Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 13.11.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser vi at

  • kommunen ikkje har rutinar for å sikre at legevaktsentralen vert driven forsvarleg. Når kommunen ikkje klarer å skildre rutinar/innarbeid praksis for å sikre forsvarleg drift er dette ikkje i samsvar med kravet
  • kommunen ikkje har (oppdaterte) skriftlege prosedyrar eller innarbeidd praksis for korleis de skal lære opp nye legar i akuttmedisinske tenester i kommunen eller i bruk av helseradioen

I «plan for retting» skriv kommunen at prosedyre for bruk av helseradio skal utarbeidast innan desember 2014 og oppdatering av prosedyrar for opplæring av nytilsette legar skal skje frem til mars 2015.

Vi ber om at kommunen innan 01.06.2015 sender oss ein rapport om korleis avvika er retta og korleis kommunen vil følgje med på at rutinane og praksis er i samsvar med regelverket, slik at vi kan avslutte tilsynet i Høyanger kommune.

Det er komme ny akuttmedisinforskrift som trer i kraft 1. mai 2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015.

Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.

23.04.2015

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Beate Tollefsen
rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn