Rapport frå tilsyn ved Sunnmørsheimen - landsomfattande tilsyn 2018
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje avdekt lovbrot. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Sunnmørsheimen den 2018-05-02 til 04.05.2018. Vi undersøkte om Sunnmørsheimen sørgjer for at barna får forsvarleg omsorg og at førebygging, gjennomføring og oppfølging av tvang blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barna får trygge og gode tenester. Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.
1. Tema og omfang for tilsynet
Fylkesmannen skal sjå til at barn får forsvarleg omsorg og behandling i barnevernsinstitusjon, jf. forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjonar. I dette tilsynet har vi særleg sett på om institusjonen gjev forsvarlege tenester ved
- at den har tydelege rammer som sikrar at det er trygt for barna
- at barna får stabil og god kontakt med vaksne
- at institusjonen arbeider for å forebygge all bruk av tvang og innskrenking av barna sine rettar
- at tvang i akutte faresituasjonar blir gjennomføre i samsvar med regelverket
- at bruk av tvang og avgrensingar blir følgt opp i samsvar med regelverket
Fylkesmannen har også undersøkt om barna får medverke i alle situasjonar der dei har rett til det. I dette ligg både at barna får god informasjon, at dei får gje utrykk for synspunkta sine og får være med å bestemme så langt det let seg gjera.
2. Aktuelt lovgrunnlag
Fylkesmannen skal etter § 2-3 b i barnevernlova føre tilsyn med barneverninstitusjonar. Eit tilsyn er kontroll med at verksmeda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov og forskrift og vi gjev difor ei oversikt over lovkrava som ligg til grunn for dette tilsynet.
Institusjonane sitt ansvar for å gje barna forsvarleg omsorg er slått fast i «Rettigheitsforskriften» § 1: «Institusjonens ansvar for å gi forsvarlig omsorg innebærer blant annet å gi beboerne vern og beskyttelse, tydelige rammer for å sikre trygghet og god utvikling, oppfølging av skole- og opplæringstilbud og fritidsaktiviteter, stabil og god voksenkontakt, opplevelse av mestring og å bli sett og hørt, samt å lære beboerne respekt og toleranse. Hva som er å anse som forsvarlig omsorg vil blant annet avhenge av beboerens alder og modenhet og formålet med plasseringen.»
Barn som bur på barneverninstitusjon har rett til å få omsorga dei treng frå institusjonen i foreldra sin stad. Dette inneber mellom anna at institusjonen må beskytte barna så dei ikkje blir utsett for fare. Institusjonen må og sikre at barna ikkje skadar kvarandre eller utset andre for fare. Institusjonen kan innskrenke barna sin sjølvråderett og personlege fridom om det er naudsynt mellom anna for å sikre dette.
Tenester og tiltak etter barnevernlova skal vera forsvarlege, jf. barnevernloven § 1-4. Det må fastsetjast konkret i kvar sak kva dette inneber ut i frå ei vurdering av anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Det går fram av barnevernlova § 4-1 at det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Kravet til forsvarlege tenester må difor også sjåast i samanheng med dette prinsippet.
Barnet sin rett til å medverke er fastsett i barnevernlova § 4-1 andre ledd og forskrift om medverknad og tillitsperson. Dette er og presisert nærare i «rettigheitsforskriften» § 7 og i forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar § 9. Medverknad inneber både at barnet må få tilstrekkeleg informasjon, få høve til å kome med sine synspunkt og at barnet sitt syn må bli vurdert og tillagt vekt i samsvar barnet sin alder og mogning.
Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar § 10 fastset at institusjonane skal styre slik at oppgåver blir utført i samsvar med lovkrava. Det er god forvaltningsskikk å sørge for tilstrekkeleg dokumentasjon slik at ein til ei kvar tid kan gjera greie for kva som er gjort og kva som er grunnen til dette. Dokumentasjonsplikta er også ein naturleg følgje av kravet om forsvarleg praksis og plikta til internkontroll.
Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i institusjonar § 1 stiller krav om at institusjonane skal ha ein institusjonsplan. Institusjonen skal her både gjera greie for korleis dei fyller krava i regelverket og kva som er institusjonen sine mål, målgruppe og metodikk. I § 5 første ledd er det sett krav til bemanninga og til kva slags kompetanse institusjonen må ha. Stillingsplanen må altså til ei kvar tid sikre forsvarleg bemanning vurdert opp i mot institusjonen si målgruppe, målsetting og metodikk.
Det er gitt reglar om barn sine rettar under institusjonsopphaldet og om kva institusjonen kan setja i verk av tvang og avgrensingar både i barnevernloven § 5-9 og i «rettigheitsforskriften». § 14 i «rettigheitsforskriften» handlar om tvang i akutte faresituasjonar. Reglane her bygger i hovudsak på dei alminnelege reglane om nødrett og nødverge i straffelova. Dette inneber mellom anna at det i enkelte akutte situasjonar er lovleg å utføre handlingar som elles ville ha vore ulovlege når det er klart at det ikkje er andre handlingsalternativ.
