Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika som blei påpeikt innanfor dei områda som blei reviderte. Tilsynet omfatta følgjande områder:

  • Om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • Bruk av tvungen somatisk helsehjelp
  • Om det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A

Tilsynet avdekte to avvik, og det vart ikkje gjeve merknad.

  • Fræna kommune har ikkje eit system som sørger for at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert
  • Fræna kommune har ikkje eit system som sørger for at tilsette har tilstrekkeleg kunnskap om vilkåra for bruk av tvang

Dato: 02.03.2017

Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar

Sverre Veiset
revisor

 

Thomas Sørflaten
revisor

 

 

1 Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter eit ikkje varsla tilsyn ved Farstad omsorgssenter den

11.01.2017. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen idette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsrogstjenester m.m. § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 5-9.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll.

Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • bruk av tvungen somatisk helsehjelp
  • det er fattet vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A

Eit ikkje varsla tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varigheit. lkkje varsla tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å leggje til rette for gjennomføring av tilsynet. Personalet som er til stades vil ha sine daglege oppgåver å ta hand om overfor pasientane. Det ikkje varsla tilsynet blei gjennomført med samtalar, innsyn i elektronisk pasientjournal og synfaring.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller itråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller itråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Fræna kommune har om lag 9.700 innbyggjarar. Farstad omsorgssenter er eit av tre omsorgssenter/sjukeheim i kommunen, og har 22 langtidsplassar til eldre som treng heildøgns pleie og omsorg.

3. Gjennomføring

Det ikkje varsla tilsynet vart varsla om lag 45 minutt før ankomst via telefon 'til styrar Tone Male Vestad. Ho var ikkje tilstade, men formidla meldinga om tilsyn til Farstad omsorgssenter og kommunen si leiing.

Tilsynsteamet vart tekne imot av spesialsjukeplar Line Marie Laumann, sjukepleiar Tone Venaas og kommunalsjef Arild Kjersem på Farstad omsorgssenter ..

Tilsynsteamet fekk ei orientering om status innanfor området for tilsynet. Det vart gjennomført synfaring på institusjonen.

Tilsynsteamet snakka med:

  • spesialsjukeplar Line Marie Laumann
  • sjukepleiar Tone Venaas
  • kommunalsjef Arild Kjersem
  • helsefagarbeidar Camilla Farstad
  • hjelpepleiar Bente Male
  • pleiemedarbeidar Aina Nautnes

Tilsynsteamet kontrollerte dører i institusjonen for å undersøke tilgjengelegheit. Avslutningsvis oppsummerte tilsynsteamet sine observasjonar og meddelte disse til spesialsjukepleiar Line Marie Laumann.

4. Funn

Avvik l:

Fræna kommune har ikkje eit system som sørger for at pasienten sin samtykkekompetanseblir vurdert

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
Pasient- og brukarrettigheitslova § 4-3, jf. § 3-5, helse- og omsorgstenesteloven § 3-1 tredje ledd og § 4-1 første ledd bokstav c, jf. Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsrogstjenesten § 6

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er liten kjennskap til om samtykkekompetanse blir vurdert.
  • Det er lite kjennskap til om dei pasientane det blir ytt helsehjelp til har samtykkekompetanse eller ikkje.
  • Det er uklar kvar ein finn opplysningar om samtykkekompetanse er vurdert.
  • Det er uklart kven som skal vurdere pasientane sin samtykkekompetanse.
  • Det er ikkje kjent om det er utarbeid rutinar for vurdering av samtykkekompetanse.
  • Verksemda har ingen skriftlege rutinar for vurdering av samtykkekompetanse.
  • Ved gjennomgang av journal går det fram at samtykkekompetanse ienkelte høve er vurdert utan at det er kjent for alle tilsette.
  • I dei høve pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert, går det ikkje til ei kvar tid fram kva som ligg til grunn for avgjerda.

