad 2., 3., 9. og 12. mars 2018

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøtet, og over kven som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok: Seniorrådgjevar Marta Havre Seniorrådgjevar Birthe Lill Christiansen Seksjonsleiar Anne Grete Robøle

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2017–2018 Tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Søk