§ 12 i «rettigheitsforskriften» stiller krav om at institusjonane må arbeide systematisk for å førebygge at barn blir utsett for unødvendige tvang - både generelt og i konkrete situasjonar. Når det har vore brukt tvang, har institusjonen plikt til å gå gjennom episoden for å ivareta barnet. Leiar for institusjonen skal i tillegg gå gjennom situasjonen for å vurdere om det må gjerast endringar for å unngå tilsvarande bruk av tvang i tida framover. Bruk av tvang skal dokumenterast i samsvar med reglene i «rettigheitsforskriften» § 26.
3. Faktagrunnlag
På bakgrunn av dei opplysingane vi har fått i tilsynet, legg vi følgjande fakta til grunn:
Sunnmørsheimen er ein statleg barneverninstitusjon. Målgruppe for institusjonen er barn som er plassert etter §§ 4-24 og 4-26 i barnevernlova og avgrensa til «ungdom med alvorlege åtferdsvanskar - låg risiko for vidare negativ utvikling». Det overordna målet for institusjonen er å hjelpe ungdommane til å endre sitt utfordrande åtferdsmønster. Institusjonen er organisert i Funksjon 4 i BUFetat region Midt.
Sunnmørsheimen har to avdelingar del av avsnitt fjernet med til saman 9 plassar. Begge avdelingane er relativt nybygde (i 2014 og 2015) del av avsnitt fjernet Einingsleiar og avdelingsleiarar på dei to avdelinga ne utgjer leiinga for institusjonen. Alle har relevant fagkompetanse. Institusjonen har ekstern rettleiing både for leiarteamet og for personalet.
Det er totalt 29,8 stillingar ved Sunnmørheimen. Bortimot 70 % av dei tilsette har relevant sosial- og barnevernfagleg kompetanse. Resten av personalgruppa har i stor grad annan relevant fagutdanning. Det er ein del permisjonar og turnover i personalgruppa. Det blir gjennomført ein omfattande prosess når nye medarbeida rar skal rekrutterast for å sikre at nye tilsette både har rett kompetanse og kan gå inn i arbeidsmåtane på institusjonen.
Avdelingsleiarane deltek i overlappingane i avdelingane og gjev intern rettleiing. Det er fagmøte for alle tilsette kvar veke. I tillegg er det møte i team og med enkelte tilsette etter behov. Institusjonen har plan for kompetanse og opplæring der ein mellom anna har gjort greie for omstillinga som institusjonen har gått gjennom sidan målgruppeavklaringa i 2014.
Alle barna som blir plassert på Sunnmørsheimen har vore vurdert av NIT (nasjonalt inntaksteam). Før inntaket gjer institusjonen i tillegg ei eiga vurdering av om dei kan gje eit forsvarleg tilbod til det konkrete barnet. Dette er definert som «forvern» og skal også sikre at barna har noko informasjon om institusjonen og har møtt enkelte personar før dei flyttar dit.
Sunnmørsheimen nyttar ulike faglege metodar i arbeidet. Institusjonen opplyser at dei også arbeider med kultur, haldningar og menneskesyn. Institusjonen legg stor vekt på å ha ei open haldning til barna og at dei skal delta i så mange samanhengar som mogleg. Sunnmørsheimen samarbeider med Forandringsfabrikken i prosjektet «Mitt Liv». Institusjonen har bestemt at det ikkje skal vera eigne «husreglar» el.I. for barna, men normale forventningar om døgnrytme, innetid, måltid o.l. som i «vanlege familiar».
Alle barna har to særkontakter. Barna kan sjølv velje den eine særkontakten. Ein av desse går alltid gjennom vedtak og tiltaksplan saman med barnet ved inntaket. Dette blir gjort fleire gonger undervegs for å forsikre seg om at barna forstår formålet med opphaldet.
Personalet dokumenterer kvar dag i journalen kva slags handlingar som er utført for å nå måla i arbeidet med barnet.
Personalet ønskjer å vera tilgjengelege for barna og arbeider mest mogleg med opne dører. Barna kan delta på dei fleste møta og det er nå opna for at dei også kan vera med på delar av overlappingsmøta. Barna deltek møte i ansvarsgrupper og institusjonen førebur desse møta saman med barna. Det er innført rådsmøte for alle tilsette og barna ein gong for månaden.
Avsnitt fjernet
Del av avsnitt fjernet Institusjonen har eit system for å informere barna om kven som skal kome på jobb del av avsnitt fjernet
Avsnitt fjernet
Sunnmørsheimen har vore gjennom ein inngripande omstillingsprosess dei siste åra der ein har gjort klare valg for å endre arbeidsmåtane. Tvang har vore eit av fleire viktig tema i denne prosessen. Institusjonen har nå avklara at tvang ikkje skal nyttast i andre situasjonar enn der det er fare for liv og helse. Skjermingsromma i begge avdelingane er avvikla og blir nytta til andre formål. I si rutine for «skjerming» legg institusjonen opp til andre strategiar. Her går det mellom anna fram at institusjonen skal utarbeide «tryggheitsplan» der ein på førehand har avtala med barnet korleis vanskelege situasjonar kan taklast for å unngå tvangsbruk.
