Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen viser til utkast til rapport datert 10.10.2018 og tilbakemelding frå Osterøy kommune datert 29.10.2018.

Vi gjennomførte tilsyn med Osterøy kommune 03.10.2018 og 04.10.2018. Vi undersøkte om kommunen sørgjer for at helsetenester med tvang til personar utan samtykkekompetanse vert utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at pasientane får trygge og gode tenester.

Tilsynet inngår som del av dei planlagde tilsyna til Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannens konklusjon:
Osterøy kommune sørgjer ikkje for at alle tilsette i heimebaserte tenester har fått tilpassa opplæring om samtykke til helsehjelp og vilkår for å gi somatisk helsehjelp med tvang.

Osterøy kommune har ikkje avklart kven som skal vurdere og ta avgjerd om samtykkekompetanse og kven som skal vurdere og ta avgjerd om somatisk helsehjelp skal gjennomførast med tvang.

Dette er brot på:
Helse- og omsorgstenestelova § 4-1, jf. § 4-2 og forskrift om ledelse og kvalitet i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9.

For å rette lovbrota ber vi om at Osterøy kommune vurderer kva forhold som har ført til lovbrota, slik at rette tiltak blir sette i verk. Vi ber om at de innan 01.02.2019 sender oss ein framdriftsplan som gjer greie for tiltak som blir gjennomført og korleis leiinga vil følgje med på at tiltaka er eigna og fungerer. Sjå kapittel 6 i rapporten for meir informasjon.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Pasientane som tilsynet omfattar, er over 16 år, bur i eigen eigd eller leid bustad eller i omsorgsbustad og har vedtak om nødvendig helsehjelp (etter pasient- og brukarrettslova § 2-1 a, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6 bokstav a.

Pasientar som får helsehjelp i heimen, har svært ulike behov Helsehjelp i heimen blir vanlegvis gitt ved kortvarige besøk og ofte av forskjellig helsepersonell med ulik kompetanse. Mange helsepersonell på kortvarige besøk kan gjere det vanskeleg å fange opp endringar i pasientens tilstand som skjer over tid. Døme på situasjonar som kan oppstå er at pasienten ikkje ønskjer å medisin, ikkje ønskjer hjelp til personleg hygiene, eller går ut og ikkje finn heim att.

Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A gir heimel til å gi nødvendig helsehjelp med tvang slik at pasientar som set seg mot hjelpa utan å forstå konsekvensane av det, får nødvendig helsehjelp. Nødvendig helsehjelp med tvang er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av vurderingar, avgjerder og gjennomføring av helsehjelp med tvang, har mykje å seie pasienten. Feil avgjerd kan få alvorlege konsekvensar som at det blir utøvd ulovleg tvang eller at pasienten ikkje får nødvendig helsehjelp.

Vi har undersøkt om kommunen sikrar at

  • pasientens motstand mot helsehjelp blir fanga opp
  • pasientens samtykkekompetanse blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før nødvendig helsehjelp blir gitt med tvang
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstjenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 2.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Styring med helse- og omsorgstenestene
Helse- og omsorgstenestelova § 4-2 pålegg kommunen å drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette skal inngå som del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 3. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten, under dette systematisk arbeid for å vareta pasienttryggleiken. Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet. Det vil seie korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgslovgjevinga. Kravet til omfang og innhald i styringssystemet og kravet til dokumentasjon, skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha det omfanget som er naudsynt. Krava i forskrifta §§ 6 til 9 er minimumskrav. Den skriftlege dokumentasjonen skal bidra til at praksis er i samsvar med føringar som er gitt og at lovpålagte krav blir oppfylte. Oppgåver som er særleg risikofylte og eller som sjeldan blir utførte, krev meir styring i form av skriftlege rutinar enn andre mindre risikofylte oppgåver. Rutinane skal vere oppdaterte, enkelt tilgjengelege og kjende for personalet.

