Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor <lei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område: Kommunal barnevernsteneste sitt arbeid med barn som bur i kommunale fosterheimar.

Tilsynet såg på følgjande undertema:

  • Oppfølging og kontroll av situasjonen til barnet i fosterheimen
  • Barnets medverknad
  • Råd og rettleiing til fosterforeldre
  • Oppfølging av biologiske foreldre

Det vart ikkje funne avvik eller påpeikt merknader under dette tilsynet.

Dato: 13.6.14

Espen Bjorli
revisjonsleiar

Jorunn Ødegårdstuen og Randi Irene Midthaugen
revisorar

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nord-Fron kommune i perioden 28.1.14 - 3.6.14. Revisjonen går innsom ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Oppland dette året, og er ein del av et landsomfattende tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Kommunen er organisert etter ein 2-nivå modell (rådmannsleiinga består av adm. sjef og 4 kommunalsjefar - 15 virksomheitsområde). Barneverntenesta er organisert under Barn- og Familieavdelinga i Nord-Fron kommune. Barn- og Familieavdelinga har felles verksemdsleiar som har overordna økonomisk og administrativt ansvar, samt personalansvar.

Barneverntenesta har fagleiar i tenesten. Tenesten rapporterer at dei har 4,5 tilsette, inkludert ein merkantil medarbeidar. Personalgruppa er stabil og det blir opplyst at de tilsette trivst.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 28.1.14 . Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt ikapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei ikkje halde.

Opningsmøte blei halde 7.5.14.

Intervjuer

5 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det var gjennomgang av 9 saksmapper.

Sluttmøte blei halde 8.5.14.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet gjaldt kommunen sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheim. For å kontrollere om barneverntenesta nøye ogjamnleg følgjer med utviklinga til barn som er plassert i fosterheim, undersøkte ein desse tilhøva:

  • Oppfølging og kontroll av barnet sin situasjon i fosterheimen
  • Korleis barnet har fått medverke
  • Råd og rettleiing til fosterforeldra

5. Funn

Tilsynet fann ikkje grunnlag for å konstatere brot på barnevernlova. Tilsynet fann heller ikk:je tilhøve i barneverntenesta sitt arbeid med å følgje opp barn i fosterheimar som tilseier at det er fare for at det vil utvikle seg til brot på lovkrav. Det vart derfor ikk:je gjeve korkje avvik eller merknader.

6. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barns rettigheter
  • Lov om barneverntjenester
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift om fosterhjem
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester

7. Dokumentunderlag

Før revisjonen hadde vi fått tilsendt følgjande dokumentasjon om verksemda:

  • Barneverntenesta i Nord-Fron sin internkontroll med informasjon om organisering av tenesta, ansvarsområde, delegasjon og relevante rutinar.
  • Oversikt over personell som har oppgåver tilknytta til dei områda som er omfatta av tilsynet.
  • Årsmelding, den delen som omhandler barnevernstenesta.
  • Liste over 9 barn som kommunen har plassert i fosterheimar, med klientnummer, alder, heimel for plasseringa og når barnet blei plassert.

Under revisjonsbesøket gjekk vi gjennom følgjande dokumentasjon:

  • Utvalde dokument i saksmappene for 9 fosterbarn

Det ligg elles føre noko korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen m.a. om program og den praktiske gjennomføringa av tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:
Randi Irene Midthaugen, Jorunn Ødegårdstuen og Espen Bjorli

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2013-14 Oppfølging av barn i fosterhjem

Søk etter tilsynsrapporter

Søk