Rapport frå tilsyn med vurdering av samtykkekompetanse og tvungen helsehjelp Midsund kommune 2017
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
- Bruk av tvungen somatisk helsehjelp
- Om det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A
Tilsynet avdekte eit avvik, og det vart ikkje gjeve merknad.
- Midsund kommune har ikkje eit system som sørger for at helsehjelp blir vurdert opp mot regelverket i pasient- og brukarrettighetslova kapittel 4A.
Dato: 02.03.2017
Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar
Thomas Sørflaten
revisor
Sverre Veiset
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter eit ikkje varsla tilsyn ved Midsund sjukeheim den 19.01.2017. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året
Fylkesmannen er gjeve fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m. § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 5-9.
Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
- bruk av tvungen helsehjelp
- det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A
Eit ikkje varsla tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varigheit. lkkje varsla tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å leggje til rette for gjennomføringa av tilsynet. Personalet som er til stade vil ha sine oppgåver å ta hand om overfor pasientane. Det ikkje varsla tilsynet vart gjennomført med samtalar, innsyn i elektronisk pasientjournal og synfaring.
Rapporten omhandlar avvik som er avdekte under tilsynet og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av verksemda innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller itråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller itråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Midsund er ein øykommune med øyane Otrøy, Midøy, Dryna, Magerøy og Tautra, og ligg sørvest for Molde i Møre og Romsdal fylke. Midsund kommune har om lag 2000 innbyggjarar.
Midsund sjukeheim har 26 plassar fordelt på tre avdelingar; Fjellstua, Havstua og Solstua. Solstua er ei skjerma avdeling med 10 plassar for brukarar med demensdiagnose.
Målsettinga for avdelinga er å skape eit miljø for bebuarar som prøver å normalisere opplevinga av seg sjølv i samspel med andre, samt trening som bidrar til at bebuarane i størst mogleg grad bevarer sin identitet, sin eigenverd og sitt sjølvstende.
3. Gjennomføring
Det ikkje varsla tilsynet vart meldt om lag ein halv time før ankomst via telefon. Fylkesmannen hadde utfordringar med å varsle tilsynet, da det var vanskeleg å nå fram på telefon. Rådmannen sørga for at dei rette personane vart orientert.
Varsel om tilsyn vart gjennomgått med sjukepleiar Marthe Nygård.
Tilsynsteamet fekk orientering om status innanfor området for tilsynet. Tilsynsteamet snakka med:
- Sjukepleiar Marthe Nygård
- Helsefagarbeidar Terese Oyo Adok
- Omsorgsfagarbeidar Liv Janne Eikebø
Tilsynsteamet kontrollerte dører ut frå Solstua for å undersøkje tilgjengelegheit.
Avslutningsvi s oppsummerte tilsynsteamet sine funn og formidla desse til sjukepleiar Marthe Nygård.
4. Funn
Avvik 1
Midsund kommune har ikkje eit system som sørger for at helsehjelp blir vurdert opp mot regelverket i pasient- og brukarrettighetslova kapittel 4A.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
Helse- og omsorgstenesteloven § 3-1 tredje ledd og § 4-1 første ledd bokstav c, jf. Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse og omsorgstjenesten § 6 og pasientjournalforskriften § 8. Pasient- og brukarrettigheitslova § 4A-3 annet og tredje ledd og § 4A-5.
Avviket byggjer på følgjande:
- Det er uklart kven som skal/kan fatte vedtak om bruk av tvang.
- Det er uklart om det er rutinar for bruk av tvang.
- Det er ikkje utarbeid skriftlige rutinar for bruk av tvang etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A.
- Dører ut frå avdelinga er låst utan at tiltaket er vurdert opp mot reglane i kapittel 4A.
- Dører ut til verandaer/sansehage er låst med nøkkelvrider og elektronisk lås. Brytar til elektronisk lås er plassert høgt oppe på veggen og skjult bak gardin. Dette er ikkje vurdert opp mot reglane i kapittel 4A.
- Port ut frå sansehage er låst utan at det er vurdert opp mot reglane i kapittel 4A.
- Det er montert døralarmar utan at det er vurdert opp mot reglane i kapittel 4A.
Kommentar:
Tvungen helsehjelp er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av dei vurderingar og avgjerd som blir teke, har stor betydning for den enkelte pasient. Uriktige avgjerdsler på dette feltet gir alvorlege konsekvensar, anten at det vert utøvd ulovleg tvang eller at pasient med manglande samtykkekompetanse ikkje får naudsynt helsehjelp. Risikoen for å ta uriktige avgjerdsler vil kunne reduserast dess bedre førebudd verksemnda og det enkelte helsepersonell er på ulike situasjonar.
Det å gi helsehjelp til pasientar som motsett seg helsehjelpen er eit alvorleg inngrep i deira sjølvråderett. For å ta hand om pasienten sin rettstryggleik er det difor viktig at det faktisk fattast vedtak om tvungen helsehjelp,at vedtakene er så grundige som mogleg, og at innhaldet gjerast kjent for tilsette som yter helsehjelp til pasienten.
Kommunen skal planlegge, organisere og leggje til rette for at kommunen, helse- og omsorgstenesten, samt at helsepersonellet kan oppfylle krava fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 3-1. Kommunen skal leggje til rette tenesta slik at helse- og omsorgstenesta og personell som utfører tenestane blir i stand til å overhalde sine lovpålagte plikter.
Det skal ifølge «Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten» settast iverk systematiske tiltak som sørger for at tenestene som ytast planleggast, utførast og vedlikehaldast i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov og forskrifter. Internkontrollen inneberer at den ansvarlege for verksemda skal sørge for å ha oversikt over dei tilsette sin kompetanse og behov for opplæring innanfor det aktuelle fagfeltet dei arbeider på jf. Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 6 bokstav f.
5. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
- Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
Følgende forskrifter vil også vere sentrale ved tilsynet:
- Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
- Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
Frå tilsynsorganet deltok:
Revisjonsleiar/sosionom Aase Årsbog Dyrset, revisor/psykiatrisk sjukepleier Sverre Veiset og revisor/jurist Thomas Sørflaten