Nødvendig helsehjelp
Pasientar har rett til nødvendige helsetenester frå kommunen, jf. pasient- og brukarettslova § 2-1 andre ledd. Kommunen har plikt til å gi nødvendig helsehjelp i heimen, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav a.

Forsvarleg hjelp
Helsehjelpa skal vere forsvarleg, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er kommunens ansvar å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i innhald og omfang. For å oppfylle kravet til forsvarleg verksemd må kommunen organisere og leggje til rette slik at helsepersonell kan utøve si verksemd forsvarleg. Det inneber mellom anna å sørgje for tilstrekkeleg bemanning og sikre at helsepersonell har nødvendig kunnskap og ferdigheiter, og gi dei nødvendig opplæring. Kommunen skal arbeide systematisk med kvalitetsforbetring pasienttryggleik, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 4-1 og 4-2 og forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 6 til § 9. Kravet til forsvarleg verksemd inneber ikkje berre at deltenesta i seg sjølv skal vere forsvarleg, men at tenestetilbodet som heile skal vere forsvarleg, også om pasientens behov endrar seg. Kommunen skal òg leggje til rette for samarbeid, både mellom kommunens eigne deltenester og med andre tenesteytarar, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4, forskrift om lovbestemt sjukepleieteneste i kommunens helseteneste § 1 og fastlegeforskrifta § 8.

Samtykke til helsehjelp
Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelp, jf. pasient- og brukarrettslova § 4-1. Dersom pasienten ikkje har samtykkekompetanse og ikkje motset seg helsehjelpa, kan ansvarleg helsepersonell på nærare bestemte vilkår ta avgjerd om å gi nødvendig helsehjelp til pasienten. Dette følgjer av § 4-6.

Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse og motset seg helsehjelpa, kan ansvarleg helsepersonell treffe vedtak om å gi nødvendig helsehjelp etter reglane i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A dersom gitte vilkår er oppfylte.

For å kunne gi helsehjelp med tvang er det viktig at pasientens samtykkekompetanse er vurdert forsvarleg. Krav til avgjerd om manglande samtykkekompetanse er gitt i pasient- og brukarrettslova § 4-3. Det er helsepersonellet som gir helsehjelpa som skal avgjere om pasienten manglar samtykkekompetanse. Det kan vere at personell i heimesjukepleia må samrå seg med pasientens fastlege, eller at fastlegen må be om opplysningar frå heimesjukepleia for å kunne avgjere om pasienten openbert ikkje kan samtykke. Kommunen skal sørgje for at tilsette får nødvendig opplæring om vurdering av samtykkekompetanse og ha avklart kven som har ansvar for å vurdere og avgjere at pasientar som får helsehjelp i heimen openbert manglar samtykkekompetanse. Vurderinga skal vere konkret opp mot den helsehjelpa som eventuelt skal gjevast. Sentrale moment som skal inngå i vurderinga er nærare omtalt i Helsedirektoratets rundskriv IS-8/2015, sjå kommentaren til pasient- og brukarrettslova § 4-3.

Det skal vere avklart og kjent for tilsett kven som har mynde til å avgjere om pasienten manglar samtykkekompetanse. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse skal, om mogeleg, straks leggjast fram for pasienten og hans pårørande. Om pasienten ikkje har pårørande, skal avgjerda leggjast fram for anna kvalifisert personell. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse, observasjonar, vurderingar og rapporteringar som ligg til grunn for denne, skal gå fram av pasientjournalen.