Kommentar:
Hovudregelen er at personar over 16 år har samtykkekompetanse i helsemessige spørsmål jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 4-1.Samtykkekom'petanse er ein føresetnad for å velje sjølv og for å kunne gi eit gyldig samtykke. Ein person sin samtykkekompetanse kan bortfalle på grunn av fysiske eller psykiske forvirring, senil demens eller psykisk utviklingshemming,dersom det er openbart at personane ikkje er istand til å forstå kva eit samtykke omfattar. Av Pasient- og brukerrettighetsloven § 4-6 kven som da kan samtykke på vegne av personen. Eit slik bortfall av samtykkekompetanse skal grunngjevast skriftleg og leggast fram for pasient/pårørande itråd med reglane i pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 tredje ledd. Det er samtidig viktig at personale som har ansvar for pasienten er kjent med samtykkevurderinga og innhaldet i denne, ettersom det kan vere dei som må samtykke til helsehjelpa på vegne av pasienten.

Dersom pasienten motsett seg helsehjelp vil det ikkje lenger være heimel i pasient- og brukerrettighetslova § 4-6 til å yte helsehjelp, men det kan da vere aktuelt å nytte reglane i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A.

Formålet med pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A er å sikre nødvendig helsehjelp til aktuell pasientgruppe. Regelverket skal itillegg førebygge og redusere bruken av tvang gjennom særskilte sakshandsamingsreglar og reglar om overprøving og kontroll.

Avvik 2:

Fræna kommune har ikkje eit system som sørger for at tilsette har tilstrekkeleg kunnskapom vilkåra for bruk av tvang. 

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
Helse- og omsorgstenesteloven § 3-1tredje ledd og § 4-1 første ledd bokstav c, jf. Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse og omsorgstjenesten § 6 og pasientjournalforskriften § 8. Pasient- og brukarrettigheitslova § 4A-3 annet og tredje ledd og § 4A-5.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er uklart kven som skal/kan fatte vedtak om bruk av tvang.
  • Det er ikkje kjent om det er rutinar for bruk av tvang.
  • Det er ikkje utarbeid skriftlige rutinar for bruk av tvang etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A

Kommentar:
Tvungen helsehjelp er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av dei vurderingar og avgjerd som blir teke, har stor betydning for den enkelte pasient. Uriktige avgjerdsler på dette feltet gir alvorlege konsekvensar, anten at det vert utøvd ulovleg tvang eller at pasient med manglande samtykkekompetanse ikkje får naudsynt helsehjelp. Risikoen for å ta uriktige avgjerdsler vil kunne reduserast dess bedre førebudd verksemnda og det enkelte helsepersonell er på ulike situasjonar.

Det å gi helsehjelp til pasientar som motsett seg helsehjelpen er eit alvorleg inngrep i deira sjølvråderett. For å ta hand om pasienten sin rettstryggleik er det difor viktig at det faktisk fattast vedtak om tvungen helsehjelp, at vedtakene er så grundige som mogleg,og at innhaldet gjerast kjent for tilsette som yter helsehjelp til pasienten.

Kommunen skal planlegge, organisere og leggje til rette for at kommunen, helse- og omsorgstenesten, samt at helsepersonellet kan oppfylle krava fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 3-1. Kommunen skal leggje til rette tenesta slik at helse- og omsorgstenesta og personell som utfører tertestane blir istand til å overhalde sine lovpålagte plikter.

Det skal ifølge «Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten» settas iverk systematiske tiltak som sørger for at tenestene som ytast planleggast, utførast og vedlikehaldast isamsvar med krav fastsett ieller i medhald av lov og forskrifter. Internkontrollen inneberer at den ansvarlege for verksemda skal sørge for å ha oversikt over dei tilsette sin kompetanse og behov for opplæring innanfor det aktuelle fagfeltet dei arbeider på jf. Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 6 bokstav f.

5. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
  • Lov av 24. juni 2011nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter.

Følgende forskrifter vil også være sentrale ved tilsynet:

  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene.
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal.
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg.
  • Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie.

Fra tilsynsorganet deltok:
Revisjonsleiar/sosionom: Aase Årsbog Dyrset, revisor/psykiatrisk sjukepleiar Sverre Veiset og revisor/jurist Thomas Sørflaten