Rapport frå tilsyn med Stord kommune - helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding 2018
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Stord kommune 13.-15. februar 2018. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med:
Tilsynet omfatta tildelingskontoret, eining psykisk helse og rus og sosiale tenester i NAV. Vi har undersøkt om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester.
Ansvar og mynde i høve til behandling av søknader og tildeling av tenester er avklart. Samarbeidsrutinar er etablerte og det er lagt til rette for at tenestemottakarar kan få medverke ved planlegging og gjennomføring av tenester. Med unntak av funn som omtalt i kapittel 6, blei det innan dei områda tilsynet var avgrensa til, ikkje avdekt svikt i leiing og styring av tenestene.
Ved tilsynet blei det påpeikt eitt avvik: Stord kommune, eining psykisk helse og rus, gjer ikkje ei systematisk kartlegging av psykisk liding og rusmiddelproblem hos nye pasientar som dei skal gi tenester til.
Vi ber om at Stord kommune gjere greie for kva tiltak som blir gjennomførte for å rette dette avviket og korleis de vil følgje med på at endringane fungerer i praksis over tid. Fristen for tilbakemelding om tiltak for retting av avviket er 1. juni 2018.
Anne Grete Robøle revisjonsleiar
Birthe Lill Christiansen revisor
Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Stord kommune 13.-15. februar 2018. Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blir gjennomført i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 9.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom si styring og leiing, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen gjer innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.
2. Omtale av verksemda
Stord kommune har om lag 18 800 innbyggjarar. Tenestene tilsynet omfatta, er styrde i line frå rådmann til kommunalsjef og vidare til einingsleiar psykisk helse og rus og leiar for NAV Stord.
Kommunen har over tid bygd opp eit differensiert tenestetilbod og lagt til rette for at tenestene skal vere tilgjengelege og tilpassa særskilte behov som brukarane har. Tilsette har relevant fagleg kompetanse og kan få nødvendig fagleg oppdatering. Dei legg vekt på å byggje og oppretthalde relasjonar med brukarane og har ei recoveryorientert tilnærming i arbeidet. Ein tilsett i buoppfølgingsteamet har òg stilling i NAV. Brukarane får informasjon og hjelp med søknader og dei andre tilsette i teamet får betre kunnskap om tenestene som NAV tilbyr. Ved lågterskel helsestasjon kan brukarane kome utan førehandsavtale. Dei kan få reint utstyr, tilbod om mat og samtale, om dei ønskjer det.
Informasjon frå leiarar og tilsette om at dei ønskjer å gje gode tenester og samarbeide med tenestemottakarane samsvarer i stor grad med kva dei seks vi snakka med, formidla til oss.
3. Gjennomføring
Aktivitet Melding om tilsyn Stikkprøver Samtale med |
Dato 4. desember 2017 13. februar 6 tenestemottakarar |
55 journalar |
Opningsmøte Intervju Sluttmøte |
14. februar 14.-15. februar 15. februar |
19 tilsette |
Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.
5. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet er avgrensa til kommunens styring med helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV. Målgruppa er personar 18 år og eldre som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå kommunen over tid.
Tilsynet inkluderer tenestemottakarar uavhengig av kva rusmiddel dei nyttar (alkohol, legemiddel, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Dette gjeld og for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot kommunens tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon etc.). Det er ingen skilnad på om personane aktivt nyttar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for rusmiddelbruken.
Vi har undersøkt om kommunen ved helse- og omsorg og sosiale tenester i NAV
- legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
- legg til rette for samarbeid mellom kommunale einingar som gir helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
- samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
- innhentar informasjon om brukarens heilskaplege situasjon og mogelege behov for tenester
- kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding
- kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
- tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad
6. Funn
Ved tilsynet er det avdekt eitt avvik.
Avvik: Stord kommune, eining psykisk helse og rus, gjer ikkje ei systematisk kartlegging av psykisk liding og rusmiddelproblem hos nye pasientar som dei skal gi tenester til.
Avvik frå: Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 7 c, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1.
Avviket byggjer på informasjon frå intervju, gjennomgang av styrande dokument og stikkprøver i fagsystem i helse og omsorg.
