Bremanger kommune sjølvmeldingstilsyn med akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus 2014
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 05.11.2015.
Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2
Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.
Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har Fylkesmannen vurdert at vi vil avslutte tilsynet utan vidare oppfølging.
Vi har merka oss at kommunen som ein del av kvalitetsarbeidet blant anna har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse for legevakt og utarbeidd overordna beredskapsplan.
Fylkesmannen er kjent med at legevaktordninga i kommunen er endra etter at de svarte på skjemaet. Det kom ny akuttmedisinforskrift i mars 2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane.
Med helsing
Per Stensland
fylkeslege
Beate Tollefsen
rådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi til Statens helsetilsyn