Rapport frå tilsyn med vurdering av samtykkekompetanse og bruk av tvang i Skodje kommune 2015
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvik som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Tilsynet gjaldt følgjande område:
- Om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
- Bruk av tvungen helsehjelp
- Om det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A Under tilsynet blei det avdekt to avvik:
Avvik 1:
Skodje kommune sørgjer ikkje for at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert.
Avvik 2:
Skodje kommune sørgjer ikkje for at det blir fatta vedtak med heimel i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A når det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasienten sin vilje.
Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar
Marit Vestad
revisor
Sverre Veiset
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter umeld tilsyn ved Skodje omsorgssenter i Skodje kommune den 3. juni 20151 . Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i år.
Fylkesmannen er gitt fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstjenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m. § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 5-9.
Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om dei ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
- bruk av tvungen helsehjelp
- det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A
Umeld tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varigheit. Umeld tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å leggje til rette for gjennomføringa av tilsynet. Personalet som er til stades vil ha sine daglege oppgåver å ta hand om overfor pasientane. Det umelde tilsynet blei gjennomført med samtaler og synfaring.
Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innafor det området tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Skodje omsorgssenter har 29 sjukeheimsplassar, fordelt på to avdelingar. Åtte faste plassar på skjerma avdeling og 21 lang- og korttidsplassar på sjukeheimsavdelinga. Opphaveleg er det 20 plassar på sjukeheimsavdelinga, men no blir i tillegg eit bad nytta som bebuarrom til pasient.
Våren 2015 vart skjerma eining flytta frå første til andre etasje, det er usemje om det var eit riktig val då skjerma eining no ikkje lenger har uteareal å nytte direkte frå avdelinga.
3. Gjennomføring
Det umelde tilsynet blei varsla om lag ein time før ankomst via telefon til avdelingssjukepleiar Ingeborg Honningdal. Korkje rådmannen eller einingsleiar var til stades under tilsynet, men tilsynet bad om at dei vart orientert om det etter at det umelde tilsynet var gjennomført.
Tilsynsteamet fikk orientering om status innafor området for tilsynet. Det blei orientert om at det er mange år sidan det var opplæring om tema for tilsynet, og at det er lite internopplæring i kommunen. Seks av dei tilsette ved skjerma eining har gjennomført Demensomsorgens ABC.
Tilsynsteamet snakka med:
- Avdelingssjukepleiar Ingeborg Honningdal
- Fagsjukepleiar demensavdelinga, Arnhild Rodt
- Hjelpepleiar, Jorunn Ekroll
Tilsynsteamet kontrollerte dører i skjerma eining for å undersøkje tilgjengelegheit.
Avslutningsvis oppsummerte tilsynsteamet sine funn og medelte dei til avdelingssjukepleiar Ingeborg Honningdal.
4. Kva tilsynet omfatta
Revisjonen omfatta undersøking om:
- pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
- bruk av tvungen helsehjelp
- det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A
5. Funn
Avvik 1:
- Skodje kommune sørgjer ikkje for at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
- Pasient- og brukerrettighetslova § 4-3
- Internkontrollforskrifta § 4
- Helse- og omsorgstjenestelova § 3-1
Avviket byggjer på følgjande:
Skriver heller:
- Kommunen har ikkje rutinar og/eller praksis for vurdering av samtykkekompetanse, og innhaldet i omgrepet er i varierande grad kjent.
- Leiinga har ikkje tydeleggjort for dei tilsette kven som har ansvar for å vurdere samtykkekompetansen til den enkelte pasient. Det er og usikkerheit til om samtykkekompetanse faktisk er gjort.
Kommentar:
Helsehjelp kan i utgangspunktet berre bli gjeve med pasientens samtykke. For at samtykket skal vere gyldig, må pasienten ha fått naudsynt informasjon om sin helsetilstand og innhaldet i helsehjelpa (informert samtykke). Ein føresetnad for vedtak om tvungen helsehjelp etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A er at pasienten av helsemessige årsaker er vurdert til ikkje å kunne samtykke til helsehjelpa. Det må fattast eigen avgjerd om dette, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3. Det skal gå fram på kva område pasienten ikkje er samtykkekompetent. Det er samstundes viktig at personale som har ansvar for pasienten er kjent med samtykkevurderinga og innhaldet i denne.