Motstand mot helsehjelp - tillitsskapande tiltak
Pasienten kan gje uttrykk for motstand mot helsehjelp på ulike måtar, munnleg, blikk, ved berøring og eller fysisk åtferd. Tilsette må både ha fått opplæring i å oppdage motstand og i rutinane for korleis slik motstand skal følgjast opp, både med omsyn pasientens behov for hjelp og informasjon/rapportering til leiar, samarbeid med pårørande og fastlege og dokumentasjon i pasientjournal. Sjølv om pasienten set seg mot helsehjelpa og manglar samtykkekompetanse, kan ikkje nødvendig helsehjelp gjevast med tvang utan at det først er forsøkt tillitsskapande tiltak slik at helsehjelpa kan gjennomførast utan bruk av tvang. Kva som skal til, for om mogeleg å få pasientens tillit vil variere. Helsepersonell må ha/få god kjennskap til pasienten og tid til å klarleggje grunnane til motstand og tid nok til å tilpasse gjennomføring av oppgåvene (helsehjelpa). Tillitsskapande tiltak kan både vere tiltak i konkrete situasjonar med motstand, og tiltak som på lengre sikt kan hjelpe til at pasienten viser tillit. Tilsette må både ha fått opplæring i kva tillitsskapande tiltak kan vere/er, dei må få nødvendig informasjon om pasienten og ha kunnskap og ferdigheiter til å setje i verk tiltak som er tilpassa den enkelte. Verksemda skal òg ha rutinar for arbeidet med tillitsskapande tiltak. Leiinga skal følgje med på at etablerte rutinar er eigna, kjende og følgde. Det same gjeld rutinane for vurdering og avgjerd om manglande samtykkekompetanse, identifisering av motstand, samarbeid med pårørande og fastlege og dokumentasjon.

Vedtak om å gi somatisk helsehjelp med tvang
Dersom pasienten openbert ikkje kan samtykke og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram, eller er openbert formålslause, må vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd vere oppfylte før helsehjelpa blir gitt med tvang:

  • unnlate å gje hjelpe kan føre til vesentleg helseskade
  • helsehjelpa er nødvendig
  • tiltaka som er tenkt nytta står i forhold til behovet for helsehjelp
  • etter ei heilskapsvurdering er helsehjelpa den klart beste løysinga for pasienten. I denne vurderinga skal det leggjast vekt på graden av motstand frå pasienten og om det er grunn til å tru at pasienten får tilbake samtykkekompetansen.

Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å gjere denne vurderinga og fatte vedtak om tvungen helsehjelp etter § 4A-5 når det er aktuelt. Vedkomande skal ha fått opplæring, kjenne til og kunne vurdere vilkåra for om det er nødvendig å gje helsehjelp med tvang. I samband med denne vurderinga vil det som hovudregel vere nødvendig å innhente opplysningar frå andre, helsepersonell som observerer pasienten til dagleg og eller frå fastlege.

Vedtak om nødvendig helsehjelp med tvang som inneber eit alvorleg inngrep for pasienten, skal treffast i samråd med anna kvalifisert helsepersonell, jf. § 4A-5. Alvorlege inngrep er definert som behandling med reseptbelagte medisinar, inngrep i kroppen, rørslehindrande tiltak og innlegging i institusjon. Det skal vere rutinar for vurdering av om vilkåra i § 4A-3 6 andre og tredje ledd, under dette for innhenting av bistand frå anna kvalifisert helsepersonell. Rutinane skal vere kjende og følgde. Vurderinga av kva som er nødvendig helsehjelp og vesentleg helseskade om hjelpa ikkje blir gitt, bør gjerast i samarbeid mellom fastlege og heimesjukepleia. Kommunen skal leggje til rette for samarbeid med fastlege når helsehjelpa omfattar nødvendig medisinsk behandling (t.d. diabetes, kreft, omfattande sårbehandling). Pasientar kan ikkje bli haldne tilbake (låst inne) i eigen heim.

