Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Tilsynet gjaldt følgjande område:

  • Om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • Bruk av tvungen helsehjelp
  • Om det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A

Under tilsynet blei det ikkje avdekka avvik eller gjeve merknad.

Dato: 05.03.2015

Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar/sosionom
Thomas Sørflaten
revisor/jurist

Sverre Veiset
revisor/psykiatrisk sjukepleier

 

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter umeld tilsyn ved Sulatunet den 10. februar 2015. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen er gjeve fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenestene etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenester m.m. § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 5-9.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Umeld tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varigheit. Umeld tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å leggje til rette for gjennomføringa av tilsynet. Personalet som er til stades vil ha sine daglege oppgåver å ta hand om overfor pasientane. Det umelde tilsynet blei gjennomført med samtaler og synfaring.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sulatunet har 48 plassar, 28 langtidsplassar og 20 plassar til korttidsopphald/ rehabiliteringsopphald, fordelt med 10 i på kvar avdeling. Heimebuande personar med demens kan komme til korttidsavdelinga på opphald.

På tidspunktet for tilsynet vart det opplyst at det var personar med demens på langtidsavdelinga men det vart ikkje nytta tvang i høve til desse pasientane. I kommunen er det bokollektiv for personar med demens. Tilsynet var ikkje kjent med dette under planlegging av tilsynet.

Sulatunet har fokus på tillitsskapande tiltak og dei har besøkshund, Dexter. Eigar og besøkshunden Dexter har gruppesamlingar, og hunden blir i tillegg brukt til å motivere bebuarane til å stå opp og trene, og andre tillitsskapande tiltak

Sulatunet har som praksis at samtykkevurdering blir gjort ved innkomst til institusjonen og elles ved behov.

3. Gjennomføring

Det umelde tilsynet blei varsla om lag ein time før ankomst via telefon til driftsleiar Grethe Juul Molvær. Ho orienterte rådmanen og tilsette ved sjukeheimen om tilsynet.

Varsel om tilsyn blei levert til driftsleiar Grethe Juul Molvær og gjennomgått saman med henne.

Tilsynsteamet fikk ei orientering om status innafor området for tilsynet. Det blei orientert om at tilsette  fikk opplæring om demens for ei stund sia, og at temaet demens blir teke opp til diskusjon når det er aktuelt, det vil seie når det er personar med demens inne på institusjonen.

Ved mistanke om demens blir det gjort ei vurdering av samtykkekompetanse og dokumentert i Gerica. Dersom det er openbart at vedkommande er samtykkekompetent blir det ikkje vurdert og dokumentet i Gerica.

Tilsynsteamet snakka med:

  • Driftsleiar ved Sulatunet, Grethe Juul Molvær
  • Avdelingssjukepleiar korttidsavdelinga Line Bjørnevik
  • Sjukepleiar, Melanie Lindsholm
  • Hjelpepleiar, Britt Rånes
  • Sjukepleiar, Marthe Alnes

Tilsynsteamet kontrollerte dører i korttidsavdelingane for å undersøkje tilgjengelegheit.

Avslutningsvis oppsummerte tilsynsteamet sine observasjonar og medelte desse til driftsleiar og avdelingsleiar ved korttids-/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet.

4. Funn

Det blei ikkje funne avvik eller gjeve merknad ved tilsynet.

Det blei opplyst at dei tilsette hadde fokus på tillitsskapande tiltak. Tilsynet møtte fornøgde tilsette og dei ga uttrykk for at bemanninga ved institusjonen var tilstrekkeleg.

5. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter

Følgende forskrifter vil også være sentrale ved tilsynet:

  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
  • Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie

Frå tilsynsorganet deltok:
Revisjonsleiar/sosionom Aase Årsbog Dyrset, revisor/psykiatrisk sjukepleier Sverre Veiset og revisor/jurist Thomas Sørflaten