- Eining psykisk helse og rus har ikkje skriftleg rutine eller ein etablert praksis for kva opplysningar som er relevante å innhente om psykisk liding og rusmiddelproblem og korleis dei innverkar på funksjon. Det blir ikkje brukt kartleggingsverktøy, eventuelt sjekkliste eller anna felles opplegg for innhenting av nødvendige opplysningar. Det enkelte helsepersonellet vurderer sjølv kva opplysningar dei etterspør og kva dei fører i pasientjournal.
- Ved stikkprøver i 33 pasientjournalar er det få samla opplysningar om pasientens rusmiddelproblem og psykiske liding. Diagnosar er unntaksvis registrerte. Det går ikkje klart fram av pasientjournal om brukar har tiltaksplan og eller ein aktiv individuell plan, og kva tid målsettingar og tiltak/tenester er evaluerte, eventuelt endra. Individuelle planar var ikkje tilgjengelege for verifikasjon.
Kommentar: Fleirtalet av tenestemottakarane har fått tenester i lengre tid og er kjende for tilsette. Det er ikkje usannsynleg at personalet har meir inngåande kunnskap om tenestemottakarane enn det som går fram av pasientjournalen. Tilsynet har ikkje haldepunkt for at nokon av dei ikkje får nødvendig helsehjelp.
Opplysningane vi fekk, tilseier at det ikkje er utarbeidd og iverksett rutinar for systematisk kartlegging av psykisk liding og rusmiddelproblem og at det ikkje er ein felles praksis for kva som skal journalførast. Dette kan medføre at relevante opplysningar ikkje er tilgjengelege for tilsette som gir tenester og for leiarar som skal følgje med på tenestene.
Eining psykisk helse og rus må sjølv ta stilling til kva faglege rutinar som er nødvendige. Tilrådingar i nasjonale faglege retningsliner er normerande, men ikkje rettsleg bindande. I tilfelle verksemder i helse- og omsorgstenestene vel ikkje å følgje nasjonale faglege retningsliner bør det vere fagleg grunngitt og dokumentert. Relevant fagleg retningsline her er Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykiske lidelser.
Utforming, gjennomføring og justering av tilbodet til den enkelte føreset at eininga som har ansvar for å yte tenestene, har tilstrekkeleg kunnskap om brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding og følgjer med på endringar.
I helse- og omsorgstenesta kan det vere kommunens tildelingskontor som først kjem i kontakt med brukaren og som byrjar kartlegginga. Ei meir inngåande kartlegging av rusmiddelproblem og psykiske liding vil som regel gå over lengre tid og parallelt med tenesteytinga. Kommunen må sørgje for at personell som skal gjere dei ulike delane av kartleggingsprosessen har tilstrekkeleg kompetanse om rusmiddelproblem og psykiske lidingar og aktuelle behov for tenester hos brukarar som har begge typar problem. Omfang og innretning av kartlegginga skal gi grunnlag for at brukaren får individuelt tilpassa tenester.
Det er ikkje krav om at kartlegginga skal vere like omfattande som i samband med diagnostisering. Kartlegginga må likevel gjerast på ein strukturert måte, ev. ved bruk av kartleggingsverktøy eigna for føremålet. Dersom det ikkje blir brukt kartleggingsverktøy, må kommunen ha eit anna opplegg som sikrar at relevant og tilstrekkeleg informasjon blir innhenta. Kartlegginga må gi nødvendige opplysningar om brukarens rusmiddelproblem (varigheit, omfang, endringa, kva rusmiddel, overdosehistorikk ved opioidmisbruk mv.) om brukarens psykiske liding (varigheit, utvikling, alvor, typiske symptom og endring/variasjon av desse mv.), og om korleis brukaren opplever at problema påverkar kvarandre og får konsekvensar for fungering i kvardagen og opplevd livskvalitet. Som ledd i kartlegginga er det viktig å få informasjon om kva oppfølging brukaren eventuelt har frå andre. Brukaren skal informerast om føremålet med kartlegginga.
