Kvitsøy kommune avslutning av sjølvmeldingstilsyn folkehelse 2015
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen viser til tilsynsrapport av 10.12.2015 og følgjebrev av 14.12.2015.
Som det går fram av rapporten og følgjebrevet ble det konkludert med at kommunen ikkje oppfylte krava i folkehelselova om det løpande oversiktsarbeidet, jf. folkehelselova § 5.
Kommunen har i e-post datert 12.05.2016 og 21.06.2016, gjort greie for at det nå er sett i verk fleire planmessige, konstruktive og konkrete tiltak for å retta opp manglar som blei avdekka i sjølvmeldingstilsynet. Kommuneleiinga har mellom anna sett inn tiltak for å styrka og sikra eigenkontrollen på området. Det er innført rutinar for regelmessig rapportering til leiinga.
Ved dette tilsynet blei det konstatert at kommunen ikkje oppfylte lovkrava om å ha eit systematisk løpande oversiktsarbeid. Tilsynsmyndigheita har vurdert tiltaka som er satt i verk som tilstrekkelige og gode. Tilsynet er derfor avslutta.
Me takkar for eit godt samarbeid under tilsynet.
Med helsing
Helge A. Haga
seniorrådgjevar
Astrid Aadland
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikke underskrift.
Saksbehandler: Astrid Aadland