Gaular kommune sjølvmeldingstilsyn med akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus 2014
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 03.12.2014.
Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2
Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.
Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har kommunen avdekka at det manglar skriftlege rutinar for opplæring og øving i akuttmedisin og for bruk av helseradio. Kommunen har sett frist for å utbetre dette til 20.02.2015.
Vi ber om at kommunen innan 20.05.2015 sender oss kopi av rutinane som er utarbeidd ogskisserer korleis kommunen vil følgje med på at dei skriftlege rutinane samsvarer med praksis, slik at vi kan avslutte tilsynet i Gaular kommune.
Det kom ny akuttmedisinforskrift i mars 2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane.
Med helsing
Per Stensland
fylkeslege
Beate Tollefsen
rådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi til Statens helsetilsyn