På bakgrunn av opplysningane frå brukaren og anna informasjon han har samtykka til å innhente, skal det setjast opp mål og aktuelle tiltak for å nå måla. Det skal lagast plan for gjennomføring av tenestene og for evaluering av mål og tiltak. Det er ikkje eit krav at planen er eit sjølvstendig dokument. Det blir lagt til grunn at mål, tiltak og plan for gjennomføring blir dokumentert på ein slik måte at det kan nyttast som et arbeidsverktøy for tilsette og leiarar ved gjennomføring og oppfølging av tenestene.
7. Vurdering av styringssystemet
Ansvar og mynde i høve til behandling av søknader og tildeling av tenester er avklart. Samarbeidsrutinar er etablerte og det er lagt til rette for at tenestemottakarar kan få medverke ved planlegging og gjennomføring av tenester. Med unntak av funn som omtalt i kapittel 6, blei det innan dei områda tilsynet var avgrensa til, ikkje avdekt svikt i leiing og styring av tenestene.
8. Regelverk
Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova)
Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltingen (sosialtenestelova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukarrettslova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova)
Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
Forskrift av 28. oktober 2016 nr.1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
Forskrift av 20. desember 2016 nr. 1848 om pasientjournal
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1462 om individuell plan i arbeids og velferdsforvaltningen
Forskrift av 29. august 2016 nr. 1030 om habilitering og rehabilitering individuell plan og koordinator
Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
Ved dette tilsynet er kravet til forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring sentrale. Det same gjeld plikta til tilrettelegging for og varetaking av retten til informasjon og medverknad.
Plikta til systematisk styring
Kommunens plikt til styring og leiing for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift går fram av sosialtenestelova § 5. Plikta til styring av dei kommunale tenestene i NAV er nærare konkretisert i forskrifta om internkontroll i kommunalt NAV.
Kommunens ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester inneber plikt til å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift går fram av helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 tredje ledd og 4-2.
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som galdt tidlegare.
Kommunen er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring.
Forsvarleg verksemd
Kravet om forsvarleg verksemd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og sosialtenestelova
§ 4, er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gje krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.
Ved dette tilsynet er følgjande retningsline, rettleiarar og rundskriv aktuelle:
- Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser, IS-1948 frå Helsedirektoratet
- Rundskriv til sosialtenestelova frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012
- Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013. Sist endra april 2016
- Veileder til sosialtjenesteloven § 17 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014
- Sammen om mestring. Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne, Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetjenesten, IS-2076 frå Helsedirektoratet.
Pasient- og brukarmedverknad
Pasient- og brukarmedverknad er ein føresetnad for forsvarlege tenester i helse og omsorg og sosiale tenester i NAV. Tenestetilbod skal så langt som råd utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva vedkomande meiner, jf. sosialtenestelova § 42. Pasientar- og brukarar har rett til å medverke ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 første og andre ledd. Når tenestetilbod blir utforma, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6.
Samarbeid for å koordinere tenester
Samarbeid og samhandling er avgjerande for at personar med rusmiddelproblem og psykisk liding skal få forsvarlege tenester. Kravet til forsvarleg verksemd inneber at kommunens tilbod som heile må vere forsvarleg. Det er ikkje tilstrekkeleg at kommunens deltenester kvar for seg er forsvarlege. Kommunens plikt til å samarbeide med andre går mellom anna fram av følgjande føresegner:
NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå, jf. sosialtenestelova §§ 17 og 28.
Kommunen har plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre der dette er nødvendig for å tilby tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Det går fram av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 at kommunen skal leggje tenestene til rette slik at den enkelte får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod.
Den nasjonale faglege retningslina for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding tilrår at det blir laga plan for samordning og koordinering av tenester også for dei som ikkje ønskjer individuell plan.
Plikt til å dokumentere
Innhenting av opplysningar er regulert i sosialtenestelova § 43. I rundskrivet til lova, punkt
5.41.2.3 og 5.43.2.3, er det presisert at opplysningane i saka skal liggje føre skriftleg, anten dette er i form av innhenta dokument eller i søknad og andre saksdokument.
