Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Sveio kommune 6.-8. mars 2018. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med.

Vi har undersøkt om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester.

Tilsynet omfatta tenester i Helse- og omsorg, Tildelingskontoret, sosiale tenester i NAV og avdelingane psykisk helseteneste og bu, miljø og meistring i Eining helse- og rehabilitering.

Innan dei områda tilsynet var avgrensa til og ut frå opplysningar som vi fekk, har leiinga lagt til rette for og kan følgje med på at brukarane får individuelt tilpassa og forsvarlege tenester.

Det kom ikkje fram opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

Tilsynet er avslutta.

19.03.2018

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Birthe Lill Christiansen
revisor

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Sveio kommune 6.-8. mars 2018. Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blir gjennomført i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 9.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom si styring og leiing, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen gjer innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Sveio kommune har om lag 5 650 innbyggjarar. Tenestene som tilsynet omfatta, er styrde i line frå rådmann til kommunalsjef Helse omsorg og vidare til leiar i Eining helse- og rehabilitering og NAV-leiar. Tenestekontoret er organisert i stab hos kommunalsjef.

Eining helse og rehabilitering omfattar avdelingane psykisk helseteneste, bu, miljø og meistring, medisinsk fagleg teneste, Sveio helsestasjon og fysio- og ergoterapitenesta.

For å møte behova til brukarane best mogeleg, har kommunen fleire gonger endra organisering, sist gong i 2017 ved oppretting av avdeling bu, miljø og meistring.

ROP-teamet har deltakarar frå NAV, tenestekontoret, avdeling psykisk helseteneste og avdeling bu, miljø og meistring. Jobbase er eit tilbod for unge mellom 18 og 30 år. Alle einingar i Helse og omsorg skal i løpet av 2018 ha intern revisjon.

Dei fleste av brukarane vi møtte, var i hovudsak nøgde med korleis dei får medverke og med hjelpa dei får.

3. Gjennomføring

Aktivitet

Melding om tilsyn

Stikkprøver

Samtale med

Dato

24. januar 2018

7. mars

5 tenestemottakarar

 

 

19 journalar

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

7. mars

7.-8. mars

8. mars

 

14 tilsette

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet er avgrensa til kommunens styring med helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV. Målgruppa er personar 18 år og eldre som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå kommunen over tid.

Tilsynet inkluderer tenestemottakarar uavhengig av kva rusmiddel dei nyttar (alkohol, legemiddel, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Dette gjeld og for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot kommunens tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon etc.). Det er ingen skilnad på om personane aktivt nyttar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for rusmiddelbruken.

Vi har undersøkt om kommunen ved helse- og omsorg og sosiale tenester i NAV

  • legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
  • legg til rette for samarbeid mellom kommunale einingar som gir helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • innhentar informasjon om brukarens heilskaplege situasjon og mogelege behov for tenester
  • kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding
  • kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
  • tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad

5. Funn

Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som tilseier at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

6. Vurdering av styringssystemet

Innan dei områda tilsynet var avgrensa til og ut frå opplysningar som vi fekk, har leiinga lagt til rette for og kan følgje med på at brukarane får individuelt tilpassa og forsvarlege tenester.

7. Regelverk

Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova)
Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltingen (sosialtenestelova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukarrettslova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova)
Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
Forskrift av 28. oktober 2016 nr.1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
Forskrift av 20. desember 2016 nr. 1848 om pasientjournal
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1462 om individuell plan i arbeids og velferdsforvaltningen
Forskrift av 29. august 2016 nr. 1030 om habilitering og rehabilitering individuell plan og koordinator
Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Ved dette tilsynet er kravet til forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring sentrale. Det same gjeld plikta til tilrettelegging for og varetaking av retten til informasjon og medverknad.

Plikta til systematisk styring

Kommunens plikt til styring og leiing for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift går fram av sosialtenestelova § 5. Plikta til styring av dei kommunale tenestene i NAV er nærare konkretisert i forskrifta om internkontroll i kommunalt NAV.

Kommunens ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester inneber plikt til å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift går fram av helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 tredje ledd og 4-2.

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som galdt tidlegare.

Kommunen er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring.

Forsvarleg verksemd

Kravet om forsvarleg verksemd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og sosialtenestelova § 4, er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gje krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.

Ved dette tilsynet er følgjande retningsline, rettleiarar og rundskriv aktuelle:

  • Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser, IS-1948 frå Helsedirektoratet
  • Rundskriv til sosialtenestelova frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012
  • Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013. Sist endra april 2016
  • Veileder til sosialtjenesteloven § 17 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014
  • Sammen om mestring. Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne, Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetjenesten, IS-2076 frå Helsedirektoratet.

Pasient- og brukarmedverknad

Pasient- og brukarmedverknad er ein føresetnad for forsvarlege tenester i helse og omsorg og sosiale tenester i NAV. Tenestetilbod skal så langt som råd utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva vedkomande meiner, jf. sosialtenestelova § 42. Pasientar- og brukarar har rett til å medverke ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 første og andre ledd. Når tenestetilbod blir utforma, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6.

Samarbeid for å koordinere tenester

Samarbeid og samhandling er avgjerande for at personar med rusmiddelproblem og psykisk liding skal få forsvarlege tenester. Kravet til forsvarleg verksemd inneber at kommunens tilbod som heile må vere forsvarleg. Det er ikkje tilstrekkeleg at kommunens deltenester kvar for seg er forsvarlege. Kommunens plikt til å samarbeide med andre går mellom anna fram av følgjande føresegner:

NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå, jf. sosialtenestelova §§ 17 og 28.

Kommunen har plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre der dette er nødvendig for å tilby tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Det går fram av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 at kommunen skal leggje tenestene til rette slik at den enkelte får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod.

Den nasjonale faglege retningslina for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding tilrår at det blir laga plan for samordning og koordinering av tenester også for dei som ikkje ønskjer individuell plan.

Plikt til å dokumentere

Innhenting av opplysningar er regulert i sosialtenestelova § 43. I rundskrivet til lova, punkt

5.41.2.3 og 5.43.2.3, er det presisert at opplysningane i saka skal liggje føre skriftleg, anten dette er i form av innhenta dokument eller i søknad og andre saksdokument.

Skriftleg dokumentasjon sikrar rettstryggleiken til den enkelte og gjer det mogeleg å overprøve behovsvurderinga i saka. Oppfølginga av den enkelte skal også dokumenterast på ein slik måte at brukar kan få informasjon om dei vurderingane som er gjort undervegs, og at tilsette og leiarar ved NAV-kontoret og klage- og tilsynsmyndigheiter kan setje seg inn i og vurdere oppfølginga.

I helse- og omsorgstenestelova § 5-10 er det presisert at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema er forsvarlege. Det er kommunens ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å halde journalføringsplikta.

8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Sveio kommune i brev av 13. februar 2018 med vedlegg:

  • Organisasjonskart for Sveio kommune
    o Administrativ organisering av Sveio kommune
    o Organisering Helse og rehabilitering
    o Organisering Tenestekontoret
    o Organisering NAV Sveio og informasjon om tilsette i kvar eining
  • Namn på leiarar og einingsleiarar for tenestene tilsynet omfattar
  • Informasjon om tilsette i psykisk helse, rus og miljøarbeid
  • Namn på leiar for koordinerande eining for habilitering og rehabilitering og ROP-teamet
  • Serviceerklæring for Tenestekontoret for helse- og omsorgstenester
  • Stillingsinstruks for sakshandsamar ved Tenestekontoret
  • Opplæringsplan for tilsett i Helse- og omsorg 2017-2019
  • Opplæring av nytilsette og vikarar i Psykisk helseteneste og i Bu, miljø og meistring
  • Rutine for vedlikehald av kompetanse
  • Framdriftsplan for Tenestekontoret 2018
  • Rapport frå lokal brukarundersøking hausten 2017 ved NAV Sveio
  • Modell for tenester til personar over 18 år med hjelpebehov innan rus og psykiatri
  • ROP-tverrfagleg samarbeid for rus og psykisk helsearbeid
  • Rutine for arbeidsfordeling og overføring av saker NAV
  • BTI – samhandlingsmodell Sveio
  • Rutine for rusvern NAV Sveio
  • Rusrelaterte oppgåver ved NAV Sveio
  • Rutine for økonomisk sosialhjelp NAV Sveio
  • Rettleiing til løysing av einskildproblem i NAV Sveio kommune
  • Satsar for økonomisk sosial stønad 2018
  • Sjekkliste for dokumentasjon NAV
  • Sjekkliste for behandling av søknad om sosialhjelp
  • Eigenvurderingsskjema brukarar NAV Sveio kommunal
  • Erklæring om klage NAV
  • Rutine for bistand til å skaffe midlertidig bustad NAB
  • Frivillig offentleg forvaltning av einskildpersonars økonomi
  • Hushaldningsopplysningar NAV
  • Handbok for koordinatorar
  • Samarbeid mellom koordinerande eining og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering
  • Koordinator og individuell plan
  • Søknad om koordinator/individuell plan
  • Koordinator og individuell plan opplæring av koordinatorar
  • Ansvarsgruppemøte koordinator/individuell plan
  • Samarbeid med koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i Sveio
  • Føringar for tildeling av psykisk helsetenester til personar over 18 år
  • Søknad om helse- og omsorgstenester
  • Intern prosedyre for handsaming av søknader ved Tenestekontoret
  • Sjekkliste ved melding om ny pasient
  • Samarbeid med ulike einingar og samarbeidspartnarar innan helse og omsorg (Tenestekontoret)
  • Tildeling av helse- og omsorgstenester
  • Kartleggingsskjema for psykisk helsevern, rusvern og miljøtenesta
  • Ernæring (kartlegging – Tenestekontoret)
  • Søknad om kommunal bustad
  • Retningsliner for tildeling av kommunal bustad
  • Rutine for tildeling og drift av kommunale bustader i Sveio kommune
  • Mottak av elektroniske meldingar
  • Prosedyrar E-melding
  • Informasjon om fagsystem i NAV Sveio kommunale tenester og psykisk helse og rus og miljøarbeid
  • Rutine for å dokumentere tenesteyting og vurdering i Psykisk helsetenester og Bu, miljø og meistring
  • Rutinar for å dokumentere vedtak, tenesteyting og vurderingar i den kommunale delen av NAV Sveio
  • Tilnærming og oppfølging til barn som pårørande til personar med rus- og eller psykisk liding
  • NAV Sveio og barneperspektivet
  • Overordna plan for Helse og omsorg i Sveio for 2015 -2020
  • Årsrapport 2016 Sveio kommune
  • Handlingsplan for implementering av internkontroll for Helse og omsorg
  • Leiaravtale Sveio kommune
  • Dokumentstyring for redaktørar og prosesseigarar
  • Sikring av kvalitet i saksbehandlinga (NAV)

Dokument lagt fram ved tilsynet

  • Innkomstsamtale psykisk helseteneste
  • Referat kontor-/MBA møte NAV Sveio 22. februar og 1. mars 2018
  • Rutine for gjennomføring av brukarundersøkingar i Helse og omsorg, datert 20. februar 2018
  • Rutine for gjennomføring av interntilsyn i Helse og omsorg
  • Tema interntilsyn Helse og omsorg

Korrespondanse mellom Sveio kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 24. januar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Informasjon om kontaktperson for tilsynet i Sveio kommune, e-post av 5. februar 2018
  • Informasjon om samtalar med tenestemottakarar, e-post av 5. februar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Brev av 13. februar 2018 med vedlegg frå Sveio kommune, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
  • Program for tilsynet, brev av 19. februar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland. Informasjon om korrigert program for tilsynet i e-postar mellom Fylkesmannen i Hordaland og Sveio kommune 21., 26. og 27. februar 2018

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøtet, og over kven som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok:
Seniorrådgjevar Marta Havre
Seniorrådgjevar Birthe Lill Christiansen
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2017–2018 Tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Søk