Velferdsteknologi
Inngripande bruk av teknologi er mellom anna teknologi som varslar andre personar når brukaren gjer eller ikkje gjer noko, til dømes står opp av senga, rører seg utanfor eit spesielt område eller ikkje tek medisinen. Det kan òg vere teknologi som sporar eller lokaliserer brukaren. Dersom slik inngripande bruk av teknologi skal brukast i samband med helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse krev det særskilt heimel i lova. Pasient- og brukarrettslova § 4-6a er ein slik særskilt heimel. Etter denne føresegna kan det på gitte vilkår treffast vedtak om varslings- og lokaliseringsteknologi som ledd i helse- og omsorgstenester til ein brukar eller pasient som manglar samtykkekompetanse og som ikkje motset seg helsehjelpa. Slike vedtak skal ikkje sendast til Fylkesmannen, men må dokumenterast i journal.

Etter § 4-6 kan ansvarleg helsepersonell på gitte vilkår ta avgjerd om bruk av medisinsk teknisk utstyr som ledd i helsehjelp, dersom pasienten ikkje motset seg tiltaket.

Dersom pasienten yter motstand mot tiltaket om varsling- og lokaliseringsteknologi eller medisinsk teknisk utstyr, må det treffast vedtak etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. I så fall skal kopi av vedtaket sendast til Fylkesmannen.

Det er leiinga sitt ansvar å sørgje for at tilsette har nødvendig kjennskap til regelverket og spesielt kva dette inneber i praksis i den daglege kontakten med pasientar og pårørande, for samarbeidet med kollegaer, leiarar og fastlegar og for rapportering og dokumentasjon.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Organisering av heimebaserte tenester
Dei heimebaserte tenestene i Osterøy kommune er organisert i sektor for helse, omsorg og sosial og er inndelt i to soner (sone nord og sone sør). Kvar sone har ein fagkoordinator som rapporterer til avdelingsleiar. Avdelingsleiar har personalansvar. (ikkje fagleg ansvar??)

Styringslina for dei heimebaserte tenestene går frå rådmannen til sektorleiar for helse, omsorg og sosial til einingsleiar for heimetenestene. Einingsleiar har delegert ansvar for økonomi, fag og personal. Fagkoordinatorane for dei to sonene i heimetenesta har utøvande stilling tre dagar i veka, og administrativ stilling to dagar i veka. Fagkoordinatorane har eit fagleg ansvar og ansvar for å lage arbeidslister/fordele arbeidsoppgåver til pleiepersonalet.

Dei heimebaserte tenestene har fått fleire nye leiarar det siste året.

Styrande dokument
Vi har motteke skriftleg rutine for informasjon til pårørande ved helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa og skriftleg rutine for retningsliner for vurdering av helsehjelp til pasientar som motset seg hjelpa, utan å ha samtykkekompetanse. Rutinane vart sist revidert i 2014.

Vi har òg fått stillingsomtalar for einingsleiar, fagkoordinator, fagansvarleg demenssjukepleiar, helsefagarbeidar/miljøarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar og assistent, som sist vart godkjent i 2014.

Stikkprøver i pasientjournalar
Vi har gjennomført stikkprøvar i 30 pasientjournalar. I 5 av journalane var det informasjon om situasjonar der pasienten hadde vist motstand mot helsehjelpa. I 2 av desse 5 journalane gjekk det fram korleis situasjonen vart løyst.

I ein journal gjekk det fram av e-melding at samtykkekompetanse var vurdert av fastlege. I ein annan journal gjekk det fram at pasienten ikkje hadde samtykkekompetanse i spørsmålet om søknad om verje. I desse to tilfella gjekk det ikkje fram på kva område pasienten ikkje hadde samtykkekompetanse. I ein tredje journal gjekk det fram at pasienten vart vurdert som ikkje samtykkekompetent på ein del område etter at vedkommande var flytta til langtidsplass i sjukeheim. For denne pasienten var det ikkje spor i journalen av at heimetenesta har vurdert samtykkekompetanse i tida før pasienten flytta til sjukeheim.

Skriftleg orientering om praksis
I den skriftlege orienteringa om praksis som vi fekk tilsendt frå heimebaserte tenester, går det fram at sjukepleiar melder til fastlege der det er spørsmål om pasienten er samtykkekompetent, og at dei opplever at fastlegane vegrar seg for å ta desse vurderingane.