Avvik 2:
Skodje kommune sørgjer ikkje for at det blir fatta vedtak med heimel i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A når det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasienten sin vilje.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
- Pasient- og brukerrettighetsloven § 4A-3 sammenholdt med § 4A-5
- Internkontrollforskriften § 4
- Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1
Avviket byggjer på følgjande:
- Under synfaring kom det fram at dører i avdelinga som fører ut til fellesgang er låst med kodelås. Verandadør ut frå pasientrom er låst for å hindre at pasientane går ut. På grunn av personalressursen er det nødvendig at dører er låst for at tilsette skal kunne halde oversikt over pasientane.
- Under synfaring kom det fram at pasient blir halde tilbake på eige rom.
- Under tilsynet kom det fram at i enkelte høve blir det gjennomført hygienetiltak mot pasienten si vilje.
- Leiinga har ikkje klargjort kven som skal fatte vedtak om bruk av tvang etter pasient og brukerrettighetsloven kapittel 4A.
Kommentar:
Føremålet med pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A er å sikre naudsynt helsehjelp til aktuell pasientgruppe. Regelverket skal i tillegg førebyggje og redusere bruken av tvang gjennom særskilte sakshandsamingsregler og reglar om overprøving og kontroll.
Manglar pasienten samtykkekompetanse, og pasienten gir utrykk for motstand mot tiltaket, skal helsetenesta etter pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 annet ledd fatte tvangsvedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A, dersom øvrige vilkår for dette er oppfylt.
Det å gi helsehjelp til pasientar som motsett seg helsehjelpa er eit alvorleg inngrep i <leira sjølvråderett. For å ivareta pasienten sin rettssikkerheit er det difor viktig at det faktisk fattast vedtak om tvungen helsehjelp og at vedtaka er så grundige som mogleg.
Det følgjer av Retningslinjer frå Helsedirektoratet IS-I 0/2008 at det bare er utgangsdører og dører mellom avdelingar som kan haldast låste. Pasientar kan ikkje haldast tilbake (isolerast) på eige rom.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Fylkesmannen har avdekt svikt i styringssystemet i Skodje kommune. Kravet til internkontroll inneberer at kommunen si leiing har ansvar for å sørgje for etterleving av helselovgivinga gjennom systematisk styring og eit kontinuerleg forbetringsarbeid. I tilsynet kom det fram at leiinga i kommunen i liten grad har arbeidd med internkontrollen for den tenesta som tilsynet omfatta.
I tilsynet kom det fram at det mangla prosedyrer for kven som har ansvar for å vurdere pasienten sin samtykkekompetanse, og kven som har ansvar for å fatte vedtak om bruk av tvang dersom det er naudsynt.
Det er eit krav i internkontrollen at det klart skal gå fram korleis ansvar, oppgåver og mynde er fordelt. Kommunen si leiing har ikkje sørgja for å ha prosedyrer, slik at tenesta kan utførast i tråd med gjeldande regelverk. Mangelfulle rutinar knytt til vurdering av samtykkekompetanse og bruk av tvang, kan ha alvorlege konsekvensar for den einskilde pasient.
Mangelfull oversikt over områder og manglande prosedyrer kan medføre ulik praksis og tilfeldige tenester. Fylkesmannen ser alvorleg på at kommunen si leiing vel å styre tenesta på ein slik mangelfull måte. Det kan medføre at ei sårbar gruppe ikkje får dei tenestene som er naudsynt i høve den einskilde sine behov.
7. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
- Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
Følgende forskrifter vil også være sentrale ved tilsynet:
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
- Forskrift av 21 . desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
- Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
Frå tilsynsorganet deltok:
Revisjonsleiar/sosionom Aase Årsbog Dyrset, revisor/psykiatrisk sjukepleier Sverre Veiset og revisor/jurist Marit Vestad