Skriftleg dokumentasjon sikrar rettstryggleiken til den enkelte og gjer det mogeleg å overprøve behovsvurderinga i saka. Oppfølginga av den enkelte skal også dokumenterast på ein slik måte at brukar kan få informasjon om dei vurderingane som er gjort undervegs, og at tilsette og leiarar ved NAV-kontoret og klage- og tilsynsmyndigheiter kan setje seg inn i og vurdere oppfølginga.
I helse- og omsorgstenestelova § 5-10 er det presisert at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema er forsvarlege. Det er kommunens ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å halde journalføringsplikta.
9. Dokumentunderlag
Opplysningar mottekne frå Stord kommune i brev av 17. januar 2018 med vedlegg:
- Organisasjonskart
- Brukerplan 2017, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
- Oversikt over leiarar og tilsette
- Delegering av avgjerdsmynde
- Stillingsomtale avdelingsleiar mottaksavdelinga/fagansvarleg kommunale tenester ved NAV Stord
- Stillingsomtale avdelingsleiar eining for psykisk hese og rus
- Kompetanseoversikt tilsette i eining psykisk helse og rus og kontaktinformasjon
- Informasjon om kven som er leiar for koordinerande eining for habilitering og rehabilitering
- Program for nytilsette NAV Stord
- Oppsøkjande tenester Stord kommune
- Mal – teiingslovnad tilsett i Stord kommune
- Instruks om bruk av IT-systema i Stord kommune og reglar for IT-brukarar
- Sjekkliste opplæring av nytilsett
- Handlingsplan 2017 for eining psykisk helse og rus
- Sosiale tenester i NAV Stord – fagutvikling
- Strategisk kompetanseplan for rehabilitering, helse og omsorg i Stord kommune
- Rapport om lokal brukarundersøking hausten 2016 ved NAV Stord
- Rapport om lokal brukarundersøking hausten 2017 ved NAV Stord
- Housing First – ei evaluering av tenestetilbodet – svar frå brukarar
- Housing First – ei evaluering av tenestetilbodet
- Sjekkliste – kartleggingssamtalen NAV
- Rutinar knytt til sakshandsaming ev økonomisk sosialhjelp ved NAV Stord kommune
- Vedtaksmal
- Rutine sakshandsaming enkeltvedtak om tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2
- Endringsmelding – endra bistandsbehov
- Rutine bruk av alarmklokke i Apalvegen bufellsskap
- Eining for psykisk helse og rus – samarbeidsrutinar nattpatruljen
- Kjøreplan leiarsamling 23. oktober 2017
- Kjøreplan medarbeidarsamling 24. oktober 2017
- Rutinar for individuell plan og utpeiking av koordinator for individuell plan i Stord kommune
- NAV – rutinar i høve dokumentasjon, tenester og vurderingar i kommunal del av NAV Stord
- Informasjon om fagsystem NAV, ved tildelingskontoret og eining psykisk helse og rus
- Notat om pågåande arbeid i eining for psykisk helse og rus
- Hugseliste for den tilsette som er blitt utsett for vald
- Rutinar knytt til overfallsalarm Heimtun
- Sjekkliste for ein leiar etter situasjon med vald
- Notat om styringssystem RHO (rehabilitering, helse og omsorg) i Stord kommune
Dokument lagt fram ved tilsynet
- Sjekkliste ved behandling av søknader om helse- og omsorgstenster
Korrespondanse mellom Stord kommune og Fylkesmannen i Hordaland:
- Melding om tilsyn, brev av 4. desember 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
- Melding om endra dato for tilsynet, brev av 6. desember 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
- Informasjon om kontaktperson for tilsynet i Stord kommune, e-post av 11. desember 2017
- Brev av 17. januar 2018 med vedlegg frå Stord kommune
- Brev av 17. januar 2018 med vedlegg frå Stord kommune, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
- Program for tilsynet, brev av 27. januar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland
- Korrigert program for tilsynet, e-post 1. februar 2018 med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland
Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøtet, og over kven som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen deltok:
Seniorrådgjevar Marta Havre
Seniorrådgjevar Birthe Lill Christiansen
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle