Klepp kommune avslutning av sjølvmeldingstilsyn 2015
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen viser til tilsynsrapport av 10.12.2015 og følgjebrev av 14.12.2015.
Som det går fram av rapporten og følgjebrevet ble det konkludert med at kommunen ikkje oppfylte krava i folkehelselova om det løpande oversiktsarbeidet,j f. folkehelselova § 5.
Kommunen har i brev datert 20.01.2016 og 20.05.2016, gjort greie for at det nå er sett i verk fleire planmessige, konstruktive og konkrete tiltak for å retta opp manglar som blei avdekka i sjølvmeldingstilsynet. Kommuneleiinga har mellom anna sett inn tiltak for å styrka og sikra eigenkontrollen på området. Det er innført rutinar for regelmessig rapportering til leiinga.
Ved dette tilsynet blei det konstatert at kommunen ikkje oppfylte lovkrava om å ha eit systematisk løpande oversiktsarbeid Tilsynsmyndigheita har vurdert tiltaka som er satt i verk som tilstrekkelige og gode. Tilsynet er derfor avslutta.
Me takkar for eit godt samarbeid under tilsynet.
Dato: 13.06.2016
Med helsing
Ashild Vistnes van der Veen
konst. avdelingsdirektør
Helge A. Haga
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrift.
Saksbehandlar: Helge A. Haga
Kopi til:
Statens Helsetilsyn Postboks 8128 Dep. 0032 Oslo