Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 15.12.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Det går fram av svarskjemaet at kommunen har sagt opp delavtalen om akuttmedisinsk kjede med Helse Førde. Fylkesmannen gjer merksam på lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 6-1, «Plikt til å inngå samarbeidsavtale». Viviser óg til både gammal og ny (frå 01.05.2015) akuttmedisinforskrift der § 4, «Samhandling mellom de akuttmedisinske tenestene» seier at: «De regionalehelseforetakene og kommunene skal sikre en rasjonell og koordinert innsats i de ulike leddene i den akuttmedisinske kjeden, å sørge for at innholdet i disse tjenestene er samordnet med de øvrige nødetatene, hovedredningssentralene og andre myndigheter.»

Ny akuttmedisinforskrift trer i kraft 1. mai 2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.

Balestrand kommune må sikre samhandling mellom eigne og helseføretaket sine akuttmedisinske tenester i samsvar med khol § 6-1 og akuttmedisinforskrifta § 4. Fylkesmannen ønskjer informasjon om korleis kommunen vil gjere dette innan 15.06.2015.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Beate Tollefsen
rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Balestrand legesenter
Statens helsetilsyn