Dei skriv at dei samarbeider med pårørande for å få informasjon om korleis heimetenestene skal nærme seg og gi helsehjelp til pasientane. Dei samarbeider med fastlege og spesialisthelsetenesta ved behov.

Informasjon om praksis frå intervju
I intervju fekk vi opplyst at personalet ikkje ønskjer å bruke tvang. Når pasientar ikkje ønskjer hjelp er praksis at personalet brukar god tid, dei samarbeider godt og prøver så langt som råd å gjennomføre helsehjelpa frivillig. Problemstillingar og moglege tiltak blir drøfta med fagkoordinatorane og andre kollegaer. Problemstillingar knytt til den einskilde pasient vert tatt opp i «brukar/-fagmøte». Det har ikkje vore faste slike møte den siste tida.

Det gjekk fram i intervju at personalet er usikre på kva det inneber at ein pasient manglar samtykkekompetanse. Spørsmål om samtykkekompetanse blir tatt opp og drøfta i lag med fagkoordinator. Fagkoordinator kontaktar fastlege. Det tar ofte lang tid før dei får svar frå fastlegen, og dei må ofte purre på svar. Vi fekk i intervjua opplyst at det ikkje er avklart kven som har mynde til å avgjere om pasient som får heimetenester har samtykkekompetanse.

Vi fekk ikkje opplyst i intervju og det går ikkje fram av styrande dokument for heimebaserte tenester kven som skal vurdere om det skal fattast vedtak om tvang for pasient som manglar samtykkekompetanse.

Tilpassa opplæring – somatisk helsehjelp med tvang
Det har dei siste to åra ikkje vore opplæring om regelverk og praktiske rutinar for identifisering av motstand, bruk av tillitsskapande tiltak, vurdering og avgjerd om samtykkekompetanse, vurderingar av om helsehjelpa er nødvendig og om vedtak om tvang for å gi nødvendig helsehjelp skal fattast. Nytilsette får heller ikkje slik opplæring. Problemstillingar som oppstår i konkrete situasjonar blir drøfta med fagkoordinator, avdelingsleiar og einingsleiar.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Ut frå den samla informasjonen vi har fått går det fram at ansvarsforhold om kven som skal ta vurdering og avgjerd om samtykkekompetanse ikkje er tydeleg avklart. Det er heller ikkje avklart kven som har ansvar for å vurdere og ta avgjerd av om somatisk helsehjelp skal gjennomførast med tvang. Dette, saman med mangelfull felles opplæring om regelverket om å gi somatisk helsehjelp med tvang kan innebere at motstand ikkje blir fanga opp, at samtykkekompetansen ikkje blir vurdert og at helsefaglege vurderingar av om helsehjelpa kan gjennomførast med tvang ikkje blir gjort.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Fylkesmannens peiker på følgjande:
Osterøy kommune sørgjer ikkje for at tilsette i heimebaserte tenester har fått tilpassa opplæring om samtykke til helsehjelp og vilkår for å gi somatisk helsehjelp med tvang.

Osterøy kommune har ikkje avklart kven som har ansvar for å vurdere og ta avgjerd om samtykkekompetanse og kven som skal vurdere og ta avgjerd av om somatisk helsehjelp skal gjennomførast med tvang.

Dette er brot på:
Helse- og omsorgstenestelova § 4-1, jf. § 4-2 og forskrift om ledelse og kvalitet i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at Osterøy kommune skal gjere i arbeidet med å rette lovbrot som er påpeika.