Avsnitt fjernet
Fylkesmannen fekk mykje informasjon om dei formelle styringssystema i organisasjonen. Det kom fram i intervju at det eksisterer eit system for å rapportere som i liten grad var i bruk. Det vart også formidla at leiinga er tett på og til ei kvar tid hadde god kunnskap om kva som skjer i avdelingane. Institusjonsleiinga stadfesta dette og ga uttrykk for at det også er tett, uformell kommunikasjon mellom ansvarleg direktør på regionkontoret og einingsleiar.
4. Vurdering
Det var stor grad av samsvar mellom det barna fortalte, det tilsette og leiinga formidla i intervju og informasjonen i saksmapper og i dokumentasjonen om institusjonen. Eit hovudinntrykket i dette tilsynet er difor at informasjonen vi fekk trekte i same retning.
Avsnitt fjernet
Stabil og god kontakt med vaksne
Fylkesmannen vurderer at institusjonen gjennomfører ei rekke aktivitetar som skaper trygge rammer for barna. Vi vil her spesielt trekke fram arbeidet som blir gjort før barna flytter til institusjonen og at det generelt er stort fokus på å involvere barna og for å sikre openheit og gode relasjonar mellom barna og personalet.
Avsnitt fjernet
Førebygging av tvang
Førebygging av tvang i behandlinga av barna har vore eit viktig tema i den omstillingsprosessen som er gjennomført på Sunnmørsheimen. I dette tilsynet kom det fram at dei tilsette på alle nivå både har reflekterte haldningar til tvang og kunnskap om kva dei kan gjera for å førebygge at slike situasjonar oppstår. del av avsnitt fjernet Etter Fylkesmannen si vurdering er dette indikatorar på at omstillinga er så godt implementert i organisasjonen at ein i stor grad har lykkast med å førebygge bruk av tvang.
Sunnmørsheimen har utarbeidd rutinar for tvang i akutte faresituasjonar del av avsnitt fjernet
del av avsnitt fjernet Ved fullt belegg kan ein sjå for seg at arbeidet med å førebygge tvang vil kunne møte større utfordringar. Leiinga var merksame på denne risikoen. Sidan førebygging av tvangsbruk er eit gjennomgåande trekk i organisasjonen, vurderer Fylkesmannen at institusjonen har gode føresetnader for å møte slike utfordringar.
Avsnitt fjernet
Styring
Sjølv om vi fekk informasjon om eit rapporteringssystem som i liten grad var i bruk, fekk Fylkesmannen inntrykk av at institusjonen sine verktøy for å styre verksemda i stor grad vart opplevd som nyttige. Fylkesmannen vurderer at institusjonen sin møtestruktur og interne kommunikasjon i tillegg ga inntrykk av at leiinga hadde god oversikt over institusjonen.
5. Fylkesmannen sin konklusjon
Fylkesmannen har ikkje avdekt brot på lovkrava for dei tema som vart undersøkt i dette tilsynet.
Med helsing
Alv Walgermo (e.f.)
utdanningsdirektør
Heidrunn Avdem
Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
Kopi:
BARNE-, UNGDOMS- OG FAMILIEDIREKTORATET
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
Varsel om tilsynet vart sendt 09.03.2018. Før tilsynet hadde vi kontakt med institusjonsleiar Bjørnar Hunnes på telefon og mail for å planlegge gjennomføringa. Tilsynet vart gjennomført ved Sunnmørsheimen og inn leia med eit kort informasjonsmøte den 02.05.2018. Vi gjekk gjennom funna frå tilsynet i eit oppsummerande møte den 04.05.18.
Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:
- Brev frå einingsleiar datert den 04.18.18
- Institusjonsplan for Sunnmørsheimen
- Bemanningsplan for Sunnmørsheimen
- Kontrollskjema for årleg kontrollav statlige, private og kommunale barnevernsinstitusjoner og omsorgssentre
- Kompetanse- og opplæringsplan for Sunnmørsheimen Ungdomsheim 2018 - 2019
- Rutinar for følgjande område: Brukarmedverknad, særkontakter, avgrensing i bevegelsesfridom, tvang i akutte faresituasjoner, bruk av tvangsprotokoll og skjerming
Del av avsnitt fjernet I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte:
Tabell over deltaker fjernet
Desse deltok frå Fylkesmannen:
Seniorrådgivar Liv Aasen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, revisor Rådgivar Ingvild Eriksen Mittet, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, revisor Seniorrådgivar Heidrunn Avdem, revisjonsleiar
Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet
2018 Barneverninstitusjoner – forsvarlig omsorg
Tilsynsrapporter fra hvert enkelt tilsyn