Vi ber Osterøy kommune om å gjere ei vurdering kva forhold som har medverka til lovbrota, og at de innan 01.02.2019 sender oss ein plan med nødvendige tiltak for å rette lovbrotet. Planen skal innehalde følgjande:

  • Kva tiltak som blir gjennomført
  • Korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir sette i verk
  • Korleis leiinga vil gjennomgå om tiltaka fungerer som planlagt etter at dei har fungert ei tid
  • Kommunens eigne fristar for å sikre framdrift

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Marie Mildestveit
seniorrådgjevar

 

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 18.07.2018.

Ni av dei pasientane som får heimesjukepleie, fekk invitasjon til å dele sine erfaringar og meiningar om korleis dei får medverke og om tenestetilbodet frå kommunen. Vi fekk tilbakemelding frå ein pasient.

Tilsynet vart gjennomført ved Osterøy rådhus, og innleia med eit kort informasjonsmøte 03.10.2018. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 04.10.2018.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart helse, omsorg og sosial per 24. juli 2018
  • Organisasjonskart heimeteneste per 24. juli 2018
  • Oversikt over tilsette i heimestenesta
  • Stillingsomtale – assistent i heimetenesta
  • Stillingsomtale – fagansvarleg demenssjukepleiar Osterøy kommune
  • Stillingsomtale – fagkoordinator i heimetenesta
  • Stillingsomtale – sjukepleiar
  • Stillingsomtale – vernepleiar
  • Stillingsinstruks for assistent i heimetenesta
  • Stillingsinstruks for avdelingsleiar i heimetenesta
  • Stillingsinstruks for fagkoordinator i heimetenesta
  • Stillingsinstruks for helsefagarbeidar i heimetenesta
  • Stillingsinstruks for helsefagarbeidar i heimetenesta
  • Stillingsinstruks for sjukepleiar i heimetenesta
  • Turnus heimetenesta
  • Informasjon om ansvarsfordeling og rutinar
  • Sjekkliste for opplæring av nytilsette/vikarar i heimetenesta
  • Sjekkliste for opplæring av nytilsette/vikarar i heimetenesta
  • Informasjon om tenestemottakarar
  • Informasjon om tenestemottakarar, u. off, jf. offl § 13, jf. fvl. § 13 første ledd nr. 1
  • Retningsliner for vurdering av helsehjelp til pasientar som motset seg hjelpa, utan å ha samtykkekompetanse (godkjent 20.11.2014)
  • Informasjon til pårørande: Helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa (godkjent 30.11.2009)
  • Årshjul 2018 for sektor for helse, omsorg og sosial i Osterøy kommune
  • Informasjon om dokumentasjon i journal/Cos Doc

Det vart valt 30 journalar etter følgjande kriterium: Pasientar med demenssjukdom, kognitiv svikt og hukommelsessvikt som hadde vedtak om heimesjukepleie, pasientar med demenssjukdom, kognitiv svikt og hukommelsessvikt som hadde fått heimesjukepleie og som var tildelte plass i sjukeheim. Ved stikkprøvane i journal undersøkte vi om journalen inneheldt opplysningar

  • Om motstand var observert og kva tillitsskapande tiltak som var prøvde    
  • Vurdering av om pasienten kunne samtykke, eventuelt avgjerd om at pasienten openbert ikkje kunne samtykke til somatisk helsehjelp  
  • Om fastlege var involvert i vurdering og avgjerd om manglande   samtykkekompetanse
  • Om det var gjort helsefaglege vurderingar av om nødvendig helsehjelp kunne gjennomførast med tvang og om innlegging ved tvang for å gi nødvendig helsehjelp var vurdert
  • Opplysningar som indikerte at pasient og pårørande var informerte om vurderingar om samtykkekompetanse og avgjerder om at helsehjelp skulle gis med tvang
  • Om journalen inneheld nødvendige og relevante opplysningar om det ovannemnde

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå Fylkesmannen i Hordaland

  • fylkeslege, Kristin Cotta Schønberg, revisor  
  • seksjonsleiar, Anne Grete Robøle, revisor  
  • seniorrådgjevar, Marie Mildestveit, revisjonsleiar